Viser innlegg med etiketten frykt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten frykt. Vis alle innlegg

onsdag 28. oktober 2020

Golv blant golv

golvet er min venn

kviskrar du,

let deg valse ut

som ein innsjø på stovegolvet

der hjartet er den einaste 

taktfaste rørsla

me kan observere


så glir du i eitt med landskapet

og me kan vente og lengte

medan vissa om det me veit

brenn seg djupare inn


og golvet gyngar av garde

blant alle andre golv

i universet


kan me flyge utan vengjer

kviskrar du,

og me veit det 

er det einaste me kan



tirsdag 6. oktober 2020

Fryktar orda

sakte let eg frykta sive inn
gjennom porene i huda

eg fryktar orda dine
at dei skal smelte noko i meg

trengje seg lenger inn 
enn det eg kan tole

så eg let frykta ta makta
i stilla før orda

du let auga kvile på meg
og frykta ropar: sei noko, sei det, sei orda

sei orda

la alt rakne
ikkje pin meg i uvissa;

når du opnar munnen
er det frykta som lyttar og frykta som svarar

og alt som rasar
skjer på frykta sine premiss -



torsdag 10. september 2020

Kraterhjarte

sjølv om kjenslene gøymde seg

i skrekk

var blikket stødig

 

ingen forstod

at borgarkrig

også kan vere kald

 

 

 

lørdag 29. august 2020

Gje meg ein stein

gje meg ein stein -
eg skal knuse
trolla i trollskogen
heile trollskogen
og skogen rundt

eg treng ikkje noko sesam sesam
viss eg får ein stein
som er stor nok

til å knuse rapunsel
sitt tårn
og den stengde soveromsdøra
til tornerose

ein stein til å slå hol i skalet
rundt udyret
og trylle heksa kvit
til stein

rulle tvers over mordor
og inn i gapet
til midgardsormen

knuse myter, knuse frykta
hatet
knuse alt

berre gje meg ein stein


mandag 3. august 2020

På veg til intervju

ei lita
knøttlita
pittepittelita
frykt
har bite seg fast
i anklane mine,
held att
vil ha meg
til å stoppe

du er så lita
du frykt
seier eg,
prøver å overhøyre, oversjå, overføle
dei klamme fingrane
som klorar seg inn i huda

slepar med meg denne frykta
bortover asfalten, høyrer skrapelydar
frå føter som strittar imot

det var då voldsomt, då
at du som er så liten
skal vere så vanvittig sterk
tenkjer eg,
kjenner at ho har fått betre tak

det er som å vasse i saktestivnande betong

veit
at anten må eg overgje meg og snu
eller så må noko anna
noko drastisk
gjerast, som å setje fram trugsmål

- eg byrjar å danse, seier eg, her, midt i gata, eller
- eg byrjar å synge, eg meiner det, om du ikkje slepp no
kjem eg til å fortelje ein vits, eg kjem til å
le av sveisen deira
skoa deira
eg kjem til å dumme meg ut, med vilje

høyrer du; med vilje!

eg kjenner sigeren i stemma
og den vesle frykta let føtene mine gå





lørdag 30. mai 2020

Det er ikkje farleg!

ein stein som fell frå eit fjell
er ikkje farleg,
det frie fallet nedover stupet
og eit djupt drønn
når stein møter stein

det er ikkje farleg

fleire steinar vert med, renn saman
i venskapleg kappestrid
over tuer og jord - som vert med
og du står og ser på og veit
det er ikkje farleg

heile raset buldrar nedover fjellsida no
og røyken veltar gjennom skogen under
snart brekk trea som fyrstikker
og røtene vert kasta rundt og rundt 
og raset er blitt eit rasande tog av tore

det er endå ei eng mellom deg og raset
så det er ikkje farleg
det er ikkje det, steinar som renn
i eit brølande kor er ikkje farlege

først når bakken rundt deg løyser seg opp
og jorda sklir ut
og dei første steinane smell i bakken rundt deg
og du sjølv er midt i raset
er det farleg

og for seint


onsdag 1. april 2020

Alltid noko

alltid noko å strekka seg etter,
noko som er der ute
like utanfor
rekkevidde

alltid noko å sjå etter,
noko som forsvinn
når eg vender auga
i den retninga

noko å vente på, noko å lengte etter
noko som held seg
nokre få centimeter
unna medvitet mitt

