Viser innlegg med etiketten Bad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bad. Vis alle innlegg

lørdag 23. mai 2015

Smiles on Tiles

 Ein av butikkane hos Japan Photo, der eg jobber, er Smiles on Tiles
Dei sel sjølvklebande og vannfaste bilder til flisane på badet ditt. Ein heilt genial
 måte å dekorere badet på uten å måtte lage hol i veggane. 

Eg har lenge planlagt å skaffe meg slike.Ting tar ofte litt tid hos oss, 
men no er den endeleg bestilt og plassert ;)

 
Mannen er båtfrelst så valget fallt på eit bilde frå ein segltur han har vore på. 
Så no kan han sitte på do og drøyme seg vekk ;)

Vi valde å lage ein mosaikk, slik at bildet vart stort. 
Som de ser har vi baderomsplater på badet, men det fungerer like godt på dei :)
Dei er enkle å montere, og like enkle å ta vekk igjen utan at det set merker!

Sjekk gjerne ut Smiles on Tiles her! 
Vi er veldig fornøgde :)

Ønsker deg ei herleg pinse!

Klem frå Bjørg :-)


//innlegget er laga i samarbeid med Smiles on Tiles//

onsdag 1. oktober 2014

Fargeglad fornyelse

Eg trengte litt meir farge på badet vårt. 
Vi hadde ein kvit kommode der. 
Den er ikkje kvit lenger ;)
 To av skuffene fekk farge på seg. 
Min favoritt farge-kombinasjon for tida er Nude og Butterfly.
 Derfor vart det sjølvsagt disse to som fekk pryde kommoden.
 Fargar til å bli glad av og som 
gjer meg ein god start på morgonen ;)
Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 22. april 2013

DIY; Donald på do + vinnerane

Då eg var lita var det vanleg å lese Donald Duck på do ;) 
No i voksen alder med 2 unger har eg som oftast hverken tid eller fred til
 å lese noko som helst på do ;) Difor har eg rett og slett laga meg eit Donald Duck
-bilde og hengt opp over toalettet. 
Det vart ein fargeklatt 
og eit fint barndomsminne på badet vårt :)
Bildet laga eg ved hjelp av gamle Donald- blad, 
eit lerret (kjøpt billeg på Europris) og tapetlim.
Eg klarte å få med nesten 3 heile 1-siders historier 
+ at eg har rive tilfeldig og limt fast for 
å fylle ut resten.

Så no har vi Donald Duck på do ;)
Vinnarane av Give Awayen er klare. 
Dei 3 heldige som vinn hansker og skjerf av lammeull i valgfri farge
 sponsa av Lue.no er:


Gratulerer så mykje! 
Kan de sende meg ein epost?
husetvedfjorden(ætt)hotmail.com

Tusen takk til Lue.no som sponsa dei flotte premiane!
Klikk innom her for å besøke nettbutikken.

Ha ein flott mandag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. oktober 2012

Meir blått på badet + Galleriplass hos NIB :)

Vi har to dører på badet. 
Den eine går ut i gangen, og den på bildet går inn på soverommet vårt. 
No har denne fått nokre strøk med den fine blåfargen også. 
Det vart veldig herleg med nokre fargeklatter i det ellers
 så "sterile" rommet :)

Golvmatta som eg har hekla av stoffremser passer fint inn. 
Så den har fått oppholdstillatelse her på badet ;)

Eg er så kjempeglad over å vere i Galleriet til NIB si Baderomsutfordring!
 Det kom inn hundrevis av nydelege bidrag, så å få kome i dette gode
 selskapet ser eg på som ei stor ære. Lille meg
 blant alle dei proffe liksom..
 Tusen takk!:)

Og endå eit tusen takk til de som
 har bidratt i utfordringa mi: Kreativ med Barn. 
Det er komt inn mange fin-fine bidrag. Eg og Ariel er allereie igong med å teste ut ideane ;) Og vi vil gjerne ha mange fleire, så det hadde vore supert
 om du har lyst å lage eit bidrag! :)

Det blir avstemming og premie til eit av bidraga. 
Premien blir det eit eget innlegg
 om seinare :)

Ha ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. oktober 2012

Blå dør

Mitt neste måleprosjekt skulle jo egentleg vere spisebordet vårt. 
Men plutseleg fekk eg slik inspirasjon til å sette igong på badet. Vi har 2 dører på badet, 
og desse trengte sårt nokre målingsstrøk. No er den eine ferdig, 
og den er blitt blå ;) Vi trengte litt farge på badet. 
Og denne blåfargen passa perfekt,
 synast eg :)

 No står neste dør for tur. Listene vi har på badet er slike ferdigmåla som du får kjøpt. Eit godt døme på at kvitt ikkje alltid er kvitt. Trur kanskje desse får seg ein shinings og ;)
Eg planlegger også ein liten makeover på baderomsinnreiinga
Det er i allefall oppe til vurdering ;)

