Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg

mandag 23. desember 2019

Entré

ikkje ein gong stjerna
var der heile vegen,
den gjekk si ferd gjennom rommet
og dukka opp
på det nøyaktig riktige tidspunktet

slik at alle ting kunne skje
etter boka 

det er aldri på slump
når urmakaren over alle urmakrar
set på timeren
og stiller inn heile universet
på sin eigen entré i historia


søndag 22. desember 2019

Gullord

i eit hav av ord
er det alltid nokre
som skil seg ut,
nokre som lyser mot deg
med bokstavar av gull
og glitrande perler langs kantane

desse orda legg du på himmelseng
i det finaste rommet i sjela,
og vaktar dei
som var dei frå Salomos miner -

ord
som med tida formar den du er
og byggjer om rommet til eit eige palass

og ein viktig observasjon
ein kan leggje seg på minne:
nesten samtlege av desse orda
er namn
        eller nært knytte til namn
på personar som har vore der, i livet ditt
og vore viktige for den du har blitt -


lørdag 21. desember 2019

Ein raud tråd

det går ein raud tråd
gjennom historia,
frå den ævelege kongsstolen
gjennom hagen i Eden og ut
i den store ørkenvandringa

det jagar ein pust over marka
ein vind som lyftar segla
og dyttar oss fram

gjennom slavekår og fridomskrigar
gode år og år med svolt,
krigar, fredar, handel og storm,
ei heil verd i framdrift gjennom rommet
og den raude tråden er der

sirklar seg inn på ein stall i Betlehem
og eit barn i krybba,
men går vidare, langt langt vidare
til bølgjene på Genesaret
og skriftlærde i Jerusalem,
gjennom jublande folkemengder
og ein spyttande mobb,
til ei tornekrone, eit kors, ei grav
og heilt inn i døden

der verkar det kanskje som det heile endar,
at alt har vore bortkasta strev -

men tråden fortset, ut av grava
og inn i hjarte,
frå hjarte til hjarte til hjarte
og heilt hit til oss

og vidare

går tråden gjennom historia,
til den ein dag vil gå tilbake
til der den kom frå, til opphavet
og dra med seg dei mange
som steig opp frå døden      med Han

fredag 20. desember 2019

Ordet blir menneske

treet er valsa flatt
og sett mellom to permar

blekket er forma til bokstavar,
sett i bestemte rekkefølgjer på papiret

alt dette
er vel og bra,
men ei bok er ikkje meir enn ei bok;
om den vert borte, er det papir som går tapt -

først når eg opnar boka,
let orda stige ut frå papiret
og inn i hjartet   -    bli fylde av ande
og levande pust

stig ordet inn i verda
knyter hjarta våre saman,
den levande Gud tek bustad mellom oss
no som då
og let oss få del i eit anna rike 

---

eg brenn ikkje bøker, av prinsipp,
men ikkje noko anna enn prinsipp
for bøker er papir
men Anden er over alt dette
 

torsdag 19. desember 2019

Den nye songen

den nye songen
er farga av julemorgonlyset

den har noko spinkelt ved seg,
ikkje fordi songen er spinkel
men fordi det er eg som syng
og stemma ber så kort
i dette enorme landskapet

samtidig er der noko mektig
mellom linjene
ikkje fordi det er eg som syng
men fordi eg har fått songen, som ei gåve
frå ein som kan dette med komponering -

så må eg leve med dette dobbelte,
å vere svak og sterk på same tid
og lene min svakheit
mot Han som gir styrke


onsdag 18. desember 2019

Stabil

eg tenkjer på dette med stabilitet,
at atom ikkje endrar seg

korleis jorda er bygd opp
av dei same atoma
som for ti tusen år sidan

korleis det er den same sola
og den same månen
som ser ned på landskapet vårt, no
som for to tusen år sidan