alltid noko å rømme ifrå,
noko som er der ute
like før, like utanfor
meg sjølv


søndag 22. mars 2020

Saks

den usynlege saksa,
ein stillferdig spion
bak alle dører

lyttar, ventar
får med seg kvart einaste ord

saksa som klipper orda
og let dei falle til jorda som støv,
svevar rundt alle hjørne
ventar
på ubesindige tankar, 
uferdige formuleringar

det du seier
som du aldri skulle sagt
og klipper det opp

det vert støv over maten, oske
i alt du et,
redsla for saksa
har lukka så mange stemmer inne

me fryktar den usynlege saksa
som ikkje finst


tirsdag 3. mars 2020

Ubåt på månen

me startar denne ubåten
køyrer i låg fart
like under overflata
på månen

ein sjø utan vatn
ein lengt utan ord
ei utsikt som strekk seg
gjennom det tomme rommet

sakte vender me blikket
mot kvarandre, 
let oss søkke inn
i kvarandre sine blikk

kveler eit hikst av frykt
for denne sandsjøen
      er noko anna, noko meir
noko mykje meir alvorleg
enn det me har møtt før --

stille glir ubåten fram gjennom mørket,
pløyer sanden til side

legg etter oss eit spor av eigen smerte
ein lengt utan ord
ei utsikt som strekk seg
mykje lenger enn det hjarta kan nå


søndag 2. februar 2020

Mørkemann II

det vert så tomt her inne
når orda tonar ut
og mørkemannen smiler
sitt liksomlune smil

for det han har sagt
skal vere så allment akseptert
og smart

så at eg vert redd av orda
kjenner meg liten
som ein frostig fugl
er langt utanfor alle førestellingsevner;

du er kjemiske reaksjonar sa han
det er alt,
og vegen fram til no
er ei rekke tilfeldige hendingar

at tida starta
er eit mysterium
med ei logisk forklaring
og når du dør
er du borte borte borte borte borte borte    borte     borte

borte

seier han
og skisserer opp milliardar av år
utan min eksistens  --  og aldri kjem eg att
så det gjeld å bruke tida godt
smiler han
mørkemannen: YOLO!

og eg krympar meg i smerte,
kjenner tyngda av verdsrommet
smelle inn i vakuumet nedst i hjartet,
der den eksistensielle krisa held på å reise seg
som eit monster av gjørma

--

eg gjer det einaste eg veit
kan tenne lyset i auga att, kjenne
varmen spreie seg i kroppen
og gleda vekse:

eg bøyer knea,
vender meg til han som sa
eg vil gje deg framtid og håp

og kjenner noko spire fram
i lysstrima frå himmelen


torsdag 26. desember 2019

Isbjørnen

den dagen isbjørnen kom
som eit antimagnetisk felt
nedover gågata,
den dagen me forstod
kor skjøre desse husa av papir er,
kor smale vegar, kor tynne gliper
mellom liv og død

den dagen isbjørnen kom
og nordlyset drukna
i våre eigne smeltande hjarte

fortsatt bankande som tornadoar
i møte med den absolutte stilla

 

tirsdag 12. juni 2018

Innover


kanskje kikkar du bak maska mi,
freistar å sjå kva som gøymer seg bakanfor
der fasaden smuldrar opp
og det grove reisverket vert synleg

ser bak
kanskje i frykt for å finne
             at det heile er eit filmstudio
og bak auga, bak smilet, bak alle orda
er det trestillas som støttar alt opp
og bakanfor der
             - ørkenen

frykte at det er slik
utan å vite
om det er di eller mi frykt
som er størst


onsdag 3. januar 2018

Vinterlys



kan dette vinterlyset
berge meg over
avgrunnars avgrunn
i mitt eige hjarte –

somrane leikar endå
som mjuke vindar
i cellene mine

men her – midt imellom
er det døden som rår
gjennom mørke skodder
og kulda som held meg
i lenkjer

og den største avgrunnen
er mi eiga frykt
for meg sjølv og tida
og det stummande mørket

kan dette vinterlyset
berge meg over –