Viser innlegg med etiketten Gud. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gud. Vis alle innlegg

tirsdag 5. mai 2020

I ein tråd

du, som har vore eit rop
så lenge havet har slipt steinar glatte

så lenge sola
har gitt varme til dei skjøre stenglane
under løvetannmanken

og eg
som ikkje klarar å ta unna all stilla,
skyflar og skyflar
og så kjem det rennande meir

ein vegg av bølgjer og sollys og stille
byggjer seg opp langs horisonten

trengjer verda saman   -   pressar alt innover
til alt vert kjerne, alt vert sentrum

i eit liv som endå heng i ein tråd

endå
har  noko å rope
tilbake

mandag 13. januar 2020

Eg er fjorden

eg er fjorden
med alle mine ustadige djupner
og rare vegar i landskapet

eg er fjorden
med alle mine bølgjer, så lett
påverkeleg av alle slag vindar

du er fjellet, Herre
stødig omkransar du mine mange vegar,
tek imot bølgjer av alle storleikar
og når det stormar
opnar du famna
for mine knusande slag

her kan eg kvile
i trygg visse om dine stødige fjell
og ein dag
vil opninga til havet utanfor forsvinne --

då vil eg vere i deg
fullt og heilt


onsdag 18. desember 2019

Stabil

eg tenkjer på dette med stabilitet,
at atom ikkje endrar seg

korleis jorda er bygd opp
av dei same atoma
som for ti tusen år sidan

korleis det er den same sola
og den same månen
som ser ned på landskapet vårt, no
som for to tusen år sidan

at steinane utanfor Betlehem
som gjetarane kvilte hovudet mot
kanskje, og truleg, ligg der endå, ein stad
lenger ned i bakken
eller flytta litt på
eller under eit hus, innemurt i ein mur

at atoma i høyet i krubba
som vart ete av dyra - med sine atom
gjekk tilbake til bakken 
og fortsatt sirkulerer   ein eller annan stad

korleis alt er så stabilt
utan å samtidig vere stabilt,
for alt er i endring, atoma går sin gang

til ein dag kroppen min dukka opp i dette spelet
og brukar sine atom, kastar dei frå seg, tek opp nye
heilt til eg ein dag forsvinn ut sjølv
for aldri å dukke opp att        her

og korleis det stabile punktet kviler utanfor tida
i hjartet til Han som sette det heile i gong,
sette atoma i rørsle og bad lyset om å skine

korleis alle ting sirkulerer rundt Gud,
om ein tenkjer på det eller ikkje
og korleis han endå, stabilt som eit fjell
rekkjer ut armane og let oss kvile,
endå tilbyr tilgjeving og oppreising
endå tilbyr nåde,
som det einaste stabile punktet
i ei omskifteleg verd -

---

eg står under den same sola
som stod opp den første julemorgonen
og rekk hendene opp, auga opp, hendene opp
og seier
ja       takk!


fredag 19. mai 2017

Tilbake der vi var



ein gong svevde vi
over vatnet
var ikkje jord eller tid,

ein æveleg pust
ein tanke berre
hos Han som ser

og leia oss inn i bildet
som sårbare, fysiske
manifestasjonar av glede;

så vender vi tilbake dit
vi eingong var,
molekyla vil løyse seg opp

og Han som ser
fangar oss i svevet
byggjer alle ting om att i nåde



fredag 27. januar 2017

Elva som tek




den store elva
med alt dette vatnet
som berre renn og renn,
denne elva av minne
og tankar og tid og materie,
denne elva
av alt som er meg

den renn og renn
tømmer meg bit for bit
til det til slutt
ikkje vil vere meir å hente ut;
eg vil vere tømt
og borte –

eg kviler i det eine håpet,
den eine trua
dette eine
at der elva endar
vil det vere eit hav
som fangar meg opp,
eit hav som kjenner namnet mitt
og er mi byrjing og ende

eit hav der alle bitane
av det som ein gong var
vert samla saman
til ei betre utgåve
av meg sjølv