tirsdag 30. april 2013

Nostalgi/6080



6080, 6392 –
Kven kan vel gløyme tala,
lysande nummer langs vegen
mot den vaksne verda?
- ok, eg hugsar dei ikkje…
Men eg hugsar kva dei stod for,
og lengselen dei skapte
for ein ung og håpefull,
om enn realistisk
legoentusiast,
som visste at sjansane nok var små -

Likevel!

Draumane på kanten av senga,
der legokreasjonane stod på rekke og rad
og venta på 6080, 6392 –
var levande, og auga stira seg store og runde,
vart trekt mot dei glansa bileta

Eg lagra kvart einaste hefte,
endå dei var prikk like
og draumen ikkje kom nærare – likevel
likevel håpe
ja, håpe likevel på at kanskje --

til jul… eller neste bursdag… eller i sommar…

April flowers



My April flowers aren’t wild horses
neither strong survivors of the darken winter nights
nor long expected sights of spring…
They’re a gift, a pleasure given
bought to measure up the joy of newborn life
and celebrate the birth and hope
that shivers
through all community, the bond which leads us human beings
straight towards our future

(Tina's picstory: April flowers)

mandag 29. april 2013

Motlys



Alle skuggar bak meg, likevel
er kvart steg tungt,
som var det festa lodd til beina
punkterte lunger
ei tyngdekraft som verkar på skrå: Bakover
og motlyset blendar,
eg slår auga ned, ser berre mine eigne treige bein
og bakken, støvete og ujamn
mine eigne klede i filler
sko utan solar

Korleis kan eg tru eg kan gå her,
denne vegen, saman med alle dei som fiksar – alt
slik ser det ut, slik må det vere
medan eg, eg sviktar, eg svik
eg fell, eg snublar, eg snur
gang på gang
og eg snur ein gong til – fortset vidare
og er den ustadige, ustabile, utålelege…

Likevel karar eg vidare,
for Han sa også eg skulle få kome,
trass alt – i meg – som jobbar imot
og alt – i meg – som ikkje er godt nok

Han smilte berre då eg innvendte;
- Du kan då ikkje meine meg?
og rekte fram hendene og sa
det enkle ordet
“kom!”

Difor går eg no i motlys,
mot lyset


(Måndagstema hos Alt som er vakkert: Motlys)

søndag 28. april 2013

Inspirasjon



Inspirasjon – eit krasjpunkt
mellom vatnet i plenen
og det ausande regnet,
som står som stolpar bortover marka

Eg går berrføtt, berre for å kunne kjenne,
vite med instinkta
- eller kvar nervetråd som pulserar
mellom kroppen og hovudet,
der dei gamle signala vert brotne ned,
klipt bort med pinleg nøysemd
og bygde opp att – til eit heilt nytt byggverk

og plutseleg står alt klart for meg,
Eg plaskar over plenen, vasspruten står
om beina mine
og eg tørkar ikkje ein gong av meg på dørmatta;

eg må finne notatboka og pennen
før orda forsvinn ut i sølekavet att