mandag, april 14, 2008

Nytt på bokfronten

Her er nokre glimt frå nye (for meg) bøker eg har kosa meg med i helga:


Har aldri før sett benkeplate av glass (?):

Me treng ny seng, og jammen hadde eg blitt glad om eg fann ei som denne berre i breidare format:





Sjå denne fine benken då:



Blir ei kort oppdatering i dag, PC'en fuskar litt, så eg bør berre ta korte økter her. Ha ein fin mandag!

fredag, april 11, 2008

Helg IGJEN

I dag klarte eg ikkje dy meg lengre, og berre MÅTTE ta turen til Plantasjen for å handle inn
litt blomstrar til å pynte med utforbi. Så får det heller våge seg om eg må erstatte dei med nye i tilfelle frost eller noko slikt.

Eg var veldig usikker på kva type blomstrar eg skulle gå for i år. Usikker på kva farge. Kunne i utgangspunktet tenke meg å kjøre rosa fargetonar, men er glad eg valgte blå lobelia.
Eg elskar f eks små fiolar, men dei finst som oftast berre i gult eller lilla, og det var ikkje heilt det eg var ute etter.

Som dei fleste sikkert veit er eg heilt tussete etter pelargonium. Og tenk på Plantasjen hadde dei et bord kalla Retro, og på det stod Dronning Ingrid, Dronning Margrethe, Nikolaj og Kronprinsesse Mary og strålte. Nikolaj har svak svak rosa blomstrar. Liknar Mårbacka, men med kraftigare vekst:


Dronning Ingrid fekk også sjølvsagt vere med meg heim i fleire eksemplar. Dei eg har her heime frå før har nemlig ikkje starta blomstring enno.

Var også innom Hilmers Hus for å bestille kjøkkenmøbler, men der var jammen benken eg vil ha utsolgt frå lager, og ikkje på veg inn igjen heller :(

Eg trøsta meg med at eg iallefall fekk tak i nye knottar til skapdørene i gangen. Er det ikkje rart at me har samme type skapdører her som i leiligheten i Bergen? Hadde litt styr med å feste knottane. Det fulgte nemleg ikkje skruar med, og dei me hadde var enten for tynne eller for lange. Det heile enda med at eg brukte dei tynne kombinert med masse limpistollim. Får håpe dei held.
Nå gjenstår det berre å ynskje alle ei kjempefin helg! Eg skal la kjøkken vere kjøkken, og slenge meg i sofakroken min, drikke te av Burleighkopp og lese InteriørMagasinet. Kos dåko dåko også!!

onsdag, april 09, 2008

Heisann

Eg trur eg har fått verdas beste hemmeleg interiørvenn-gåve. Eg vart altså så overraska og glad etter å ha henta den i posten i går. Ein skulle tru min hemmelege ven har ein sjette sans. Fordi ho har gitt meg ein striesekk, noko eg har ønska meg i laaaaange tider. Er ikkje sikker på om eg skal sy pute eller noko anna av den. Før eg får bestemt meg ligg den berre framme til pynt. I tillegg fekk eg eit koseleg fluenett til kaker, ein urtepinne og eit koseleg kort. TUSEN TAKK!



Reint oppussingsmessig har me forflytta oss ut i gangen. Sjølv om kjøkkenet laaangtifrå er ferdig.

Sanninga er at eg kveld etter kveld har surfa i staden for å sparkle gipsplater.

Eit par kveldar har eg faktisk bevegd meg ut av huset også. På trimtur rundt Stokkavann (heiter det Store Stokkavann mon tru?). Vel, forrige tur enda med vannblemmer under fotsolen, så nå er eg idrettsskada for eit par dagar, he he.



I gangen er det ein liten slags nisje i veggen, og den passa perfekt til ein benk og ei hylle. Hylle- og benkeplate er laga av hobbyplater, og benken er i tillegg dekorert med ei herregårdslist festa frå undersida. Sitteputer frå Jysk og veske frå Marimekko.



Sånn ellers må eg takke så mykje for kjekke kommentarar. Og berre sånn at det er sagt så jobbar eg med å oppdatere lenkane på sida. Dei eg har skrive nå, er berre dei eg kunne utenat. Eg brukte nemleg ein heil formiddag på å legge inn alle lenkene frå forrige blogg, og då eg var ferdig og skulle trykke LAGRE, nei, då gjekk det ikkje! BUHU! Nå må det berre gå så pass lang tid at eg gløymer stresset frå den gong.

Ha ein fin onsdagskveld. I kveld MÅ eg berre komme meg i sparkelmodus, vel?

mandag, april 07, 2008

Best eller pest

For ei tid sidan fekk eg ei utfordring av Emmeline. Eg skal vise kva som er best i huset og kva som er pest. Når ein kjøper eit oppussingsobjekt, så er det ikkje mangel på pest for å sei det slik.


Det som er BEST med dette huset er at det to barnerom, og her er nokre bilder frå Alma sitt rom




Det som er mest PEST er trappa mellom 1. og 2. etasje. Eller rettare sagt teppet som ligg i trinna. Eg har sett at det går an å kjøpe enkle trinn i eikeparkett, og vurderer å skjule teppet på den måten. Men aller helst har eg lyst på heilt ny trapp, derfor blir ingenting gjort med det første.






Kjøkkenmaskiner


Sparkling av gipsplater er ikkje særleg intressant. Verken å ta bilete av eller å sjå. Dagens post er derfor via til kjøkkenutstyr eg ynskjer meg. Sjølvsagt i lyseblått.

