Viser innlegg med etiketten kaos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kaos. Vis alle innlegg

lørdag 11. april 2020

Midt i ein stille orkan

eit stille mellomrom
som kløfta mellom to fjell,
der elva grev seg djupare ned
for kvar lengtande tanke
tilbake til normalen

for stilla er ikkje eit vakuum
ein mellomstasjon,
det er ein tilstand av kaos
der ingenting av det som skjer
inne i hovudet
finn sin refleksjon i verda rundt

så eg går her
tilsynelatande roleg
medan den ville orkanen
riv alt inni meg i fillebitar

at kaoset har ein ende
og orkanen snart møter sin overmann
er utilgjengeleg kunnskap
for den som har villa seg inn
i fortvilinga


torsdag 26. mars 2020

Orden i eit indre kaos

desse virrande molekyla
som ein gong var meg,
den gongen eg ikkje visste
ikkje ante
fordi eg aldri hadde sett
at du var til

og så fall du inn
som ei mektig samling energi
mot auga mine

ei kanonkule
gjennom ein plankehaug

flytta om på alt som var
og berre eksisterte,
alt eg skjønte hadde vore som ein søvn
fram til denne dagen

no vakna det til live
og molekyla fann sine rette plassar,
som soldatar på geledd
eller dei siste brikkene i eit puslespel
som fell på plass

alt vart på ein måte heilt og fullstendig
då blikket på deg
ikkje lenger var ei ukjent framtid