
Eg kjenner meg ganske så schizofren ut om dagen, ja reint interiørmessig altså :) Sånn ellers er eg trygg på meg sjølv, med beina godt planta på jorda.
Men når det gjeld interiøret er eg liksom i ei slags stilmessig forvirring. I det eine sekundet syns eg det er nydeleg med kvite blondegardiner, fattigmannssølv og rosa dronninger i glaskarmen. I det andre sekundet er eg drittlei av fattigmannssølv, og syns at både blondegardiner og dronningane er grusomt bestemoraktige. Det siste Vakre Hjem kom i postkassa i går, og eg syns rett og slett det var gørr kjedeleg med totalt uinteressante reportasjar. Uff, det er vel som å banne i kyrkja når eg seier det høgt, men det er iallefall mitt synspunkt, hehe. Delikat og nydeleg, men dødstreigt og ingenting me ikkje har sett før.

Eg likar retroens psykedeliske mønster og spreke fargekombinasjonar, og eg likar det sukkersøte romantiske til ei viss grad. Det må ikkje vere så kvitt og lyserosa rundt meg at det ser ut som om eg bur i eit dukkehus. Det må heller ikkje vere så psykedelisk som det var på 70-tallet med mønstra tapetar i alle rom. Då trur eg at eg hadde blitt schizofren på heiltid for å sei det slik ;) Eg prøver derfor å finne min eigen middelvei nå for tida, med litt av kvart som eg likar. Så då eg var på Ikea i går kveld (diggar at dei har åpent til kl 22), kjøpte eg meg to puter i svartkvitt i litt sånn grafisk stil. Putene står jo i god stil til Marimekko veska mi (som de ser blant rotet i venstre kant på øvre bilde), og til maleria til mannen som heng i gangen. Ja, for heilheten er viktig, hehe.

Eg vurderer også å plassere dronningane i kjellaren, og heller ta dei fram igjen til våren. Vil ha grønne planter nå. Husfred, pepperonia, svineperler, ja, de skjønar tegninga. Eg kjem nok ikkje til nokon konklusjon i smaken min her i innlegget, dette kvernar vidare oppi hovudet mitt, hehe. Og inntil eg får bestemt meg korleis eg vil ha det i stova, så får de ha ei kjempefin helg!