søndag, april 25, 2010

Lys gul...

Ja, lyse gule er desse nye bruktfunna mine...hmm Eg er vel framleis ikkje HEILT sikker, men eg synes dei er ganske fine! Litt uvant med lys gul (no må eg vel mala den knall gule saken eg har på kjøkkenet...). Uansett har eg leita etter nye kjøkkenstolar ganske enkelt fordi dei gamle, som var godt brukt før dei vart mine..syng på siste verset...

No har eg to som er like den EINE svarte eg hadde frå før..men pytt kjekt å blande fargar...fint òg. Eller??


No gledar eg meg berre skikkeleg til byggeplanane våre vert sett ut i livet (nye teikningar kom i dag)! Her på kjøkkenet, for eksempel blir spiseplassen skubba 4 meter ut! Jippi! Snart har me god plass til alle mann rundt bordet! Og då er det jo viktig at me har nok stolar...hihi




Som vanleg etter middag i dag, fekk eg lyst på noko godt...(er visst ei slags sjukeleg last eg lir av...grrr). Og som ei oppvarming til englandsturen eg og eldstejenta skal på om ei vekes tid, ville eg bake scones...fant ei oppskrift på nett (men huskar ikkje kvar). Desse var kjempegode! Til og med mannen i huset lika dei (og det er ikkje vanleg...)...knallgode med smør og syltetøy.

Oppskrift:

300g kveitemjøl
2 ts bakepulver
80 g smør
1 1/4 dl mjølk
60 g sukker
2 egg

Eg blanda alt saman i kjøkkenmaskina (eg smelta ikkje smøret), og klappa til slutt ut deigen og trykte fine kaker med hjerteform...

Nam...


fredag, april 23, 2010

"Nytt" bad

Eg fortalde at eg sist helg hadde malt badet og her kjem det nokre raske kikk. Øvst ser det korleis badet såg ut før, ein litt gulna beige farge på veggane. Badet trengde absolutt ein liten oppfrisking...på neste bilete har eg byrja skru ned ting og tang...

PS for dei som lurar på om dette er eit lite gjestetoalett...hmm så er det faktisk hovudbadet i huset vårt. Knøtt lite, men akkurat passe!
(Dusjen er altså i andre kroken...hihi)

Her er badet nymalt!! Eg er kjempeletta over at det gjekk så fort (kanskje ikkje rart for det er så lite??).
Fargen heiter Gråmynte (og er altså grå), den same som eg har på både kjøkkengolv, trapp og to soverom...



Eg mala like godt skapet på veggen òg...synes det passa best med kvitt. Var eigentleg tenkt å byte det ut, men det får duge til eg finn eit superdupert på loppis ein eller anna gong...

Synes det var litt spesielt å vise fram doen på bloggen min, men det var i dette tilfelle uunngåeleg, haha. Håpar eg har noko anna litt koselegare å vise neste gong!

Godt alt som er gjort!
Ha ei flott helg!!

tysdag, april 20, 2010

Litt smått og brukt..

Eg veit det er smått med blogging for tida, men i helga vart det ho mor sjølv (altså meg..) som låg nede for "telling". Neidå, ikkje såå alvorleg, men likevel nok til at eg fekk meg ein dag i seng denne veka òg...Trur det gjorde godt! For i dag er eg i full sving att.

Kom på at eg måtte vise dykk dei fine tallerkane eg kjøpte på Fretex i Åsane for ei tid sidan. Dei er små og brune, akkurat store nok til frokost (eller kake..). Dei hadde 6 stk, og det var eg kjempeglad for! Har leita leenge etter litt fleire små tallerkar. Då eg fant dei fine brune glasa vart eg minst like glad, for dei passa perfekt!
Det fine bestikket har eg samla ei stund, det er ikkje ekte skaugum-bestikk altså...men "berre" plast i skaftet. Eg synes uansett dei er veldig fine, no manglar eg berre knivane i det settet...

Synes det er spennande å leite seg fram og ikkje minst finne litt her og litt der...


Desse skålene fant eg i ein anna bruktbutikk.

Må vel seie at fargen i dag er brun...Og eg som berre for få år sidan synes det var uapetittleg å ete frå brunt service..hihi
(Likar framleis ikkje å drikke av koppar som er mørke inni..då men...)


For dei som er oppteken av merke her inne, så fant eg ingen skikkeleg merker på verken fat eller skåler...

I den "friske" delen av helga mala eg badet, og bilete av det kjem snart. Må berre få på plass ting og tang der inne fyrst. Herleg med litt forandring i heimen!

Håpar du har ei frisk veke!
...det håpar nemleg eg at eg får.

PS må nytte sjansen til å gratulere min vaksne gut med 19-års dagen i dag!!!
(vask hybelen, for i morgo kjem me på besøk med pakker..hihi)

onsdag, april 14, 2010

Litt forskjellig...

Eg er litt tom for idear akkurat for øyeblikket, og det ber bloggen litt preg av...tok kameraet ein runde i huset og knipsa. Eg må ærleg innrømme at det ikkje var særleg mange fine motiv...
Difor kjem ein lett blanding av dei eg synes eg kunne bruke i dag.

