Viser innlegg med etiketten Kofte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kofte. Vis alle innlegg

torsdag 30. desember 2010

Godt Nytt År.....

Til alle bloggvenner....
Måtte det nye året værte like stille og rolig som utsikten her ! Bilde er tatt 2.juledag. Eg feira jul "over fjorden", men er forlengst heime att i eiga stue. Og her skal nyttårs-festen feirast. Florø by avsluttar 150års jubeleum. Fyrverkeri er fast tradisjon, likeså karnevalsopptoget Kjippen, som går ved midnatt. Byens gater er folksame som ein 17.mai, men eg er der ikkje.
Helsa er slik passe, men heldevis har eg panoramautsikt til det heile...
Til trass for ei litt slapp førjulstid, blei dei fleste gavene ferdig i tide. Ja nokon blei endatil innpakka før ein rakk å fotografere....
Når husets datter er fornøgd, og alt passer, då får ein være tilgitt at ein må drive og lyge litt undervegs...

onsdag 3. november 2010

Montering

er noko "dritt", men må gjerast. No er denne vesle gensaren m/hue, og fanakofta ferdig. Begge er i st. 2-4 år. Kofta til Rigg-basar, og gensaren julegåve.
Og sidan jula kjem nærmare, skjønte eg brått at her må det jobbast. Få ting og tang unna, ikkje berre starte på nytt når eg ser noko spennande..

søndag 26. september 2010

Sunday,s morning.....

Jobb-perioden er over, det er også 4 møtedager i Kristiansund. Hotellovernatting er kjedelig, men med strikketøy innen rekkevidde går det greit. Dette er ei ny tova-veske modell. Har sett den ferdig og syntes den var morsom.

På jobb er det no 4 stk. som strikkar Fanakofte/gensar. I ulike garn, og ulike størrelsar. Denne er i str. 2-4 år, og strikka i Sisu. Slik blei den overlevert på mitt kontor. Snille deg, orkar du gjere den ferdig. Og det orkar eg nok.... Blir nok til Rigg-basaren denne og..

torsdag 1. juli 2010

Sommargensar

Som snart bør bli ferdig. Med 10t. reise nordover (pga streik), og koselig hurtigrute tur sørover, minkar det litt etter litt.

No kan det være at sommarvarmen er rett rundt hjørnet. I alle fall er temperaturen noko høgre i dag, enn då eg reiste på jobb for 14 dagar sidan. Så i dag blir det terasse-liv med strikking, medan eg ventar på neste utflukt.
Tirsdag 6.7. blir det strikketur på Mjøsa. Men først helga i Fredrikstad for å helse på det nye barnebarnet.
Starten på ei Fana-kofte blei det også tid til på jobb. Dette er eit bestillingsarbeid som ikkje behøver bli ferdig før til jul. Armane var ferdige, trudde eg... den som studerer bilde nøye vil sjå at her manglar noko. Så då er det berre å rekke opp att, asj....

fredag 27. mars 2009

Vår

Tidleg mandag tok eg turen til hytta. Her er "bitte-litt" av hagen til naboen. Eit praktfult syn, då må ein berre få vårfornemmelse.

Like tidlig torsdags morgon, på veg heim att. Å sitte på kaikanten og vente på postbåten, eit stille øyeblikk. Det er berre skjøen og fuglane som gir lyd frå seg....

Eit sokkepar blei ferdigstrikka. No har eg ikkje halvferdige prosjekt som ligg å ventar der...

Den vesle lusekofta, str. 18mnd. er også ferdig. Det blei tråd nok til hue og. Den er på veg til ein kjekk liten kar som eg ikkje kjenner. Har har vistnok ikkje strikkande bestemødre eller tanter..
Og då har eg ikkje halvferdige prosjekt liggande på jobben heller...
Helgas store prosjekt blir montering av brann-gensaren....
Ha ei fin helg alle saman.



søndag 22. mars 2009

Mammutsalg og andre restar...

Restane etter Branngensaren blei til 2stk. panneband. Bokstavane er hekla på, ikkje heilt proft dette...

Restar etter Mammutsalget. Noko av dette blir flyreise-lesestoff i påska.


Restar av heklegarn, blir flyreise-arbeid i påska. Eg skal fly langt.


Barnekofte som har vært jobb-arbeid lenge. Armane har vert ferdige i fleire månadar. No minkar det her og....