Nydelege ting frå Nigella Lawson:







Brødristar og handmiksar frå Dualit:



Og sist men ikkje minst: Kjøkkenmaskin frå Kitchenaid:

Sistnevnte er faktisk på veg til meg via posten... Har ønska meg slik lenge. Då eg fann ein på nett til 1500 kr billigare enn hos Ting, ja, då slo eg til. Eg var jo flink og handla lite i helga, he he.

Ha ein finfin mandag!!

lørdag, april 05, 2008

Lørdag

Dette har vore ein herleg dag. Eg og ungane har vore på kafè og handel saman med eldstemanns tidlegare barnehagetante. Ho er i Stavanger på helgetur, og sidan ho sakna guten så veldig, så tok ho oss med på kafè. Kjekt. Kafèturar er liksom ikkje det eg prioriterar høgast for tida, men det er jo kjempekjekt når ein først kjem seg ut. Ein tur innom Ting, Søstrene Grene, Åhlens og Kremmerhuset var også kjekt. Såg masse fint, men kjøpte lite. God kjensle det også *smil*.


I ettermiddag har eg fått pakka ut siste rest av flyttelasset, og det er godt. På kjøkkenet vårt er det eit stadbygd skap utan dørar. Sjølvsagt var skapet i furulaminat. Nå har eg malt det, og bakveggen vart tapetsert med ein nydeleg Laura Ashleytapet eg kjøpte med meg før eg flytta frå Bergen. Har også plan om å kjøpe Lidingö-dører på Ikea til skapet, men har ikkje kome så langt enno.

PS! Sjå vekk frå blørene i tapeten. Eg tapetserte i nattas mulm og mørke, og får svi for det i dag. Fikser blørene med tapetlim og nål straks.

Ha ein fin laurdagskveld!


fredag, april 04, 2008

Litt barneromsreprise

For tida held eg på å style våre to nye barnerom. Eldstemann er snart skulegut (Hjelp!), og får dermed eit tøffare rom enn han hadde før. Sidan det er ein del nye lesarar av bloggen min, og sidan eg har sletta eit par gamle bloggar, så legg eg ut ein del bilder tatt opp gjennom tidene av hans gamle rom. Dette var ein god unnskuldning, sidan eg ikkje har noko nytt å komme med i dag, he he. Eg skulle skru opp gipsplater på kjøkkenet i går kveld, men sat berre og surfa i staden *rødme*.








Med dette vil eg ynskje dåko ei superduper helg!!



torsdag, april 03, 2008

Ein liten advarsel

Det vert litt mykje att og fram her i den nye bloggen. Prøver ut ulike overskrifter, tekststørrelsar og fargar. Så om nokon er innom akkurat medan eg styrer på, så får de berre bere over med meg *smil*

Takk for kommentarar om kjøkkenet. Eg er som sagt langtifrå ferdig, vil jo gjere det meir koseleg. Me manglar også soklar, me har byrja legge gipsplater på veggene, og gulvet må det også gjerast noko med. Nokon som har erfaring med å male laminat?

Ellers MÅ de berre gå innom til Bodil-BO og sjå hennar kjøkken (som forøvrig eg var med å teikne, hehe). Deira kjøkken har blitt fantastisk fint, og eg kjenner at eg har lyst til å byte ut kjøkkeninnredninga likevel... Kryss fingrane for at eg vinn i lottoen på laurdag.

Tudelu. Gipsplateoppskruing på meg i kveld/natt.

Torsdag

I dag tenkte eg å vise litt meir bilder i frå kjøkkenet, som er langtifrå ferdig, men litt får de nå sjå.

Før-bildene er ekstra grusomme i og med at kjøkkenet var vanvittig rotete då eg knipsa bileter. Men slik er det ofte rett etter at ein har flytta inn ein stad, medan ein pusser opp andre rom, og innimellom alt skal ein mate ungar og vaske klede

Ok, here we go. Slik såg kjøkkenet ut i mars:





Slik ser kjøkkenet ut i dag:
Eg har malt benkeplatene svarte sidan sist. Veit at malte flater fort vert stygge og slitne, men før me kjem så langt at me byter benkeplater så vart det fint med svartmalte. Syns me iallefall.
Har enno ikkje gjort noko meir med "betongen", men ser det an til veggene er ferdige.


Røroshetta (ventilatoren) vart også malt, men i samme farge som skapdørene. Teppet er forøvrig ei plastmatte til 99 kr på Indiska. For tenk det Emmeline: det er mange Indiska butikkar i denne byen *blink*. Nemlig.


Er det ikkje utruleg kva litt (eller mykje) maling kan gjere?


tirsdag, april 01, 2008

Nye malerier




Medan kjerringa maler tak og vegger er mannen i atelieret og maler vakre kvinner. Neida, han er flink og hjelper meg, men han er også vanvittig effektiv på hobbyfronten. Her er ein serie på fem nye maleri han har laga.



Elisabeth Taylor og Lauren Bacall

Rita Hayworth og Ingrid Bergman


Ja, Ingrid Bergman ein gong til og Audrey Hepburn.

Bileta er til salgs for 350 per stykk, eller 1500 for alle fem. Akkurat for øyeblikket er eg utan bloggbutikk. Send Øyvind gjerne ein mail dersom du skulle vere intressert i å kjøpe bileta hans, eller bestille maleri av andre motiv. Adressa er: oyvindmidtengKRØLLALFAorganizer.net



Tusen takk for alle kommentarane angåande at eg har flytta inn i butikken min. Det blir bra her. Kjempekjekt at så mange har fulgt med i bloggen og denne delen av livet mitt så lenge! Og sjølvsagt kjekt at nye har kome til etterkvart.

Ha ein fortsatt fin tirsdagskveld!
Related Posts with Thumbnails