
Sun Rose
På siste klubbmøte var temaet også blomst (tema dette året), denne gongen var det origami i stoff. Origami er eigentleg papirbretting, men som vi ser så går det like fint med stabilt stoff. Vi har tidlegare laga "katedralvindu" i det som vi kallar japansk bretteteknikk, og vi reknar med at desse andre modellane også kjem frå Japan.
I eit tidlegare innlegg skreiv eg om at vi lærte å brette blomsten på bildet under her då vi var i Vikebukt i fjor. Denne blomsten heiter
Fennel flower.

Fennell flower

Fennell flower brukt som dekor på toalettveske.

Anne Marie viste oss 2 modellar i denne teknikken, her viser ho Sun Rose.

Vi starta med ein sirkel med diameter ca 20 cm ferdig sydd, bretta inn ca 1,5 inch slik bilder viser her.

Bildet er frå boka som vi har kjøpt.
Deretter snudde vi det og bretta hjørna inn mot midten. Festa med nål og tråd i midten. Så enkelt og så fint!


Vi har kjøpt denne boka og den er berre å anbefale. Her er mange flotte modellar og mønster til ting du kan lage med blomster som dekor.

Her er blomsten brukt som applikasjon i ei blokk.

.....eller som her, 2 blomster dannar omslag til eit lite nålebrev!

1 kommentar:
Thank you so much for the tutorial! Happy Easter!
Legg inn en kommentar