Viser innlegg med etiketten September 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten September 2012. Vis alle innlegg

lørdag 29. september 2012

Messeliv


For ei messe,
for nokre butikkar,
for eit opplegg,
for eit reisefylgje.


Godaste Signe som konferansier for speedstyling-konkurransen.
Mykje god inspirasjon på ei slik messe.
I fjor var eg meir i "søken etter inspirasjon til husbygging",
og fekk meir ut av messa, synst eg sjølv. 
I år var det meir kjøpelysta som var framme,
og eg skulle så gjerne kjøpt mykje.
Noko kom med heim, men berre småting denne gangen.
Vent å sjå!


Interiørinteresserte veninner på tur,
og eg trur vi alle fekk valutta for turen.


Trur denna damo kom heim litt "rikare",
enn då ho for...


Ein fluesopp.


Norgesglas-lykt.


Har alltid ønska meg ein sånn, 
men den er vel kanskje betre å sjå på enn å sitje i?


Oh yes, denne skulle eg gjerne hatt med meg heim. 
Kva seier du, siddis kusine, kanskje da va ein sånn du skulle hatt?

Takk for ein fin dag til det fine reisefylgje.
Andre året vi var der no, er ein tradisjon å rekne no.

fredag 28. september 2012

Haust


Det er haust.
Det regnar og bles ute,
men inne har vi da varmt og lunt!


Var og plukka litt greiner på ein busk i hagen til pappa i går.
Treng ikkje koste så mykje,
vi har alle litt greiner ute som kan nyttast inne.


Mamma har vore i Spania.
Byblomen til meg var denne nydlege keramikk ugla.
Ho hadde den i handbagasjen for at den ikkje skulle knuse.
Tusen takk, mammo mi!

No skal eg gjere meg klar for kafè-besøk med to av dei beste!



torsdag 27. september 2012

Snart jul, sa du ??

Bilde er lånt frå Designdelicatesse.dk

Denne står øverst på ønskelista mi!!
Bilde lånt frå Bolina.com

Koppar frå Bloomingville.
Eg vil ha ein B, ein A, og ein D.
Kva blir det?
BAD

Til å ha ting og tang i på badet!!

Bilde lånt frå Bolina.com

Nååååå, denne var jo bare finaste!!

Bilde lånt fra Bolina.com

Denne hadde passa perfekt!!

Bilde lånt frå Bolina.com

Eller betongtilbehør til badet frå House Doctor?

Eg sit og drøymer litt egentlig, 
er ikkje alt eg ynskjer meg,
men kjekt å ha!!

Du kan vere med å vinne gavekort frå Bolina på bloggen til fru Fly!!

Ein vellukka fagdag er over,
tacosuppa som mannen laga vart perfekt, 
muffinsane gode,
kollegane faglege,
ja, ein god fagdag!

Fri imåro, 
så då blir da tur med mannen.
Godt å trimma han litt, før han reiser til 
Frankriket på lørdag.
Og eg, ja eg ska på interiørmessa med gode veninner.





søndag 16. september 2012

Loppis


For ein herleg søndag.

Vi har vore på loppis i Raudaløo i dag,
og fleire skattar blei med meg heim.
Marian med bloggen Marihøno,
Signe med bloggane ReSignert og Signe Hjemmet og
Malena med bloggen Hellohellobaby
hadde brukt/loppis-marked med flotte skattar
og salg av suppe, kaker og kaffi.


Kâhler vase til kr 20,- 

Ferm Living kork-underlag (ubrukt) til kr 50,-


Den vesle vasen passar godt til den store eg allerede har.

Litt stoffbitar som skal bli til puter i stova.


Gamal vekkerklokke, som tikkar og går.

Eg føler eg har gjort eit scoop.
Og som Signe sa: " Du går etter alle merke-tinga mine du!!"
He he, jepp da gjere eg.
Og om sminkepungen er ekta Gucci eller ikkje, 
det gjer ingenting. Den passar meg perfekt!

fredag 7. september 2012

Kvardagsglede


Kvardagsgleder eller kvardagsoverraskingar
likar eg best av alt.
Sånt som du ikkje har forventa,
og som viser at nokon har tenkt på deg.


Ei slik gåve fekk eg i går.

I dag vart den testa ut, 
og den smakar veldig godt.



Med ei slik innpakking, burde ein nesten ikkje opne.

Men det var bare å skru av lokket, 
og skru det på igjen. 
Lika fin.

Tusen takk, du e best!

mandag 3. september 2012

Søstrene Grene


Det er kjekt å komma te byd`n og får handla i gøye butikkar,
som Søstrene Grene.

Mykje kjekt til ein kjekk pris.


Eg kjøpte nokre boksar med lokk denne gangen.
Trur dei kostar omlag 40 kr for dei største.


Puttar alle småting oppi, så ser det så mykje ryddigare ut med ein gong.


Ein boks til gåve-utstyr,
ein boks til tape.

(Innmari kor mykje tape eg hadde plutselig.)

Eg har fått mange latterkule når eg har rydda på plass
i nyahuset.
Eg og mannen har hatt med oss mykje forskjellige ting,
og vi har kjøpt mykje nytt.
Blandt anna har vi vore gode kundar hos Europris,
der vi har kjøpt plastkassar med lokk.
Eg tullar ikkje når eg anslår at vi har omlag 100 stykk.

No er mange av dei tømt, og innhaldet plassert/kasta/resirkuler
eller plassert på loftet!


søndag 2. september 2012

Samme stil


Samme stil går igjen i huset vårt.


Det er svart og kvitt som gjeld enda.


Eg "kjøpte" to settebord hos ei veninne.
Det eine har fått fargen "dempet sort". 
Like den eg.
Glømte sjølvsagt "før-bilde" denne gangen og. 
Er så ivrig med å male at det er svart før eg veit ordet av det.


Utfordringa med slike bord like innanfor døra,
er at det stort sett ligg noko oppå.

Det som låg oppå, ligg no på golvet.
Det skulle liksom ikkje vere med på bildet, men så kom det jammen med likevel.

Ja, gløymte nesten å skrive noko om den flotte Hoya eg kjøpte hos
Fredheim Blomster i Rosendal!! 
Den passar perfekt hos meg.