1935
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kategoriar |
Innhaldsliste |
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- Charles Francis Richter og Beno Gutenberg publiserte forsking som la grunnlag for Richters skala, ein skala for å måla jordskjelv.
- 13. januar: I ei folkerøysting i Saar ville om lag 90 % sameinast med Tyskland.
- 24. januar: Den fyrste ølboksen i verda vart seld i Richmond i Virginia.
- 26. februar: Radar vart demonstrert for fyrste gong.
- 16. mars: Adolf Hitler erklærte at Tyskland ville rusta opp, i strid med Versailles-traktaten.
- 15. september: Nürnberglovane fekk verknad i Tyskland, tyske jødar tapte statsborgarskapa sine.
- 24. oktober: Italia gjekk inn i Etiopia i ein okkupasjon som skulle vara til 1941.
[endre] Noreg
- Jarnbanelina Nesttun-Osbanen vart nedlagd.
- 20. mars: Johan Ludwig Mowinckel si tredje regjering gjekk av.
- 20. mars: Sosialisten Johan Nygaardsvold blei statsminister for ei mindretalsregjering av Arbeidarpartiet.
[endre] Fødde
- 4. januar: Floyd Patterson, amerikansk boksar
- 8. januar: Elvis Presley, amerikansk rockesongar og skodespelar
- 24. januar: Mona Malm, svensk skodespelar
- 11. februar: Gene Vincent, amerikansk rockemusikar
- 26. mars: Mahmoud Abbas, palestinsk politikar og regjeringsleiar
- 6. april: Elisabeth Rehn, finsk politikar
- 13. april: Thorbjørn Berntsen, norsk politikar
- 19. april: Dudley Moore, britisk skodespelar
- 25. april: P. James E. Peebles, amerikansk astronom
- 4. juni: Lars Lönnroth, svensk litteraturvitar
- 21. juni: Françoise Sagan, fransk forfattar
- 6. juli: Tenzin Gyatso, Dalai Lama for tibetanske buddhistar
- 9. juli: Wim Duisenberg, nederlandsk politikar, fyrste leiar for den europeiske sentralbanken
- 11. juli: Oliver Napier, nordirsk politikar og jurist
- 30. august: John Phillips, amerikansk musikar, medlem av The Mamas and the Papas
- 11. september: Bjørg Vik, norsk forfattar
- 13. september: Arvo Pärt, estisk komponist
- 1. oktober: Julie Andrews, britisk skodespelar, songar
- 12. oktober: Luciano Pavarotti, italiensk operasongar, tenor
- 8. november: Alain Delon, fransk skodespelar
- 17. november: Toni Sailer, skilaupar (alpint) frå Austerrike
- Valerio Adami, italiensk kunstmålar
[endre] Døde
- 15. mars: Johan Ramstedt, svensk statsminister april-august 1905
- 22. mars: Alexander Moisiu, albansk/austerriksk teaterskodespelar
- 12. mai: Josef Pilsudski, polsk militær og politikar
- 15. mai: Kasimir Malevitsj, russisk kunstmålar, grunnleggjar av suprematismen
- 17. mai: Paul Dukas, fransk komponist
- 21. mai: Jane Addams, nobelprisvinnar frå Sambandsstatane
- 3. juli: André Citroën, fransk bilkonstruktør
- 12. juli: Alfred Dreyfus, fransk offiser, kjend for å bli spionasjedømd og seinare frikjend
- 29. august: Astrid av Sverige, dronning av Belgia
- 6. november: Henry Fairfield Osborn, amerikansk paleontolog og geolog
- 4. desember: Johan Halvorsen norsk komponist, dirigent og musikar
- 21. desember: Kurt Tucholsky, tysk journalist og satirikar
- 24. desember: Alban Berg, komponist frå Austerrike
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>