 Vi bruker Hemnes kommoden frå Ikea til stellebord denne gongen. 
Genialt med masse oppbevaringsplass. 
Også kan den stå her når vi er 
ferdige med bleier også ;)


 Etter baderomsutfordringa har eg fått ein del spørsmål om kor badekaret vårt 
er kjøpt. Dette kjøpte vi for ca 3 år sidan på Coop Extra Bygg. Det er ikkje laga av porselen,
 men er ei god etterligning i plast ;) Derfor har det ein fin pris på rundt 5000 kr. 
Det er ikkje av det største slaget, men herleg å bade i (dei få gongane eg har gjort det) 
Ungane digger det, og eg liker å sjå på det ;)

Fin fredag til deg, snart helg :)

Oppdatert; blåfargen har fargekode S0520-R90B

Klem frå Bjørg :-)

fredag 5. oktober 2012

NIB utfordring oktober - Bad


Eg har lyst å bidra i NIB si utfordring for oktober, nemleg bad
Badekaret er ein stad eg bruker altfor lite tid i, men eg er grådig fornøgd med det :) 
Det er fint og mjuker opp det meir stramme golvet og veggane vi har på badet. Eg er generelt veldig fornøgd med badet vårt. Vi pussa det opp for 3 år sidan, 
så det er ganske nytt. Det er stort med mange vinkler og kroker.
 Og det er difor vanskeleg å ta fine bilder av det, sjølv om lyset er flott her :)
Så eg melder meg på i konkurransen med dette bildet. 
Sjå dei andre bidraga her!

Ha ei flott helg alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 17. april 2012

Nytt på badet

Tenkte eg skulle vise litt bilder frå badet vårt idag. 
Kassen i vindauge har eg måla svart, og den rommer no handkle, 
vaskekluter og flasker til badesåpe.

 Badematta som heng over badekaret er frå HM Home. 
Badekaret er kjøpt hos Coop Extra Bygg og krakken er frå Jysk, den vart blå
 etter nokre målingsstrøk for ei stund sidan. No lurer eg på å måle dei 
to dørene på badet i same fargen :)

 Då vi var på Bergenstur i mars vart det sjølvsagt Ikeatur. 
Og då vart kommoden Hemnes med heim. Denne skal vi bruke til stellebord, 
mens vi treng det. Skuffene er gode og romslege og skal inneholde bleier, 
stelleutstyr og kle til våre snart 2 små :)

"A smile is the prettiest thing you can wear"
Wallstickersen er også forholdsvis ny. Fine ord som kan hengast på veggen,
utan å øydelegge den med spikerhol 
liker eg på badet :)

Badet vårt har mange krinkler og kroker
Bak meg på dette bildet finner du toalettet, dusjen og ei dør inn til vårt soverom.
Innreiinga er frå Ikea. Eg har planer om å få nokre gardiner i glasdørene, 
men eg er ikkje komen så langt endå :)

 Eg har vore så heldig å få i hus nokre flotte bruktskatter i det siste. 
Men først må den eine hengast opp og den andre målast ferdig. 
Eg gleder meg til å vise fram :)

Tusen takk for alle dei fine kommentarane i forrige innlegg. 
De er så snille!!:)

Ha ein flott dag! Her skin sola

Klem frå Bjørg :-)

fredag 29. juli 2011

Badet vårt!

Det er lenge sidan eg har vist noko særleg frå badet
Dette er fordi vi lenge har mangla foringer og vinduslister. 
Men no er det på stell ;) 


Ei hylle er komen opp på veggen bak badekaret, 
og vindaugene har fått nydeleg folie :)
Folien er bestilt her!


Eg er kjempeglad i badekaret vårt, 
men må ærleg innrømme at det ikkje er mor i huset som bruker det mest.
 Eg finn liksom ikkje tid til å synke ned i det. Men Ariel er storforbruker av badekaret!
Vi har sjølvsagt dusj og, men klarte ikkje ta fine bilder av nokre dusjvegger ;)


Det er nesten synd å skjule den nydelege utsikten med vindusfolie, 
men vi må jo skåne oss og naboane for blotting ;)


Om du trykker her kan de sjå korleis badet såg ut før, 
og kva vi har gjort i oppussinga :)

Ha ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 6. juli 2011

Ny krakk på badet

Eg har kjøpt ein krakk frå Jysk. 
Veldig greit å ha på badet for ei lita jente ;)


Målekosten var raskt framme, og no er den lyseblå. 
Litt vanskeleg å sjå på bildene. Men det
 er ein kjempefin farge;)


Det er lenge sidan eg har vist bilder frå badet. 
No har det skjedd masse nytt der. Så det kjem nok eit innlegg til her
 i frå om ikkje lenge :)


I dag har vi hatt besøk av ei dame frå lokalavisa! 
Litt skummelt og litt spennande ;) Eg er spent på korleis reportasjen blir :)
  Veret er alldeles nydeleg idag, så no skal eg sette meg ut i 
sola med ei ny bok. 
Herleg!:)

Ønsker deg ein strålande kveld!
Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. august 2010

Ha det på badet ;)

Der var faktisk meir å få kjøpt i Winchester 
enn Cath Kidston ;)

Boots i England er eit eldorado for oss jenter,
 som elsker sminke, hudpleie og hårpleie med kvalitet 
og til ein god pris!
Du kan sjekke ut nettsida her!

