Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg

03 mars 2013

Brennende Kjærlighet Votter

I slutten av januar meldte eg meg inn i Projo sin vottealong på facebook.
Eg er eigentleg ikkje noko along-menneske, så dette er min første strikkealong på nettet.
Eg kan ikkje ha noko press over meg når det gjeld strikking.  Er ofte dårleg i muskulaturen og må gjere det som eg klarer der og då.  Av og til er det hekling som fungerer og andre tider strikking.  Det kan plutseleg bli stopp i å strikke på fem pinnar.  Av og til er det best med tynne pinnar og av og til tjukke. På denne måten blir det mange halvferdige prosjekt rundt om kring.  Men dei fleste småprosjekta blir ferdige til slutt.  Strikkelysta og engasjementet er på topp, og eg har ikkje fått forbod av kiropraktoren min :D
Dette er januarvottane i Strikkealongen.  Det er eit mønster av Jorid Lindvik og vottane er strikka i Finull frå lageret mitt.  Vottane tova eg for hand i grønnsåpe.  Kankje dei må ha ei runde i vaskemaskina og, får sjå.
Denne nydelege buketten fekk mannen min for å ha jobba 25 år i samme firma.  Muggen kjøpte eg av Ingun på Primula i fjor sommar!                              

Takk for dei positive kommentarane på restegarnteppet mitt.  Så kjekt at så mange likte det!!

02 februar 2013

Horned Owl Mittens


Eg har del UFO'ar frå i haust som eg skal prøve å gjere ferdig.  
Først ut er dette votteparet i Falk frå Dale.
Mønsteret er
(Ravelry link)
I fjor haust hadde eg ein oransj periode, 
difor fargane oransj og mørkebrun.
No, midt på vinteren, hadde eg nok satsa på andre fargar,
 skulle eg ha begynt på desse.
Dei var artige å strikke,sjølv om det var litt pirk...
Baksida
Eg må innrømme at eg har litt ugledilla.
Uglebildene er det faren min som har malt til meg.