Været har vore så utruleg fint og det inspirerte meg til å vaske alle vindauge innvendes og utvendes (med utruleg god hjelp frå vetla trultemor..hihi..)

Eg hengde faktisk opp nye gardiner som eg prøvde å ta bilete av, men det gjekk ikkje...vart mykje styggare på bilete, synes eg. Kanskje det betyr at dei ikkje skal henge særleg lenge? Ofte må eg venne meg til det nye litt før eg likar det..men eg veit ikkje...
Ville difor ikkje vise gardiner her i dag. Eg er igrunnen ikkje så oppteken av gardiner og aller helst er eg utan, men i stova er det så mykje innsyn og så store glas at noko MÅ liksom vera der...

(boksen på bilete over er ein Pringles-chips boks med Blafre papir rundt, smart, enkelt og fint)

Men elles kan de tru me har kosa oss i dag! Med litt vatn på hageslangen putlar velta trultemor så utruleg kjekt og lenge rundt, fyller på vatn i alle kannner og bøtter, tømmer ut att og vatnar blomar (som ikkje er der enno vel og merke...). Det er faktisk utruleg kor mykje arbeid ein kan få til med litt vatn...



Og der sat eg i sola, med nyvaska vindauge og kaffi i beste-koppen, kan ein ha det betre?!

Håpar dagen din var varm og fin òg!

søndag, april 11, 2010

Ei kjekk helg..


Då var brått denne helga over. Sol frå knallblå himmel har på ingen måte lagt ein dempar på helga! Sååå kjekt å endeleg få kjenna sola varme! Me treng det sårt her i vår vetle avkrok, me er heilt utan sol i bygda i nesten 3 fulle månader...og no skin sola på huset mitt i nesten 5 timar om dagen!

Me har leika i hagen, gått på tur og vore til fjells i helga. Og som de ser så har eg fått nye koppar! Jippi! Knallfine krus frå Tine K. Home... Ho har berre så mykje fint. Ikkje visste eg at dei selde Tine K-produkt på Home and Cottage på Gullgruven i Bergen!
Men NO veit eg det...


Desse er mørke brune striper på, dei ser nesten svarte ut på bileta...
Og når eg drikk kaffi i hagen, må dokkemor få kjeks i ei skål...


I dag har me vore på tur på hytta til svigers ...Den ligg laangt inne på fjellet og snø-scooter må til for å få med oss vetlatrulto.

SÅ lite snø har eg aldri sett det har vore der før!

Korleis me har hatt det på fjellet i dag, lar eg heller bileta seie for meg...


Hårteigen, vegvisaren på Hardangervidda...



Me leve leeenge på ein slik fin tur!
Raude og gode i kjakane møter me ei ny veke...

Ha ei fin veke alle saman!

torsdag, april 08, 2010

Dykk i arkivet...

Når det einaste "nye" på interiørfronten er ein pinne, ja så forstår de kanskje kvifor det har vore litt stille her i det siste? Haha...
Eg veit ikkje heilt, men det finnes jo så masse moderne kunst, og denne pinnen er på ein måte min versjon...enn så lenge..
Eg likar igrunnen berre ein heilt blank vegg òg eg, men det verkar som folk flest synes eg burde hatt noko på veggen?? Kanskje eg ein gong finn DET ultimate bilete..kven veit, men til då (iallefall ei lita stund) står det ein pinne her..

Me som driv å tek bilete i tide og utide har ofte eit "hav" av bilete i arkivet, det har altså eg..av alt mogeleg. I ettermiddag tok eg eit djupdykk i mappa for mars i fjor...og då kom eg på at me hadde konfirmant i fjor vår! Innbydelsane såg slik ut:

Kanskje ikkje så profesjonelle, men høgst personlege..hihi..
Så fant eg desse nyyydelege nellikane. Utruleg kor fine nellikar eigentleg er, ein undervurdert blom!

Lappeteppet mitt var nesten ferdig, det skulle eigentleg bli eit langtidsprosjekt og bli kjempestort, men med mitt tolmod vart det berre akkurat passeleg..

Så fant eg denne skjønne dokkemora...eitt heilt år mindre enn no..
Utruleg kor tida går.


Då håpar eg verkeleg at fotoapparatet skal finne nokre fine motiv snart! Eg må berre prøve å sjå meg rundt...

Takkar forresten for alle de supre bloggevenner som legg att kommentar hjå meg!! Eg er innom alle som ein...(ikkje så flink å kommentera...men skal prøve å skjerpe meg...)

Ha ein fin kveld!

onsdag, mars 31, 2010

Godt for auga...

Eg synes eg nesten kan ete desse blomane...hihi. Dei ser ut som godis i mine auger...
Neidå eg har ikkje tippa heilt over, men blomane er fine! Akkurat desse er gule og no står dei på trappa vår saman med fine påskeliljer.

Ein jafs av desse knoppane..hihi..nam..
Godt at ikkje dokkemor kan lese enno, for det kan jo hende dei er giftige...



