Viser innlegg med etiketten bilstrikk.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bilstrikk.. Vis alle innlegg

mandag 26. september 2022

Endå ein Sweaterno.14


 sSweater no14. strikka i Sandnes tynn silk mohair 2 tråder og ein tråd Arwetta. Totalt 470 gr brukte eg. strikka på pinner nr 6



Klar til bruk.... 



Har vore bilstrikk mellom anna. Eg strikka den ferdig då eg var på ein biltur til Danmark no i september.


Bilde over er sunday garn og tynn silk mohair fra Sandnes garn

Prøvde fleire alternativ til den organge fargen men valget vart arweeta  filcolana den var frisk samtid dempa og varm. Akkurat slik eg hadde sett føre meg. Så det vart Arwetta og tynn silk mohair fra Sandnes. Sandnes garnet fann me i reste korga på garnutsalget til Sandnes garn.

Brukte dette som er på bilde under her.




Klem
Lilla dør

fredag 7. januar 2022

Dei fyrste strikkeprosjekt i 2022



Då eg var i New York i 2012 kjøpte eg mellom anna denne strikkepakken hjå The Yarn Company.  Men no er den ferdig .... endå ein ufo klar. No har gubben fått den. Garnet er i merino, lett og behagelig.


Vart bilstrikk i romjula på vei til verdasjillaste hytte.


The New  York lue :) 



Det vart to luer ...... den andre strikka eg av ullgarn får ullrommet, garnet Suffolk


Endå ein ufo, iallefall garn fra garnlageret. Kjøpte dette garnet hjå Ullrommet, ho har spunne garnet. Garnet Suffolk 2-tråds ullgarn. Eit kvalitetsgarn av ull fra sauer som bur på Finnøy . Suffolk 100gr/140m. Håndvask 30 grader. Strikka på pinner nr 5,5. La opp 64 masker.





Var igjen ein liten rest som vart eit slumreteppe til nissehuset:))). Alltid jillt å bruke garnrestane. Har vert i "nissemodus" i det siste .....


 Klem
Lilla dør

søndag 31. januar 2021

Kristtorn genser


Har strikka ein genser til meg sjølv....det er ikke ofte. Egostrikk som det blir kalla..... eg falt slik for denne "julegenseren". her før jul men tydelig at det var mange som ville strikke i lett lopi garn ellers så var det produsert for lite. Eg mangla eit nøste i den grønne fargen men det ordna seg til slutt. 
 

Dette var et perfekt bil og ferie prosjekt i jula





Klar for juleferie og romjul på hytta reiste eg med nytt strikk ( hadde sjølvsagt fleire strikk med :))))

 


 


Genseren er strikka i Lett lopi  på pinna nr 5. I lysegrå farge og flaskegrønn 1407 



Mykje mønster strikk på bærestykke....vart varmt og godt.... prøvde den i dag i snøen. Hatt familiedag ute.....




Rimmen design (Dragger Danmark)



I utgangspunkt skulle det være julegenser. Kristorngenser med røde bær ( i djup rød nr 1409) eg prøvde å sy på bær litt men fann ut at eg ville vente til jul igjen. Kan sy på då ....då blir det julegenseren min i 2021. 


Franske knutar.


Eg kjem til ha mykje glede av den i vinter både her på Jæren og på hytta. 


Klem
Lilla dør


lørdag 26. desember 2020

Ny strikkeprosjekt-pose til romjulstur og nytt strikketøy..... kan det bli bedre


Eg falt pladask for denne fine strikkeposen i frå Norwegian Sprit strikk og garn...Ble årets julegåve frå meg sjølv. No har eg tatt den fram og starta så vidt på mitt nye romjulstrikk. 2. juledag og julefreden senkar seg. Har nett vore på julefrokost, nå ventar sofaen, kaffi og strikk. Kan det bli bedre.......
.


Er det ikkje eit fantastisk motiv på posen?
No er eg klar for romjulstrikk og hyttetur..... mykje strikketid.



Her er et strikkeprosjekt.... innkjøpt for ei tid sidan og planlagt:))), Eg strikka genseren i lett lopi.
Eg har ikkje nok grønt garn, det var og er ikkje råd å oppdrive nokon plass. Tydelig eit populært garn.......det er lova inn midt januar, håper på det...... julegenseren blir vel klar til jula 2021.


Er iallefall byrja, så får vi sjå kor mykje det blir ....... i juleferien. Juleferie er iallefall ikkje oppskrytt.....

Ha ei fin romjul!!!

Klem
Lilla dør

søndag 23. august 2020

Barnehage vest



 Har hatt dette prosjektet liggande lenge ein ufo. Har endelig fått strikka det ferdig i sommar..... Kjøpte materialpakke hjå Ullrommet for mange år sidan..... vart ferdig til slutt.



 Strikka i kidsilk



 Klar til bruk, foreløpig ligger den i gåve skuffa mi på lur......pluteslig er det noen som treng den.


Bestemor strikk 

Klem
Lilla dør

søndag 15. desember 2019

julekjole



 Eg har strikka petitknit-kjolen til den minste prinsessa vår. Tanta har strikka ein lik til den eldste prinsessa. Me klarte å bli ferdige til jul iallfall.


 strikka den i tynn merinoull fra Sandnes garn på pinner nr. 3.


 Design petitdesign: Haraldskjolen


Ha ei fin adventstid fortsatt!

Klem Lilla dør

lørdag 20. juli 2019

Fiskelykke :)


 Eg kjøpte ulike blå nyanser med finull til meg og ei vennene. Me var nokre dager på hytta deira. Tenkte det var kjekt med ei strikkeutfordring der vi kunne lage kvar vårt sitteunderlag som fisk.  Det var i grunnen artig men prosjekt vart nesten litt større enn eg fyrst trudde. Men her er mitt ferdig....  Har vore eit avslappende godt terrassenstrikk, sosialstrikk og båtstrikk. Kjekt med samstrikk.


 Eg brukte totalt 220 gram tråd. strikka på pinnar nr 7 og dobbelt garn.


Før og etter toving i vaskemaskina








 Innvia på bryggekanten i dag med ein kopp kaffi...sommerlykke



 Ulike bilder frå sjøkanten... likte godt fargane . 
Den blir nok med på fisketurer eller varmar i stolen på seine sommerkvelder.....


Klem 
lilla dør