Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

søndag 18. august 2013


Sommaren har vore hektisk og fin for oss på Patina,
og endå håpar me å få nokre fine dagar til,
før hausten set inn for alvor...
På mandag byrjar skulen,
og me reduserer opningstidene våre litt.
Me vil ha ope torsdag til laurdag frå kl 11-17 no ut august,
så kjem me tilbake til opningstidene utover hausten litt seinare.

Ikkje gløym at det er
Balkanfest Evanger her den 30.aug-1.sept !!!
Kom og opplev den sydlanske stemninga, med eller utan regn, me lovar deg ei fantastisk helg :)

mandag 31. desember 2012

Godt nyttår 2013


Desember gjekk så fort og jola likeså.
No er Patinadamene klare for eit nytt år !

Me har hatt mykje kjekt besøk innom oss i
løpet av året, både i butikken, kafeen og
husværa våre, og ikkje minst på dei sosiale media,
som facebook, instagram og twitter, og her på heimesida.
Og det skal de vite - me set utruleg stor pris på kvar og ein :)
De gjev oss masse av inspirasjon !

Tusen takk for det gamle og så ynskjer me ALLE
eit riktig godt nyttår !!!

Klem frå Irene, Turid og Hilde

søndag 19. august 2012


Ei hektisk og kjekk veke er slutt.

To av Patinadamene har blant anna vore på
MADONNAKONSERT !!!!
Veldig kjekk tur til Oslo :)

Me har også teke det fyrste steget mot å
verte filmstjerner....
Men, der har me nok litt å lære...
Uansett kan du sjå videoreportasjen om oss
som har vore på bt.no idag.

Pinlig - pinlig - pinlig, og rødme....

Til helga er det Balkanfest på Evanger !
Då er det verkeleg verdt å ta ein tur !
Fin veke til deg !

torsdag 12. juli 2012

Hesje ver

Det drypp litt her i vest. Litt sånn typiske hesje ver. I dag ligg likevel mesteparten av hesjestaurane fint opplagt sidan tidlegare generasjonar. Men dei er no fine å sjå på og;-)
Du er velkomen innom oss ons-laur 11-17! Kanskje finn du ein hesjestaur inne hjå oss og...?

søndag 17. juni 2012

Patinadame i Elle Decoration

Patina har nok ein gong vore heldig og fått fin omtale i eit godt interiørblad. Denne gongen var det ein fin-fin reportasje frå Hilde sitt hus og uthus. Og i små notisar vart det informert om Patina og Balkanfest. Veldig kjekt!


I denne flotte utestova kosar alle Patinadamene seg.  Her har me hatt mange kjekke sommarskveldar! Me har til og med teke eksamen her ute før me fekk serveringsløyvet vårt....

onsdag 16. mai 2012

Mamma

 
 
Denne månaden kan du kose deg med
ein nydeleg reportasje ifrå
hagestova og uthuset til den eine
Patinadama i siste nr av Mamma:)
...
Ynskjer alle ein fin
17 mai i morgon:)


Ope på Patina
10.30-13.00


Velkomen:))

søndag 1. april 2012

God påske

 
Patinadamene ynskjer
alle ein strålande 
påske...
Hekle, strikke, lese,
og gå på ski..
Ei av damene skal 
iallefall til 
fjells:)


Hugs, stengt denne veka!


Klem frå oss:)

mandag 26. mars 2012

Møte på Patina

I dag har me besøk av nokre flotte damer som har lagt dagsmøtet sitt til oss. Eg har no baka grytebrød og dekka bord så det skal vere klart for lunsj:-)

lørdag 10. mars 2012

Is kunst

I dag har det øse pøsa på skikkeleg vestlandsk vis. Men jammen var det noko fint å finne ute likevel:-)

mandag 27. februar 2012

Gjenbruk.

