Krig
Krig er ei alvorleg, valdeleg konflikt mellom to eller fleire partar. Desse konfliktane kan oppstå over land, ideologiar, tilgang til makt, ressursar eller rikdom, eller ei blanding av desse.
Krigar oppstår gjerne mellom grupper som definerer seg som ulike, til dømes mellom statar, folkegrupper, tilhengjarar av ein særskilt religion eller ideologi, eller liknande.
Det oppstår stadig krigar ulike stader i verda, og det kan ta svært lang tid før konfliktane tek slutt. Det kan sjå ut som om krigar er noko som kjem med jamne mellomrom der fleire menneske er samla. I følgje Platon er det nødvendig å føra krig for å utvikla ein sivilisasjon; me må ta ressursar frå andre. Denne koplinga mellom krig og samfunn er sjølvsagt omdiskutert, særleg sidan ein krig som oftast verkar øydeleggjande for alle partar.
Ein krig treng minst to partar. Dersom berre ei av sidene bruker vald, dreier det seg «berre» om undertrykking. Ein invasjon fører derfor bare til krig om dei som blir okkuperte gjer opprør.
[endre] Klassifisering
Ulike typar krig, som ofte kan gå over i eller utvikla seg frå kvarandre.
Krigstype | Motpartar |
Verdskrig | Alliansar av land over heile verda |
Religionskrig | Representantar for ulike religionar eller ulike sekter av ein religion |
Territoriekrig | Vanlegvis to statar |
Sjølvstendekrig | Maktgruppa i eit land og innbyggjarar som ønskjer sjølvstende |
Borgarkrig | To eller fleire grupper innan eit land som kjemper om makta |
Geriljakrig eller terrorkrig | Makthavarar mot ei mindre gruppe |
Krig kan også klassifiserast etter korleis han blir ført:
Ordet kan òg brukast om mindre kampanjar mot uønskte ting (rottekrig, krig mot polio eller narkotika) og i overført tyding: Ordkrig, skyttargravskrig.
[endre] Sjå òg