Viser innlegg med etiketten nye stoffer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nye stoffer. Vis alle innlegg

søndag 9. oktober 2011

Introduksjonstilbod på nye varer

Endeleg har eg fått alt det nye ut i butikken, og feirar det med å gi 10% introtilbod på det til og med fredag 14. oktober! Det er økologiske bomullsstoff frå den store amerikanske quiltestoffprodusenten Robert Kaufman som har kome denne gongen. Kaufman har faktisk lansert fleire økokolleksjonar den siste tida, eit teikn på at fleire og fleire ønsker å sy med stoffer som ikkje er skadelege for miljøet eller for dei som arbeider i produksjonen. Og det applauderar me! 

Eg skulle ønske de kunne få sjå desse stoffa i levande live, eg har gjort mitt beste for å ta bra bilder men det er jo ikkje det same som å ta og føle på dei. Kvaliteten er heilt herlig, dei er så glatte og mjuke og faller så fint! Denne gongen skal eg i alle fall sy meg kjole av eit av dei kinesiskinspirerte stoffa her, men eg klarar ikkje heilt å velge farge:


Ta turen innom nettbutikken og sjå, kanskje finn du noko som fristar? Her er nokre fleire smakebitar:




tysdag 3. mai 2011

Nydelige, nydelige stoffer i økobomull

Alle stoffa i nettbutikken min er av økologisk bomull. Bomull er ein av dei mest forurensande avlingane som blir dyrka i verda, difor velger eg økobomull som er eit mykje meir berekraftig alternativ. Du kan lese meir her om du er interessert. 

Heldigvis er eg ikkje åleine om å tenke sånn, også mange av dei store stoffprodusentane tilbyr fleire og fleire kolleksjonar i økobomull. Eg syns det er så mykje fint, og har lyst til å ta inn alt til nettbutikken! Men det har eg diverre ikkje moglegheit til. Så no gjeld det å bestemme seg... Ikkje nokon lett jobb, her er berre litt av utvalet. Kva er dine favorittar? (klikk på bilda for å sjå større versjon)

fredag 11. mars 2011

Utlodning med nye stoffer!

Då er siste tilskot på plass i butikken, knallfine stoffer i økologisk bomull frå Cloud 9 Fabrics i USA! Fire av dei er frå kolleksjonen My Happy Nursery, her snakkar me søte fuglar og sirkuselefantar i kombinasjon med polkadots i blått og limegrønt. Har du lyst til å vinne ein pakke med fire kvartmeter (stykker på ca 55x50 cm) av desse? Då kan du bli med på utlodninga og legge igjen ein kommentar under her, og fortelle kva du ville brukt desse stoffa til. Om du linkar til konkurransen frå din eigen blogg eller på facebook, får du ytterligare eit lodd. Og om du følger bloggen og/eller likar oss på facebook, får du eit tredje lodd, dei vanlege blogglotterireglane med andre ord.  Eg trekker ein vinnar neste fredag kveld, så no har de ei veke på dykk!
Cloud 9 Fabrics har også kome med ein billigare kolleksjon i økobomull, frå den har eg tatt inn to småblomstrete stoffer i rødt og petrolblått, eg er rimelig sikker på at eg må ha ein kjole i det blå stoffet. Eller kanskje det raude... 
 

onsdag 9. mars 2011

Litt nytt i full fart

Eg må berre gi ein liten sniktitt på dei siste stoffa som kom på lager, eg elskar fargane! De får berre beklage dårlige, mørke bilder - eg skal få tatt bedre bilder snart.

Det er frå Cloud 9 Fabrics, økologisk bomull alt saman. Ein ting er sikkert, no blir det endelig skikkelige gardinar på barnerommet her i huset, med sirkuselefantar på!

Dei småblomstrete minnar meg om ein kjole eg hadde ein gong på 90-talet då eg var ung, eg syns den var så fin huskar eg. Kanskje eg burde nytte sjansen no til å sy meg ein kjole til sommaren av dette? Så var det det med å velje farge, då.

Håpar på å få dei ut i butikken før helga!

laurdag 12. februar 2011

Helgetilbud på nye stoff!

Då er dei fire eg viste i innlegget under på plass i butikken! Det er alltid spennande når nye ting kjem inn, er dei like fine i verkelegheita? Og det er desse virkelig. Veldig gode å kjenne på, mjuke og glatte, og eg syns fargane er heilt herlige. Surfing, lp-plater, sol og sommar med skikkelig 60-talsfeeling!
 Eg feirar med eit lite helgetilbud på dei, 15% rabatt om du brukar rabattkoden beachmod ved utsjekking. Tilbudet gjeld berre i dag og i morgon!

Og fleire stoffer dukkar opp snart, tenk små sirkuselefantar, fuglar og polkadots. Kanskje i løpet av neste veke?

måndag 7. februar 2011

Restekorg, og nye stoffer på veg!

Då har eg flytta restane etter januarsalget over i ei restekasse i butikken, der kan du gjøre eit kupp med 40 eller 50% rabatt! Nokre av desse er det veldig lite igjen av, håpar dei går ut snart for no treng eg plass til nye økologiske bomullsstoffer som er på veg. Eg gler meg kjempemasse, her er eit par smakebitar på ting som kjem:




fredag 10. desember 2010

Endeleg kjem det økojersey og velour i butikken!

Dette har eg venta lenge på! Endeleg fekk eg stoffprøver på velour og jerseystoffer. Ikkje visste eg at det skulle vere så vanskeleg å finne ein god leverandør av økologiske trikotstoffer, men det er det altså. Så venta eg ei lita evigheit på vareprøver som tydelegvis forsvann i posten. Nye prøver blei sendt, men det er langt frå India til Vestlandet så det har også tatt si tid... Men no er dei her og dei er FINE! Det er fleire som har etterspurt dette så no er eg glad for å seie at det ser ut til å vere på gong. 
I utgangspunktet hadde eg tenkt å nøye meg med velour og nokre utvalde stripestoff, men eg fekk også med prøver på frotté og den var så fin at eg trur jammen eg må ta inn litt av den også. Og då meiner eg ikkje handklefrotté men mjuk, elastisk frotté i 100% økologisk bomull, perfekt til klede som skal vere behagelege og smidige. Velouren var også fin, tjukk og mjuk. Også den er i 100% økobomull. Så eg kjem til å ta inn begge desse, samt eit utval trykt/stripete jersey og interlock. Velouren og frottéen er omlag 150 cm brei og kjem til å ligge på 175-180 kr meteren, litt avhengig av frakt- og importutgifter. Eg håpar dei vil vere på plass om ein månad eller to, slike ting tar jo alltid mykje lengre tid enn eg trur så to månader er vel kanskje meir realistisk.
Og til de som syr mykje klede: om de er interessert i å forhåndsbestille større mengder (minimum 10 meter i blanda fargar/kvalitetar) kan eg ordne rabatt. Gi meg i så fall ein lyd på elisa(a)linogpapir.no i løpet av den neste veka, så sender eg meir info.