Ein av gutta på jobben ville ha ei hue. Skulle være litt kort, med dobbel brett så den kunne brettast ned om nødvendig. Med dobbelt sokkegarn og 2 kveldar var jobben gjort. Og den nye eigaren kjempeglad...




onsdag 14. januar 2009

UFO,ane har flydd

ut av skapet denne veka, og symaskina er komt heim frå doktoren, frisk og sprek. Men fordi prognosen var dårleg på ei 38år gammal maskin, rakk eg å kjøpe ei ny brukt før legen hadde fått uttale seg... så då så.. no har eg to.


S øster Kari sin juleduk nr. 2 har fått påmonterte band. Kjem de og hentar den ?

Ei strikkejakke som har venta eit par år på band er ferdig. Hadde ein mistanke om at den var for lita, og det stemde. Blir no gitt bort..
Sofaputa frå nabo,en er ferdig og komt på plass i den lille sofaen som nesten aldri er i bruk. Er redd for den, dette blir eit spesielt minne..

Eit lite stykke applikasjon. Gikk på kurs, må være 2-3- år sidan.

12 ulike heklabrikker, her var det berre å feste tråder. Kan ikkje skjønne kvifor eg ikkje jar gjort det før.

Hardangersaum. Denne lagde eg på jobb, skulle lære jentene å brodere hardangersaum. Den venta på falding.

Ei lita rund brikke som låg i ein komode eg kjøpte på auksjon for mange år sidan. Den er blitt vaska og stelt, har fått ein liten blondekant. Ender nok på hytta..

To ferske skjerf, låg der berre og venta på festing av tråder. Eit til meg og eit til gave.

Dette er ingen ufo, men ein gensar eg strikka for nokre år sidan. Har vert pent brukt, men oppheng etter vask. Dermed har den desverre sege ganske mykje. Og eigaren har trygla om hjelp. Så no har eg tatt av den både på armane og bolen, og strikka nye brot. Ikkje direkte vanskeleg, men heller ikkje det minste moro med flettemønster alle veier...
Er sånn passe fornøgd med resultatet, men eigaren kjem til å juble. Han var glad i gensaren, men slutta å bruke.

No ligg det eit prosjekt att i skapet. Det må eg ha hjelp til, så det kjem fram i dagslys seinare.

onsdag 30. januar 2008

Mammas syrom


Mammas syrom er igrunn berre eit lite kott. Men det er berre mitt, her må andre nesten søke visum for å trå innafor. Gullungen, min datter, seier at ingen rydder så ofte som hennar mor. Kansje sant det, men berre på overflata. I går vart det tatt til under filleryene på golvet. Og mitt nesten kjæraste eie, bortsett for ungane då, kom fram i dagslys. Symaskina vart kjøpt i 1972, kosta meg då ei heil mnd.lønn og har vert ein trufast slitar.



Div. kasser med stoff, sotert i farger og anvendelse. Må ha eit lite utvalg, kan brått få ein ide ein laurdags ettermiddag.

Desse 4 damene kom til etter eit kurs. Blei ikkje heilt ferdige, har kansje gått seg bort...


Eit sort skjerf som eg tenkte å gi bort. Har vist gått seg bort det også...


Dette blei ikkje ferdig fordi det hasta med det sorte, trur eg. Skal bli eit skjerf det og.


Og dei som trur dette er skjerf tar heilt feil. Vent og sjå, dette kjem straks i ferdig utgave.



Dette er ein linduk med bittesmå korssting. Ikkje noko for mitt syn lenger, men ei jente på jobben har låva og sjå på saken.


Ei ferdig strikkejakke som aldri blei montert. Grunn..... trur den er for lita. Den er i grunn veldig fin og kunne bli ei flott gave. Her må eg nok stramme meg litt opp og gripe fatt i saken..



Innerst i kroken står 4 grønnsak-kasser med div. tråd. Kjekt og ha, og må berre ha...


Bakerst, nederst og innerst, kom denne lille påske-historia fram i dagslys. Kor lenge den har venta er usikkert, men det er vel kansje nokre år sidan flammegarn var inn ? Gullungen seier den er så stygg at den er kul, så då må den få eit verdig liv. Har faktisk tråd nok til 2 stk. så kven veit.
Så nå er det rydda, symaskin og strikkemaskin kan vente nye oppdrag, berre alle desse UFO,ane er historie. Om nokon har sett eit strykebord her også, så er forklaringa den:
Berre til bruk for å stryke ut saumar og når eg aplikerer. Eg har eit anna som eg brukar til vanlig stryketøy.