at steinane utanfor Betlehem
som gjetarane kvilte hovudet mot
kanskje, og truleg, ligg der endå, ein stad
lenger ned i bakken
eller flytta litt på
eller under eit hus, innemurt i ein mur

at atoma i høyet i krubba
som vart ete av dyra - med sine atom
gjekk tilbake til bakken 
og fortsatt sirkulerer   ein eller annan stad

korleis alt er så stabilt
utan å samtidig vere stabilt,
for alt er i endring, atoma går sin gang

til ein dag kroppen min dukka opp i dette spelet
og brukar sine atom, kastar dei frå seg, tek opp nye
heilt til eg ein dag forsvinn ut sjølv
for aldri å dukke opp att        her

og korleis det stabile punktet kviler utanfor tida
i hjartet til Han som sette det heile i gong,
sette atoma i rørsle og bad lyset om å skine

korleis alle ting sirkulerer rundt Gud,
om ein tenkjer på det eller ikkje
og korleis han endå, stabilt som eit fjell
rekkjer ut armane og let oss kvile,
endå tilbyr tilgjeving og oppreising
endå tilbyr nåde,
som det einaste stabile punktet
i ei omskifteleg verd -

---

eg står under den same sola
som stod opp den første julemorgonen
og rekk hendene opp, auga opp, hendene opp
og seier
ja       takk!


tirsdag 17. desember 2019

Eit garn

som spindelvev
strekk lyset seg ut frå stallen,

over dei stille markene utanfor byen
over elvar og fjell
og dei store hava

strekk seg tvers gjennom kjipe munnar
gjerrige hender
auge som nektar å sjå,
strekk seg gjennom og gjennom
lenger ut, lenger inn
i mørket

heilt inn til dei mørke hjarta,
som laserlys brenn det vekk mørket
og glattar ut
piggete tankar

det er eit garn
for oss som ikkje fiksar dette sjølv,
dreg oss inn, samlar oss
rundt eit barn i ei krubbe

der lyset vert ein heis
til fridom

mandag 16. desember 2019

Premiere

det første julespelet,
utan manus

berre rå realisme
og usynlege sufflørar 

- ei leiing i riktig retning
men scenografien er laus

og i staden for applaus,
endar natta i flukt for livet
til eit anna land

der refleksjonen er den tyngste bagasjen
og tilliten til teatersjefen
det einaste faste punktet å navigere etter



søndag 15. desember 2019

Ein veg ut

ein straum under bakken
blodet renn mellom røtene
til den ville skogen

ingen veit kor alt endar,
ingen har sett byrjinga på alle ting

alt me ser
er skogen rundt oss
og høyrer rislinga i dei stille bekkane
av blod
som gjennomsyrer landskapet
- det er dette trea veks på,
det er dette som er vår mat

og me brukar heile livet på
å jobbe oss framover     -      stadig lenger fram
utan at auga som møter den siste natta
har sett noko endring

---

ikkje før me stoppar, lyttar
høyrer blodet kviskre til oss,
for vegen ut
går gjennom blodet

det er den hemmelege utgangen
alle kan vite om,
viss dei berre får vite -

lørdag 14. desember 2019

Fisk

det er eit enkelt bilde
så reine strekar
og rommeleg innhald

under desse bogegongane
går me med rette ryggar,
og symbolet held me framfor oss,
for det er ikkje oss det kviler på
i det heile

så venlege auge, så gode ord
som løftar oss framover golvet
i katedralen

til me kan knele framfor alteret,
og alle symbol vert vaska vekk
til berre hjarta ligg att
som det einaste verdifulle me har

det einaste me har å komme med -


fredag 13. desember 2019

Eit før og eit etter

då bonden gjekk med ljåen
og let den sveipe over marka
så alle stråa gav tapt
og la seg ned i faret,
var det ingen framande tankar
eller merkelege syn
om det som skulle komme
i bonden sitt blikk

