Viser innlegg med etiketten Bunad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bunad. Vis alle innlegg

tirsdag 18. mai 2010

17.Mai-fest..... og resten av by-festen...


17.Mai vart det eit strålande veir når det lei litt på dag. Her er små og store festkledde i Borgertoget kl. 16:00.

Festkledde, og mange i kostymer frå tidligare år, var å sjå i gatene den 16.Mai. Her frå den store bursdagsfeiringa. Da sprang vi litt mellom lettare regnbyger...


Då Åge Aleksandersen kom på sena, vart det striregn. Men like stort publikum, og humøret på topp både frå sena og publikum.... dette var moro.



Florø,s nyaste borger: Sildaguten. Denne vart avduka 16.Mai, og er ei gåve frå "Utflyttarane" til Flørø by. Ei populær gave som spesielt fall i smak blandt dei eldre. Det er nok enno mange som
huskar sildehankane som dei selde på dørene til folk.


lørdag 3. mai 2008

Ut på tur og ikkje sur...

Lenge sia eg har vert innom no, og alt har si forklaring. Forrige veke var eg på tur oppover kysten til Bodø med Hurtigruta. Dette var eit jobb-seminar, men litt handarbeid blir det alltid tid til.
Vel heime att kom ei søster m/mann på besøk i helga. Ho skal sy bunad til eit lite barnebarn, og då er storesyster god å ha. Trur den små "trulta" skal bli fin, det spørs kor det går med bunaden etter diverse iskremar...

Restegensaren er ferdig, men blei fryktelig rar, sjølv om eg har brukt oppskrift. Tja, oppskrift er vel å overdrive, men den har altså måla både på langs og på tvers. Passar nok best på ein liten "smørbukk" i str. 5-6 år.

På tirsdag var eg på ny Hurtigrute-tur, denne gangen frå Ålesund til Bergen. Mor hadde fått turen med hotell-opphold i Bergen i gave frå alle barna m/familie. Det var 38 år sidan ho sist var i Bergen. Eg var med som reisefølge, og damer på tur har alltid med litt småsysler. Vott nr.2 blei ferdig.


Ønsker alle som er innom ei flott helg.