Litt lite spennande å fortelje i dag, men me nyt framleis påsken i fulle drag. Sjølv om den faktisk akkurat er begynt i dag! Det er deilig vårvær her hjå oss, eg og dokkemor har gått ein langt tur i skog og mark i dag.

Ha det fint så lenge!

søndag, mars 28, 2010

Påskefri!


Påsken hjå oss har starta akkurat som den skulle! Me har mala påskeegg slik planen var, dokkemor fekk frie tøylar i fargevalet og jammen vart det ganske så fint!


Egga ligg i ei skål til pynt, men kanskje me heng dei opp litt seinare...

Nedanfor ser de korleis malinga utvikla seg, me hadde berre 5 egg, så måtte me finne papir å male på...når mor snudde seg for å røre i kakaoen (og sjølvsagt knipse bilete av egga...hihi) hadde dokkemor fyrst mala "neglelakk" på alle ti fingrar (!), legg merke til rosa neglelakk på fyrst bilete, så starta ho med maling av HEILE handa...

Tjihi...eg kan jo ikkje anna enn le...godt at fotoapparatet var innom rekkevidde...



"Busken" på bordet var tidlegar i gangen, og på den heng litt av fjorårs-påskepynten...


Denne staslege gjengen med harepus i front og dei litt meir sjenerte kyllingane bak, er nye av året. Dei flytta inn etter siste dag i barnehagen...Dokkemor var sååå stolt over produksjonen! Mor og far er sjølvsagt heilt einige! So søte...

I går rakk me ein liten tur til fjells. Fyrste skikkelege ski-tur på dokkemor... Sjølv om me ikkje gjekk så langt, var det nyydeleg å kome opp i påskesola! Med litt pølser på grillen og kakao i sekken gjorde turen underverk for alle...


Me håpar sjølvsagt på fleire turar til fjells. Men i dag har det vore vaske-dag hjå oss... med sola som inspirator, vaska me heile huset, fekk vårlufta inn og saman med reine senger blir det nok ein super kveld!

Ha ein fin kveld du òg!



onsdag, mars 24, 2010

Fine fargar...


Eg har for ei tid sidan vore på butikken Patina på Evanger (forresten driven av mi gode syster og to veninner av ho...). Der hadde dei fått mykje fint og nytt, blant anna frå House Doctor. Desse to fine boksane var blant tinga eg kjøpte med meg, og eg angra ikkje eitt sekund! Dette er super oppbevaring for blant anna bunadsutsyr. Rommer akkurat både skjorte, forklede og bringeklut. Så ser dei jo nydelege ut då...og det hjelper jo...


Knallfine fargar synes eg.



For deg som skimta nokre søte små pakker på fyrste bilete, er dei til ein nybakt 3-åring me kjenner. Papiret kjem frå Panduro.

Eg og dokkemor har fri i dag og gått ein lang tur ute i det fine vår-vêret. Det er heilt utruleg kor fort det vart vårleg, når snøen forsvann! No leitar me etter livsteikn på bakken og høyrer fuglane som syng. Alt er så mykje lettare, dokkemor kan både sykle og trille dokkevogn etter vegen.

Og det beste av alt er at det snart er Påskeferie! Har planar om påskegg-maling seinare i dag...

I morgon fortset eg mi travle veke...men UTRULEG godt med eit pusterom i dag.
Ynskjer alle der ute ein fin dag!

søndag, mars 21, 2010

Heimelaga knekkebrød...

Helga vår har vore avslappande og herleg! Trass litt grått vær med tunge skoddeskyer så luktar det VÅR ute! Inne har me baka litt, eller eg har prøvd ei ny oppskrift. Eg har høyrt så mykje om heimelaga knekkebrød, men aldri funne ei oppskrift som verkeleg freista. Men når eg fekk denne av ei god venninne såg eg med ein gong at desse måtte verta gode. Masse frø er hemmelegheiten...
Her kjem oppskrifta:

Sunne knekkebrød


1 dl kruskakli
3,5 dl havregryn
3,5 dl sammalt rugmel
1 dl linfrø
1dl valnøtter
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 ts salt
7 dl vann

Ha alt i ein bolle og rør saman. Røra skal vera klissete. Trykk deigen utover ei/eller to steikbrett, slik at dei blir passeleg tjukke.

Steik knekkebrøda i 10 min på ca 180 grader, ta ut brettet og rull over med ein pizzaskjærar el kniv, slik at du får dei passeleg store, steik dei vidare i ca 30 min. Vips! knallgode og sunne knekkebrød!

Smakar nyydeleg med både godt smør og brunost, eller prim og syltetøy...hihi...


Då eg kom heim frå jobb fredag, stod det ein stooor flott bukett med tulipanar på stovebordet! Gjett om eg vart glad! Det passa heilt perfekt å starte med litt påskefeiring på forskudd, då varer påsken så utruleg mykje lenger...
På den måten vart det litt sol hjå oss denne helga! Om ikkje ute, så inne...


Håpar de har hatt ei fin helg der ute, eg går ei veeeldig travel veke i møte, så no sit eg å ladar opp med litt inspirasjon frå bloggverda - då er eg betre rusta til å møte veka...hihi

Snakkast snart...