det
begynte med misnøye,
ei
litt murrande kjensle
av
framandgjering i eigen kropp
- det
var øyrene, dei var for store
så
han bytte dei ut
- han
hadde ein god ven
som
kunne slikt, og gjorde det
mot
betaling, sjølvsagt
så
var det hendene, for tynne, for lange
eit
nytt besøk
nye
rundar med skjema på skjema
og
til slutt kunne han vinke, fornøgd
ut
vindauget i taxien som køyrde han
heim
att
deretter
gjekk det slag i slag,
etter at han hadde oppdaga
kor
lett det var:
nye
lepper, nye kne, nye føter
utbetra
navle, sterkare skuldre
freshare
hår, kortare tarmar,
betre
lever, større lunger,
friskare
hjarte, blåare auge
til
slutt såg han i spegelen
over
vasken i det nye huset
og
kjente seg ikkje heilt vel –
tenkte
det var hovudet
det
var noko gale med
og
fekk seg ny, betre hjerne
under
ny frisyre
morgonen
etter kasta han alle
fotoalbum,
bilde og minner
i
søpla,
dei
var det siste som for;
han kjente ikkje att livet sitt lenger –