I dag tenkjer eg det passar godt med eit dikt om tida... Eg ynskjer deg eit godt nytt år!
mandag 31. desember 2012
søndag 30. desember 2012
Fotspor
Mine fotspor i verda
så usle og små
og så lette å viske ut
Snart vil dei forsvinne
alle som eitt
og den evige sommarsola
vil skjule sjølv minnet
Likevel er fotspora mine
viktige for nokon
det er ikkje likegyldig
kor eg set dei, eg veit
Ved sidan av spora er andre
vi høyrer saman
(meir eller mindre)
og nokon ville sakna mine
lørdag 29. desember 2012
Julemorgon
Det er laurdag morgon
eg har ferie, har nettopp stått opp
I stova står juletreet
stjerna heng i vindauget bak meg
på bordet står eit einsleg
stearinlys
Det luktar klementin
stearin
og gran
Borna ligg på golvet
berre to meter i frå meg
og ser på leikebilar
[og kranglar om leikebilar
slåss om leikebilar
blir einige om leikebilar
-
finn på noko anna å krangle om]
Dei har endå ikkje fått på seg
klede,
auga er søvntunge, håret prega
av julenatta som no listar seg ut
på filttøflar
vinkande, smilande:
eg kjem tilbake
med kvile og ro
når dagens leikar er leika,
klementinbollen er tom og
stearinlyset har brunne ned!
Nyt dagen, vesle poet;
den kjem aldri tilbake
fredag 28. desember 2012
torsdag 27. desember 2012
Tusenkanten
Kva er det verkelege meg
kva for ei side
er den eigentlege eg?
Er det kollegaen
som sit over bøkene og jobbar
Er det kollegaen
leande på lunsjrommet
Er det faren
travel på veg til barnehagen
Er det faren
ved middagsbordet?
Kanskje eg er mannen
som vaskar golvet
Kanskje eg er elskaren
under tynne sommardyner
Kanskje eg er lesaren
med bokposen på biblioteket
Kanskje eg er skrivaren
knatrande på niogtjue plastknottar?
Eller er eg broren
smilande på telefonen
Eller er eg sonen
han som endå er liten
- i nokon sitt hovud
Eller er eg svigersonen
den nye vinden, nysgjerrig vakta
av håpefulle hjarte?
Er eg ungdomsleiaren
Er eg kunden i kassa på Joker
Er eg bedehusmannen
Er eg kameraten
Er eg han
Er eg den
Er eg ein
Er eg nokon
Er eg meg
Kven ser du?
Ikkje set meg i bås, er du grei;
Gjer du det
set du fingeren
på den eine sida
i tusenkanten meg
og seier:
det er deg!
(Bilete måla av mi tre år gamle dotter!)
kva for ei side
er den eigentlege eg?
Er det kollegaen
som sit over bøkene og jobbar
Er det kollegaen
leande på lunsjrommet
Er det faren
travel på veg til barnehagen
Er det faren
ved middagsbordet?
Kanskje eg er mannen
som vaskar golvet
Kanskje eg er elskaren
under tynne sommardyner
Kanskje eg er lesaren
med bokposen på biblioteket
Kanskje eg er skrivaren
knatrande på niogtjue plastknottar?
Eller er eg broren
smilande på telefonen
Eller er eg sonen
han som endå er liten
- i nokon sitt hovud
Eller er eg svigersonen
den nye vinden, nysgjerrig vakta
av håpefulle hjarte?
Er eg ungdomsleiaren
Er eg kunden i kassa på Joker
Er eg bedehusmannen
Er eg kameraten
Er eg han
Er eg den
Er eg ein
Er eg nokon
Er eg meg
Kven ser du?
Ikkje set meg i bås, er du grei;
Gjer du det
set du fingeren
på den eine sida
i tusenkanten meg
og seier:
det er deg!
(Bilete måla av mi tre år gamle dotter!)
onsdag 26. desember 2012
tirsdag 25. desember 2012
Julenatt
Ynskjer alle besøkande i Mørkerommet ei god jul!
Englesang
Nok ein gang
Syng vi ut med himmelsk klang
Fred på jord
Ei gleda stor:
De har fått ein himmelsk bror!
Nok ein gang
Syng vi ut med himmelsk klang
Fred på jord
Ei gleda stor:
De har fått ein himmelsk bror!
Abonner på:
Innlegg (Atom)