Vi har feirer i år, vi har 30-årsjubileum!!
Tenk at vi har halde på så lenge, og vi er framleis ein aktiv klubb!
Vi har hatt mange store arrangement opp gjennom åra, og no når vi har jubileum, så ynskjer vi å markere dette.
Eit jubileumstreff med utstilling vart då naturleg for oss å lage til, for vi ynskjer å dele gleda med andre å arbeide med stoff i mange fargar.
Vi har "ope hus" på Stårheim i Stad kommune søndag 30.mars kl 11-17, med utstilling i Stårheim kyrkje og kafe og butikkar i ungdomshuset rett ved sida av.
Det er inga påmelding, og gratis inngang begge plassar, så no håper vi på at mange tek turen innom denne dagen. Invitasjon er sendt ut til quiltelag i nordre del av Vestland fylke og Møre og Romsdal, men vi når nok ikkje ut med invitsjon til dei som ikkje er knytt til noko lag. Så difor denne invitasjonen til alle andre også!
Her er plakaten som vi har laga, treng du meir informasjon så er det berre å ta kontakt med oss!
Tlf. til leiar Torunn F. Utnes: 95924701
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar