Viser innlegg med etiketten blikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blikk. Vis alle innlegg

søndag 13. september 2020

Gjere rett

eg kjenner alle orda

veit kva eg må seie


eg kjenner alle blikka

veit kva eg bør sjå

etter


eg kjenner alle tårene

veit kor dei vil lande


eg kjenner alt dette, og meir til

likevel er det så vanskeleg

å sope all kunnskapen saman

på riktig stad til riktig tid

og heile vegen gjere

det rette



lørdag 4. juli 2020

Blikket er ein vind

så rart å vere fastlimt
til blanke ark

halde auga fast på papiret
vri seg til alle kantar
undre
ser du? ser du?

løfte seg opp
etter alle fire hjørne
og blåse seg sjølv
inn alle brevsprekkar
i eit rasande håp
om å til slutt treffe

deg


lørdag 28. mars 2020

Moria

det er i vinden stemmene bur
og i solstrålane
kjem blikka frå framande grenser

her er så kalde kantar
og golvet gyngar når me går,
kan me late att auga... -

om noko
kjem ansiktet heilt nært
og vert vevd inn i blodårene,
til alt me er og alt me kjenner
skrik i smerte
over dette som ikkje er oss
men kunne vore det, ja
svært godt kunne vore akkurat oss

det er vårt eige spegelbilete me ser
når me snur oss vekk
frå dei heimlause blikka

og vårt eige hjarte som vaknar til liv
når me vågar opne opp døra
og opne opp auga
og opne opp armane
for dette vesle me faktisk kan gjere noko med


torsdag 26. mars 2020

Orden i eit indre kaos

desse virrande molekyla
som ein gong var meg,
den gongen eg ikkje visste
ikkje ante
fordi eg aldri hadde sett
at du var til

og så fall du inn
som ei mektig samling energi
mot auga mine

ei kanonkule
gjennom ein plankehaug

flytta om på alt som var
og berre eksisterte,
alt eg skjønte hadde vore som ein søvn
fram til denne dagen

no vakna det til live
og molekyla fann sine rette plassar,
som soldatar på geledd
eller dei siste brikkene i eit puslespel
som fell på plass

alt vart på ein måte heilt og fullstendig
då blikket på deg
ikkje lenger var ei ukjent framtid


søndag 16. februar 2020

Inn i auga

det er auga dine
i alt, i alle ting, auga dine
som djupe brønnar

auge
som ser meg, ser mot meg
ser  -  meg
om eg vender rundt
og prøver å fange blikket, eit mildt 
smil
lunt
i augekroken, i munnvika, i kroppen
som eit ankerfeste
noko eg kan halde
og lene meg mot,
stole på
i alle mine usikre tankar

for du såg på meg
med auga
og eg fanga blikket ditt 
og meiner eg kunne lese det
som ei bok, eit spegelbilete
av mitt eige hjarte

lengtar du ikkje
etter det same som eg?

er det ikkje dette me vil
begge, vere her som kvarandre sine speglar
vise den gode sida
som me ser
når me vender oss bort frå det sjølvkritiske
og kastar oss inn
i den andre sitt blikk


mandag 10. februar 2020

Songen

songen
stemma tona i lokalet
frysningane
dei milde smila
glitrande auge
ei sveitteperle
blikk som vandrar over salen
framover til
songen
heile vegen songen
øyre som lyttar
føter som vippar
dei tunge gardinene
mjuke stolar
varmen som stig frå hundre kroppar
songen

den vesle uroa

kjolen
stemma, blikket, smilet
songen, å - songen, og auga
men først og fremst
blikket
smilet
kjolen

ja, kjolen
og auga
på meg


onsdag 11. desember 2019

Blikket

stille sa du namnet mitt,
eg kjende det att
allereie før lydbølgjene traff meg

det var noko med blikket,
ein varme            eller  -  eit nærvær
eg ikkje kunne unngå å merke,
for det var meg du såg på

og varmen traff meg
som vårsol 
mot frosen mark