Viser innlegg med etiketten Eventyrlauv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eventyrlauv. Vis alle innlegg

lørdag 4. desember 2021

Raudglødande masker


 
Ein av mine favorittfargar er raudt. Raudt er vulkansk energi, boblande kjærleik – og julestemning! Og raude vottar varmar ekstra godt, gjer dei ikkje det ...? Her er fire single vottar som kosar seg i lag på brannsikkert adventsparty. 

Frå venstre: Eventyrlauv, Nordstjerna, Gullfuglen og Grantreet - alle frå boka vår Eventyrvotter. 

søndag 8. november 2015

Gøy med vottepynt!


Tori har lekt seg med nål og tråd!

Jeg hadde ikke helt kommet i gang med vottepyntinga, men da jeg så Eva-Lotta sine nydelige Snøhvitvotter fant jeg ut at det var på tide å sette i gang. Jeg fant fram perler og paljetter, nål og tråd. 



Det enkle er ofte det beste - her er det bare pynta med litt broderi med grønt og rosa flerfarga sokkegarn. Enkle kjedesting, og de andre kan vel kalles en variant av attersting (jeg er langtfra noen broderiekspert, så arrester med hvis noen der ute har mer peiling).


Med den milde høsten vi har nå, ble novemberbildene også #votteflora!



Sannelig hadde jeg ikke litt sølvgarn også liggende, synes det passa bra til turkise Snøhvitvotter. 

Og til Gullfuglen, hva annet enn gullpaljetter? Sannelig om jeg husker hva jeg opprinnelig skulle bruke disse paljettene til, men kjekt å ha!


Trenger du mer inspirasjon? Ta en titt på Pinterest, da vel! Eller på bloggen til estiske Kristi Jõeste, der er det mye fint i både broderi og mønsterstrikk. Vår egen Annepålandet liker også litt brodering i ny og ne, hun var til og med på kurs for noen år siden. Det blogga hun om her. Del vottene på Instagram, merka #vottepynt, så kan det hende du blir den heldige utvalgte som vinner av et eksklusivt Eventyrvottenett.



Her er alle de pynta vottene mine samla på ett brett, sammen med en enslig vott fra noen år tilbake - ser ut som en godt brukt variant av Askeladden. Vottene blir med på strikkekafe og bokpresentasjon på Gravdahl bokhandel på Hamar på torsdag, så stikk innom om du har anledning!

fredag 19. desember 2014

Flere votter fra eventyrskogen *** 7 *** Og: Vinn vottepar!

Eventyrlauv er siste mønster ut i presentasjonen av den nye e-boka vår. Men heile eventyret vårt er så vidt i gang, og i dag kan du vinne eitt av tre ferdigstrikka vottepar (sjå foto og omtale nedst). Er du rask, kan du - eller ein venn - få ei god og varm julegåve sendt i posten allereie i morgon!


Saftige og grøne vårlauv, teststrikka av Tori i Pickles Pure Wool -
og raudglødande haustlauv med gylne striper (grunnmodellen)
strikka av Frida i Ask/Hifa 2 
Litt om Eventyrlauv først: På eit magisk tre kan det vekse alle slags lauv og vottar. Målet med dette mønsteret er den som strikkar gjerne kan dikte vidare, eller kombinere dei tre ulike diagramma som er med i oppskrifta. 


For dei som enno ikkje har prøvd å strikka tofarga vottar med tommelkile i handflata -­ altså vottar à la Selbu -­ kan grunnmodellen av Eventyrlauv vere ein bra start.

Variant 2: "Frostlauv" med hjartestripe (til høgre). Denne blåturkise og kvite votten er strikka i det økologiske garnet Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool.

Variant 3: Hjartedryss: Her strikka i Shetland Soft frå Malsen og mor (til venstre)For å få til ei avrunda lauvform, er fellinga mot toppen laga meir gradvis enn på vanlege vottar.

No til julegåve-konkurransen: Kommenterer du under dette innlegget, med ynske om kva for vottar du har lyst på av dei tre på fotocollagen nedanfor, innan kl 23 i kveld (fredag 19. desember) er du med i trekninga om eitt ferdigstrikka vottepar. Om du har lyst: Skriv gjerne også kvifor du ynskjer deg akkurat dette paret! Eitt par blir trekt ut (til deg?) rett etter kl 23 i kveld, dei to andre para gir vi i gåve til Kirkens Bymisjon i Oslo.


Vil du vinne: a) Herrevotten "Bjørnen og ulven" i størrelse herre stor 
- strikka i Peer Gynt-garn (til venstre)? 
Eller b) Damevotten Eventyrlauv i størrelse dame medium/stor (kan tovast mindre) 
- strikka i Ask/Hifa 2 (i midten)? 
Eller c) Barne- (og dame)votten "Tornerose" i størrelse ca 6-10 år 
- strikka i Rauma Tumi (til høgre)?

Skriv kommentaren din under dette innlegget, før kl 23 i kveld! 

Oppdatert (20. des) - trekninga er no utført, og begge pakkane sendt: 
Gratulerer til Caroline Murstad, som får Tornerose-vottane! 
Kirkens Bymisjon får "Eventyrlauv" og "Bjørnen og ulven". 

(alle foto: Frida Engeset, bortsett frå fotoet av Tornerose: Ann Myhre)