Har du ein gamal og litt tøff fryseboks som er lite energieffektiv...? Denne såg eg langs ein veg som vert kalla "brattbakken". Der treng dei strøsand, og fryseboksen hadde tatt på seg jobben;-)

lørdag 25. februar 2012

Over fjellet etter bruktfunn.

Patinadamer trossar både vegmelding og værvarsel når det er bruktbutikkar i sikte... Her eit lite stemningsbilete frå Hemsedalsfjellet, då ein av Patinafamiliane reiste austover. No er bruktbutikkar saumfart og nokre godbitar lagt i skiboksen (takk og pris at den ikkje var full av ski!!).

onsdag 25. januar 2012

Ski NM og snart opning


Då er to av Patinadamene reist til Oslo
på gave-og interiørmesse.
Vert spanande og sjå kva varer som
kan dukke opp i butikken framover.
Det som er sikkert er at me skal tilby meir
lokale, økologiske og andre gode matprodukt,
og det gledar me oss til.
Ellers driv me og malar golvet i kaféen,
nærmar seg opning att, torsdag 2.februar !

På Voss er det
NM på ski i helga.
Dette vert stor stas for Vossabygda.
Me ynskjer alle lukke til og
VELKOMEN TIL VOSS ! 

søndag 1. januar 2012

Hadde ein strålande 
 kveld i går!
Heile Patinafamilen,
og nokre til..


Då var me klare for
nytt år og nye
utfordringar:)
Det håpar me du
òg er:))


****

lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!!

Patinadamene ynskjer
alle eit riktig
GODT NYTT ÅR!!
..og takkar for det gamle...
På gjensyn i
det nye året:))

onsdag 21. desember 2011

Førjolstemning

Tykkjer det meste vert vakkert med ein gamal, grå og verslitt vegg som bakgrunn... Eller grå og grå. Desse slitte veggane er eigentleg eit samansurium av ulike brun-gråe-beige-nesten grønaktige nyansar. Me nyt dagane fram mot jol! Og i alle fall når godveret syner seg fram!

tirsdag 22. november 2011

Ski-NM på Voss ?


Eit bilete av Patinanistene
servert til kunstnarane i helga.
Kjekke folk og god stemning !

Eit lite tips om du er tenkt deg på
Ski-NM
på Voss i slutten av januar,
eller veit du om andre som skal,
som ikkje har ordna seg overnatting ?
Me har framleis ledig i våre flotte husvære.
Nært både tog og buss,
og berre ein halv time til skiarenaen.
Løp og kjøp, seier me berre ;)

søndag 20. november 2011

Tradisjonsmat

Me Patinadamer syslar med så mangt. Turid har gard med røykhus. Slik tradisjonen er her på vestlandet. Og pinnakjøt og rullepylser lagar me sjølvsagt sjølv:-)
Kunstnarseminar på Evanger 
 denne helga,
og Patina samarbeider 
med vår flotte nabodame, og kunstnar 
Mona Nordås i
 Evangerista-Kunst-og-kulturhus
 Me står for
lunsj, kaffi og kaker:))
I tillegg bur halvparten
i våre leilegheiter.
Veldig kjekt å samarbeide 
på denne måten:))
Fin søndag til
alle:))

torsdag 13. oktober 2011

Me har fått ein
del telefonar opp
igjennom åra her
på Patina...
..og diverse magasin
 vil gjerne 
ha oss til å opne
heimane våre for
 fotografering..
Me vil jo ikkje vere 
vanskelege..og enda
opp med å sei ja
enno ein gong..
Denne gong vart
det Irene som "måtte"
til pers..og resultatet
finn du i siste
Rom123 nr 9..


Elles er hausten
komen for fullt,
og det var fyrste 
frostnatt i natt..
..så smått begynt
å få på plass
litt julepynt..
Og litt nye godsaker
frå Madam stoltz
er på plass i butikken.
..og so kaker då...
og kaffi osv..
Open 12-17 på
fredagar.
Velkomen:))