Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
Viser innlegg med etiketten Hagen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hagen. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2011

La regnet øse ned, la det renne i strie strømmer……..

IMG_0355IMG_0363

Skal tru om da regnar eg i dag?????

 

IMG_0361IMG_0365

Trykk på bildene så ser de kor gale da e.

IMG_0366

Nok ein fin inne dag.

onsdag 3. august 2011

Bading pågår….

Mobil 2011 014Mobil 2011 018

Me kosar oss på Fimreite i campingvogna. Ungane bada og sjølv om sola vart borte, og ikkje kom att. Men det gjorde regnet…..Svaberg er glatt, så mora holdt på å få seg eit ufrivillig badSmilefjes

Mobil 2011 020Mobil 2011 022

Etter ei natt i vogna så kjem ein heim til dette blomsterfloret, det skal ikkje mykje sol til før rosene sprett ut i full flor.

Mobil 2011 029

Bildet under er av klatre rosa mi som eg planta i fjor. I år er det ei grein som veks opp over og endar i eit hav av knoppar. Så lurer eg på kjem den til å kome med fleire greiner til neste år eller stryk den med i vinter? I fjor då eg planta den hadde den mange greiner, men i år er det berre ei som veks.

Mobil 2011 026

I morgon er det tidlegvakt med ei påfygjande nattevaktshelg…..så eg håpar på masse strikkingSmilefjes

mandag 27. juni 2011

Blomstrar i regnet....


I dag regnar det att. Trudde sommaren var komen eg etter at me hadde fint ver i helga, men nei då. Det var den ikkje. Kor kjem alt detta regnet i frå? For min del kunne skyene sleppt det ned ein anna stad....

Jentungen ( som snart er vaksen), så eg kan vel kanskje snart ikkje kalla ho jentungen meir...var ein tur ned i sentrum i dag. På ein liten photoshoot med ei jente, så då nytta eg høvet til å kjøpa ei 50 mm linse. Så no har eg vore ute å teke nærbilder. Ikkje har eg peiling på dette, men eg knipsar no i veg og prøver så godt eg kan :)

Så her er eit lite utvalg av blomstrane som er i hagen.
Øverst er det Allium, i midten rhododendron og nederst er det blå valmuesøster. Tre sortar som er fine på kvar sine måtar.


I slikt ver som me har i dag, og som me skal ha dei neste dagane, så er det ikkje anna å gjere enn å sitja inne å strikka:) Noko eg har gjort i dag...


Posted by Picasa

søndag 29. mai 2011

Litt blomstring i hagen….

 

IMG_8916IMG_8919

Heisann!! Ikkje mykje å visa innan strikking for tida, så eg var ute i hagen i går og tok nokre bilder. Inni mellom regnbygene. Ikkje mykje blomstring her endå, sidan det regnar kvar dag og gradestokken ligg på 6 grader pluss- minus. Opp e hjå svigermor blomstrar tulipanane som bare det inntil husveggen. Dumt eg ikkje var opp der og tok bilde, jaja eg gidd ikkje ut no iallefall. Her nede hjå meg er det berre rett før tulipanane sprett ut, dei få som eg har. Vert faktisk spennande å sjå kva farge dei har…hugsar ikkje kva eg sette ned i haustSmilefjes

IMG_8920

Kuleprimulaen blomstrar iallefall. Dei er fine no, men seinare på sommaren er det berre store blad der, som berre blir større og større. SOm og tek masse plass. Kanskje eg skal laga meg eit bed, der det berre er slike blomar? Men ikkje i dag…..no slappar eg av til eg skal på natt att. Siste natta på mange veker. Sidan eg har ferie når eg skal ha natt neste gong Smilefjes jippi for det, nattevaktene vert seigare og seigar til eldre eg blir…..

IMG_8921IMG_8925

IMG_8924IMG_8923

I morgon etter eg har sove så tek eg turen til Bergen. Skal hente nokre dverg kochin kyllingar på tirsdag. Ungane er sure for dei ikkje får vera med, men eg treng litt fri eg og av og tilSmilefjes

Ha ein fin søndagsettermiddag.

søndag 1. august 2010

Hagesenter på Fagernes.

Juli10 596

På veg heim frå ferie stoppa me på eit hagesenter på Fagernes. Her kunne eg ha gått i timesvis, men det hadde eg/me ikkje tid til. Men masse fint hadde dei. Og litt fekk vera med heim att.

 Juli10 594Juli10 592

Dei hadde eit kjempe utvalg her i forhold til kva ein finn heima. Det kan nok verte fleire turar til Fagernes…….

 

Juli10 599  Juli10 598Då me var komne heim att så var det å ha seg ein runde rundt i hagen. Og riddersporene mine hadde kome ut i full blomst. Kjøpte meg ein ny ein på Fagernes som må plantast ned ein plass og men kor???

 

Juli10 602

 Til og med rosa som skal opp i pergolaen hadde byrja blomstra. Rosa på den eine sida og raud på den andre.

No byrja det regne att ute. Er nett ferdig å plukke jordbær. Ikkje så mykje som er modne endå…..eg treng litt varme og sol.

torsdag 8. juli 2010

Litt blomstrar.

 IMG_6026No har eg venta sikkert ei veke på at vannlilja skal sprette. Og i dag skjedde det. Heilt open er ho ikkje men det nærmar seg no. Har og oppdaga ein knopp til som er på veg opp til overflata. 

IMG_6027  Blåvalmuesøster og iris.

 

 

IMG_6035 IMG_6033

Tom Tom heiter denne rosa her. Fyrste rosene mine. Skal tru om dei overlever vinteren?

IMG_6034

The Pilgrim heiter denne gule og den luktar godt.

fredag 2. juli 2010

Ein slapp dag i varmen……

IMG_5993 IMG_5994

Her sit det ein liten luring, som jaktar på fisken. Dårleg med fiskelukka….heldigvis. Bra gullfiskane og koien er so vare for bevegelse rundt dammen.

 

IMG_5988  IMG_5985

I dag har det vore ein ganske slapp dag i varmen. Berre kost meg og slappa av. Er ikkje god til å gjera noko når det er så varmt heller. Er ikkje bygd for slik varme……Har sete i hagejynga mi og nyter utsikten og strikka litt, når det ikkje vert for klamt mellom strikkepinnane.

  IMG_6008

Her leikar Hallvard seg med katten som me har fått oss. Pappa seier den vert ein skikkeleg jakt katt. I vinter/vår har det vore mykje mus oppi bakken over huset her og det likar eg ikkje. Så då måtte me få oss ein jakt katt. God på mus…….flink er har for han har allerede fanga si fyrste.

 

 IMG_6010Herleg duft av Verbenaen.

Ha ein fin helg.

fredag 25. juni 2010

Prosjekt utviding……..

IMG_5845IMG_5921IMG_5927IMG_5932

Siste veka har me drevet med litt utviding av platting attmed dammen. Skikkeleg fornøgd er eg om eg må få sei det sjølv. No gjenstår eit strøk til med kvitt og beising av plattingen. Og planting på opp sida. Der skal det koma ei klatrerose, pluss litt andre planter som kjem frå andre bedd her i hagen. Gledar meg til eg har fått spadd og blanda opp jorda i blomsterbeddet.

 

  IMG_5929IMG_5942   

Dammen skal å utvidast, men det skjer nok ikkje før til hausten eller neste vår. me får sjå om arbeidslysta er der. I dammen er det komt ein knopp på den elste vannlilja. Vert spennande å sjå om den kjem opp og blomstrar.