The theme of this blog post is friends, and I'm so lucky to be blessed with many friends, friends from childhood, from youth, friends from family, from work, from hobbies and from Bloglandia.
Temaet denne gongen er vener. Eg er så heldig å vere velsigna med mange gode vener. Ei lita handfull av desse kan vel kome under kategorien bestevener. Mor mi lærte meg noko om dette, ein må gje av seg sjølv, og gjerne ofre litt, og så får ein tifold tilbake. Det må vere lov å vere litt filosofisk på Allehelgensdagen.
Eg blei ferdig med ein ny minikvilt frå Katleen Tracey sin klubb, denne er enkel og verkeleg nydeleg i mine auge!
A socalled "sneak peak" of something going on in the sewing room, I spy some broken dishes...
Grandma's best friend, helping in the kitchen! Mormor sin beste ven, hjelper til med bakinga, handlaget og interessa er ikkje noko å utsetje på!
Friends.................
This is about friends and best friends and good neighbours and vaffel hearts, a wonderful film for children (and adults), from Western Norway.Denne søndagen monterer eg julekuler, ser cupfinale på tv og Vaffelhjarte på nett-tv (frå NRK super). Eg anbefaler alle å nytte høvet å sjå dette på nett-tv så lenge det ligg der. Fantastiske bøker frå den unge forfattaren Maria Parr, med handling frå eit miljø som er kjent for meg. Odd Norstoga er med i filmen, og syng den nydelege låten Bestevenn.
Seinare skal eg sjå Barnepikene på kino, den som blei avlyst for nokre veker sidan, gleder meg!
Her skal hovudpersonane redde Bakka-merra frå slaktehuset, merra som er så klok at ho vrinskar Fadervår...
