Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2012. Vis alle innlegg

torsdag 6. desember 2012

Desembermøtet.

Her kjem biletglimt frå adventsmøtet, som blei halde på Heimekontoret. Ikkje så mykje tekst denne gongen, bileta får tale for seg sjølv (beklager dårleg innstilling på fotoapparatet)!

















Sekk til Selma frå farmor.


Smykketeppe nr. 2 frå Annlaug. Legg merke til baksida, smart løysing når det blir hengt opp smykker på framsida.


Annlaug har sydd havteppe.






Else har trylla med motivstoff.


Resultat frå klubbkvelden i november:






På Heimekontoret var det laga fint til, eit flott, nyopp-pussa lokale i ein gammal butikk ved Statoil-stasjonen på Sandane.


Åse Kari Fjellestad underheldt med Prøysen, ho er frå dei same traktene, og har den rette dialekta!


Kveldens serviettar. Vi fekk servert deilig risengrynsgraut med spekemat, og heimelaga julekaker til kaffien. Alt smakte fortreffeleg. Takk til Ann Elisabeth og Svein!

God jul til alle som er innom bloggen vår!

onsdag 7. november 2012

Klubbmøte 7. november

Tema for kvelden var brikke i snedig teknikk, sjå forige blogg-innlegg. Nesten alle frammøtte hadde med symaskin denne kvelden, og det var mykje og god aktivitet. 

Vis og fortel!
Første store teppe er Kari E. sitt. Ho er glad i blokker og sterke fargar. Her har ho brukt to blokker, rådhustrapp og ei stjerneblokk som ho har spesial-linjal til. Teppet under er eit barneteppe, også i kjend Kari-stil. 



Marit H. B.  har laga eit enkelt og flott teppe frå eit utanlandsk kvilteblad.

Anna har sydd to løparar i rådhustrapp, same fargar, men med ulik lukkekant. Ho brukte ein spesial-linjal til stripene, håpar vi får demonstrert dette ein gong!


Denne Baltimore-kvilten sydde Anna på kurs med Annlaug ein gong på 90-talet. Han heng til vanleg ved peisen heime hos henne, og blei no teken ned i høve opp-pussing, ettersom underteikna forstod.


Smarte vesker signert Anna. Blonder frå brudekjolen. Kor lenge er det sidan bryllaupet stod, Anna?


Ann Elisabeth har vore produktiv sidan Førdeturen. Denne løparen fann ho mønster til i My Quilt.


Restestoff og typiske A.E.fargar.


Bente Malm sin juleløpar, laga av Ann Elisabeth.


Marie sin stjerneduk.

Marie sin vårløpar, ala AnnaKa. Nydeleg handverk!

Nydelege toalettvesker signert Solbjørg R.

Enten Laila eller Else Pernille i arbeid med kveldens tema.

Vi hadde besøk av Inger Karin Grov, som forhandlar Panduro-produkt på RonnyRør-butikken. Ho har mykje Tilda, både stoff, bøker, kits, broderigarn og blondar.


 Liv med sitt ferdige BB-teppe, riktig eit koseteppe med fleece på baksida, greitt kvilta i bølgjer på eiga maskin. Ho og nokre andre damer var i Førde på kurs med Helle tidlegare i haust.