10 meter
Hald deg borte, ikkje nærare
Du framande, du merkelege
Du – så mørk og – skummel
Eg fryktar deg
Kjenner hjarta slå – du er ein brann
5 meter
Det er nasa di, og huda
Du ser så annleis ut
Og håret, ja, håret
Som natt og dag, du og eg
Framande bølgjer, framande linjer
2 meter
Er det smilet ditt? Eller fingrane?
Er det auga som liksom lyser, kvite
midt i alt det mørke?
Er det
blikket ditt, som søker mitt?
1 meter
Smilerynkene dine krøllar seg
Om auga
Om munnen
Formar huda til eit landskap
Eg kjenner det att – eg har sett det
før
I min eigen spegel
0,1 meter
Porene i huda di
Augevippene
Augebryna
Dei små blodårene som bankar
på innsida av handledda dine
Fingeravtrykket
Iris
Vi er så like, eg og du
Eg ser ikkje lenger forskjell
0 meter
Eg kan dele sjela mi med deg
Opne opp, løfte ut, smelte saman
La deg vere ein del av meg sjølv
Ein ven, ein eg elskar
Ein som er med meg, ein tanke
Eit sakn
I kvar fiber, i kvar sene
Eg kan elske deg
Du framande