Roald Amundsen
Roald Engelbregt Gravning Amundsen (16. juli 1872–18. juni 1928) var ein norsk polfarar. Han er kjend for å ha leidd den ekspedisjonen som nådde Sørpolen først, og for å ha funne nordvestpassasjen. Frå 1913 fekk Amundsen statsstipend som nasjonalgåve. Dette er ei ære som berre er vorten gjeven til Otto Sverdrup utanom han sjølv.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
Amundsen blei fødd inn i ein norsk sjøfartsfamilie av reiarar og kapteinar i Borge i Østfold. Då Fridtjof Nansen kryssa Grønland på ski i 1888 bestemte han seg for òg å via livet sitt til liknande oppdagingsreiser.
Han mønstra som annanstyrmann på den belgiske Antarktis-ekspedisjonen (1897–1899). Skipet «Belgica», leia av Adrien de Gerlache, blei det første til å overvintra i sørpolområda. Den amerikanske legen om bord, Frederick Cook, redda truleg mannskapet frå skjørbuk, noko Amundsen hugsa på seinare turar.
Etter å ha sigld gjennom nordvestpassasjen med «Gjøa» i 1903–1906, planla Amundsen ein ekspedisjon til Nordpolen. Han rusta ut Nansenbåten «Fram» for ei nordpolsferd, men etter å ha fått melding om at Robert Peary hadde planlagd same ekspedisjon, skifta han uventa kurs mot sør.
Ekspedisjonen til Amundsen nådde Sørpolen den 14. desember 1911 etter eit kappløp med ein britisk ekspedisjon leia av Robert Scott. Med seg til Antarktis hadde han mellom anna Hjalmar Johansen som hadde vore følgjeskap til Nansen frå turen til 86° nord – men Johansen blei utelaten frå sjølve polekspedisjonen etter ein konflikt med Amundsen.
Frå 1918 til 1925 utforska han nordaustpassasjen frå Atlanterhavet til Stillehavet nord for det eurasiske kontinentet. Ein tur med skipet «Maud» var rekna som mislukka, men sju år seinare nådde han 87° 44' nord med fly, det nordlegaste punktet nokon hadde floge.
I den lange rekkja av utmerkingane Amundsen fekk er òg storkrossen av St. Olavs Orden frå 1906.
[endre] Flygaren
Amundsen var open for bruk av moderne teknikk på polarferder. I 1909 vurderte han drakar. Hausten 1913 var Roald Amundsen i USA på foredragsturné, og var samstundes oppteken med førebuingane til ei ny nordpolsferd. Etter ein flytur i San Francisco fekk han opp auga for kva fly kunne gjera. Då han kom heim til Noreg igjen, kom han i løpet av vinteren på fleire besøk til Kjeller for å bli med flypioneren Einar Sem-Jacobsen som passasjer. Desse turane interesserte han stadig meir, og då han bad om å få lov til å prøva å læra å flyga, fekk han straks løyve frå Forsvarsdepartementet. 11. juni 1914 tok han det første sivile flysertifikat i Noreg på Gardermoen. I 1928 blei Norsk Aero Klubb stifta med Roald Amundsen som formann.
I mai 1926 nådde Amundsen Nordpolen med luftskipet «Norge», saman med italienaren Umberto Nobile, som hadde utforma skipet, og Oscar Wisting. Amundsen og Wisting var dei to første i verda som nådde begge polpunkta. Dei brukte to dagar på turen frå Svalbard. Fordi dei tre tidlegare ekspedisjonane til Nordpolen – Cook i 1908, Peary i 1909 og Richard Byrd in 1926, nokre dagar før «Norge» – er blitt dregne i tvil, er Amundsen og dei andre i luftskipet dei første som utan tvil kom fram til Nordpolen.
[endre] Død
18. juni 1928 reiste Roald Amundsen frå Tromsø med flyet Latham i eit forsøk på å finna Umberto Nobile, som var sakna i polområdet. Medan Nobile seinare blei funnen, forsvann flyet og Amundsen. Kva som skjedde er forsett ukjend. Bare to vrakdelar er funne, og ein reknar med at det havarerte nær Bjørnøya.
I ettertid er Amundsen blitt heidra med ulike oppkallingar, til dømes:
- Den amerikanske Amundsen-Scott-stasjonen på Sørpolen
- Amundsenhavet utanfor Antarktis
- Amundsenkrateret som dekker sørpolen på Månen
- Fregatten KNM «Roald Amundsen» i Fridtjof Nansen-klassen, sjøsett i mai 2005.
[endre] Bakgrunnsstoff