det var jord, strå, ljå og sveitte,
og når kvelden kom,
og høyet låg til tørk på grensa mot ørkenen,
var det ikkje noko uvanleg å sjå

stallen låg mørk
          og hadde ingen gjestar
dyra småsov
          det var stille som før
det gamle høyet låg i hjørnet
          det var slett inga seng
og lydane var dei vande, kjære

så annleis alt skulle vere
berre ei natt seinare,
kor mykje ståhei i den vesle stallen -

framande esel, framande menneske
og eit lite, blodig barn i høyet
kvilande på mora sitt fang
og dyra, andektige, nysgjerrige
frå kvar sine båsar -

nei, bonden hadde ingen tankar om dette
då han gjekk og svinga ljåen,
men etterpå
ja, etterpå
var det det einaste han hadde i tankane
kvar gong han nærma seg stallen -




torsdag 12. desember 2019

Elva

som ein uroleg veg i landskapet
bøyer elva unna
for alle hindringar

renn stille og taus
mellom steinar og store tre
og rislar omsider ut i havet

men
i andre enden,
der elva startar
er det noko som byggjer seg opp ...

om litt vil alle sjå 
at også ei roleg elv
kan lage bråk,
og når elva lagar bråk
er det ingen som kan stå imot -


onsdag 11. desember 2019

Blikket

stille sa du namnet mitt,
eg kjende det att
allereie før lydbølgjene traff meg

det var noko med blikket,
ein varme            eller  -  eit nærvær
eg ikkje kunne unngå å merke,
for det var meg du såg på

og varmen traff meg
som vårsol 
mot frosen mark




tirsdag 10. desember 2019

Atomklem

viss du held lenger no
vil dette svarte eg har bore på
i alle desse åra
sprekke
og fly utover
og eg veit ikkje heilt kva som er inni;
kva som vil komme ut
om det får sjansen

så sjølv om dette er uendeleg godt
er eg også litt redd
for kva som vil kunne skje
no



 

mandag 9. desember 2019

Det verkeleg kalde

det ligg snø på hjartet mitt,
ein mjuk puddersnø
over hardare skare

og under der -
tela som strekk seg som fingrar
innover mot det djupe

alt dette kan smelte

det verkeleg kalde
ligg inst inne,
ein kjerne av plastisk is,
upåverka
av milde vårvindar
eller jamlege streif av lys

her trengs det eit jordskjelv
ein vulkan
ein kjernefysisk fisjonsprosess

berre ei hydrogenbombe
på storleik med eit barn i ei krubbe
kan trengje inn og forvandle
kjernen

søndag 8. desember 2019

Plass i hjartet



det er eit fjell
i alle hjarte,
ein skråning så bratt
at glepp du taket
rullar du utfor,
ein tinde av dimensjonar
der berre nokre få   
har sjanse til å nå –

i somme hjarte
er veggen nedanfor
stupbratt

i andre hjarte
er det skrånande terreng
og plass til mange,
sjølv om dei aldri vil komme heilt opp –


lørdag 7. desember 2019

Lim oss saman

somme dagar
er sjølve livet litt laust
i kantane

det hadde gjort seg
med litt lim        noko
som kunne binde det heile saman att
til ein heilskap
me kan kjenne oss heime i

nokon
som kan trekke ut hovudlinjene
setje opp ein disposisjon
og peike ut vegen framover
til siste punktum

og vidare

fredag 6. desember 2019

Gjennom ein ørken

her står eg, midt i ein ørken
under den veldige stjernehimmelen
og ser opp i det uendelege, veldige -

forstår kor liten eg er
og at vegen tilbake er mykje lenger
enn vegen fram

ein stad der ute, på andre sida 
av dei vide sanddynene
ventar det stjernene vitnar om,
og eg må fylje kallet
heilt til enden

veit ikkje kva eg vil finne
eller om dette eg møter
er det som vil finne meg

redde meg
ut av min indre ørken -