Viser innlegg med etiketten T-skjorter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten T-skjorter. Vis alle innlegg

lørdag 20. april 2013

Våren er kommen, jippi !

Våren er kommen.
Sy lysta er stor! Så enormt mangen kjekke fargar og stoff å leike seg med!
Eg har hatt stoff kjøp stopp lenge....det er kjedeligt det.
I går fekk eg tilbud om å kjøpe ein herlig liten haug med nydelige jersey stoff i spreke fargar! Å det kunne eg då ikkje sei nei til :)
Så no skulle eg berre hatt så mykje meir tid å sy!
Det er lenge sidan eg har lagt ut noko på bloggen. Skal skjerpe meg :)
Er ivrigare på facebook sida mi!

To sett i str. 80 / 86
Jersey fra Gekko og Sydilla
Chenille fra S&S og Printknits



Marihønestoff fra Printknits og bilerstoff fra Sydilla




torsdag 28. juni 2012

Sommaren er kommen tilbake....

Herlige dagar med sol og sommar. 
Solbrendte skuldre og herlige dagar!
Har sydd på bestilling eit sett til ein 2 år gammal gut.
Prøvde meg på ein retro shorts, med lommer og ribb i livet.
Kløver jersey frå Texart og chenille frå Stoff og stil.
Herlig kombinasjon.
Håpar det fell i smak og guten får mangen gode sommardagar!





tirsdag 29. mai 2012

T-skjorter

Har sydd nokon T-skjorter desse fine, varme dagane.
 Men i dag lure eg på; kven skrudde varmen av??
Eg nyt sola og det blir mindre tid til å sy.
Eg har eit motto; det skal vere lystbetont når eg syr.
Dermed skal kleda vere laga med godt humør :)
Men eg kjenner eg får litt "sy-abstinens" dersom det går for lang tid....:)

Denne T-skjorta er str. 2 år og slim fit.
JNY design stoff. grøn med kvite skyer.
Oransje trykknapp i  hals lukking.




tirsdag 22. mai 2012

Varme dager

I dag hadde me 24 grader, noko som er heilt fantastisk! 
Kjenner det gjer rett å slett godt. Leah har kost seg i sola og varmen.
Laga ei T-skjorte då ho kvilte.
Denne i ein slim fit modell. 
Liandlo jersey frå Texart
Ribb fra S&S



mandag 21. mai 2012

Sommaren kjem

Endelig! 
No har me venta rimelig lenge her på Vestlandet på varme!
 I dag kom den, HURRA!
Då måtte eg skunde meg å prøve å sy T-skjorte, då vart det to :)
Begge med stoff i frå Gekko og interlock i frå Hilco, sydilla.
Herlige sommarfriske vart dei, og satt veldig bra på :)

Str. 86/ 92