Viser innlegg med etiketten fasade. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fasade. Vis alle innlegg

fredag 27. desember 2019

Glipe til verda

er dette mitt fjes?
er det
du
som kikkar på meg 
gjennom stengde dører,
du
som
ler

som er den andre sida, vrangsida
av mitt eige spegelbilde

du, mitt fjes
mitt eige
         skodespel
for verda, ei scene eg kan falde ut
og pakke saman

ei glipe mellom den eg er for meg sjølv
og verda
slik den er
frå alle andre synsvinklar

er det?
slik?


tirsdag 12. februar 2019

Bakanfor fasaden



sjølv om kveldslyset er borte
og natta sig utover fjorden
heng skuggane endå att
i dei mørke krokane
der me ikkje går

bak alle vindauge
pustar det hjarte,
bankande mot stilla
som om denne dagen vert annleis
enn alle andre

bak alle dørene
ventar hender på klarsignal
eit ord, eit glimt
av kjærleg nåde

kanskje fottrinn mot brusteinen
varslar om eit nytt lys
over horisonten;
ein ny sjanse
til å sprenge fasadane
og stige ut
som nye menneske


tirsdag 12. juni 2018

Innover


kanskje kikkar du bak maska mi,
freistar å sjå kva som gøymer seg bakanfor
der fasaden smuldrar opp
og det grove reisverket vert synleg

ser bak
kanskje i frykt for å finne
             at det heile er eit filmstudio
og bak auga, bak smilet, bak alle orda
er det trestillas som støttar alt opp
og bakanfor der
             - ørkenen

frykte at det er slik
utan å vite
om det er di eller mi frykt
som er størst