Avstand, ikkje i meter,
men i tause ord
blikk som ikkje vert sendt
steg over golvet, att og fram
men aldri i møte
aldri mot
kvarandre
alltid forbi, vidare vidare fram
fram
mot andre sida av rommet
(der du ikkje er)
Molekyla i kroppen sakkar farta,
stivnar, som i ein kamp for livet
der enden
den totale stillstand
nærmar seg uunngåeleg, fryktsamt
Avstand, ikkje i luft mellom oss,
men i den forma lufta har;
molekyl med faste avstandar,
nesten 273 grader kaldare
enn der vi mista kontakten
Du er ein ordkunstnar. Bilda dine viser eit godt blikk.
SvarSlettMvh Marie /MT