Eg fallt fullstendig for produkta frå Soap&Glory.
Med herlege pin-up damer på. 


Eg må innrømme at eg kjøpte dei pga designet
Men når det viste seg at dei lukta vidunderleg 
og var herlege i bruk var eg solgt. 
Angrer på at eg ikkje kjøpte fleire :)
Nettsida deira er smakfull og fin. 
Du kan lese meir om 
produkta her!

Og sjå berre her kva eg har 
fått meg!!! :)



Ein gammal Roberts- radio.
*Lykke* :)


Snille L (søstra til min kjære) var på noko som 
er kalla "Car Boots Sale".


Dette er eit gedigent bruktmarked som er 
kvar søndag i Winchester.
Her kjem folk frå alle kanter,
 og sel mykje flott frå bagasjerommet i bilen sin.


Av diverse grunner kom eg meg ikkje på dette.
Men snille L kjøpte med denne til meg for 
berre 25 norske kroner!!

Eg er overlukkeleg ;)
I skrivande stund fungerer den ikkje, 
men det skal min kjære fikse!

På neste Winchester tur skal eg få med meg dette. 
Mange flotte gamle ting til ein billeg penge, 
det lika vi ;)


I går hadde vi ein kosleg segltur på fjorden, 
sjølv om det regna litt.
Så no skal eg lese blogger og ta igjen det tapte ;)

Eg håper alle har ein flott torsdag!


Klem frå Bjørg :-)

onsdag 7. juli 2010

Wallstickers ✿

Min kjære måtte på jobb og ta igjen ei vakt idag. Kjedeleg!
Kva skal ein gjere ein onsdags kveld då? 
Jo, ein baker grove horn med pesto, ost og pepperoni. 
Fyller opp eit glas raudvin,
og koser seg med litt blogging ;)


Eg har endeleg somla meg til å henge opp 
den fine Bad- stickersen eg bestilte hos Hilde Heimdal. 
Så no kan alle finne badet vårt ;)


På badet har vi badekar med løveføter
Det var eit "must" for meg 
då vi planla badet.

 Eg har dessverre ikkje fått bada så mykje i det endå. 
Det er Ariel som er badeløva i familien ;)


Gangen vår i andre etasje ber preg av min forkjærlighet for grått og kvitt :) 
Fargen på veggen synast eg er kjempefin. 
Den er lys grå og heiter Skagen.
Golvet skal slipast og oljast, 
men med så mykje anna. 
Ting Tar Tid ;)




Hylla er frå skeidar og den vesle kommoden er oppussa av meg.
Bildet er av handa til meg og Ariel, 
då ho var ca 4 mnd :)


Bildene på veggen er frå ferieturer eg og min kjære har vore på. 
Det øverste er frå Naxos og det nederste frå Venezia
Fantastiske turar :)
Alle rammene, lampa og lysestaken er 
bruktfunn og spraylakkert.

 

I går var eg på handletur til Førde. 
Og til helga skal vi til Bergen. Eg er i shoppehimmelen ;)


Ha ein nydeleg onsdag kveld! 

Klem frå Bjørg :-)
(som tar seg eit pizzahorn til ;)

lørdag 17. april 2010

Før og etter del 3

Då gjenstår det å vise dokke badet vårt. Det er vel det rommet som har fått størst make-over hos oss :) Utgangspunktet var slik; (beklager dårleg kvalitet, bilde er scannet frå prospekt)
















Det var eit lite rom stappa fullt med toalett, dusjkabinett og innredning. Og to dører, ei inn til soverommet vårt og ei ut i gangen.

















Ideen fekk vi allereie på første visning. Her måtte vi slå ned ein vegg inn til soverommet ved sidan av. Min kjære kosa seg når han gjekk laus på veggen med sag ;)

















Her ser vi frå det opprinnelege badet og inn i rommet ved sidan av. Vi lot det stå igjen ein halvvegg, slik at vi fekk dusjhjørne her. Badet vart isolert og det vart lagt nye rør.



































Slik ser det ut no;




































Vi leigde inn fagfolk til å legge varmekabler, legge flis på golvet og sette opp baderomsplater på veggane.


















Nye dusjvegger og nytt toalett med matchande grått toalettsete ;) Eg ser no at benken må sprayast kvit ;)


















Her ser du frå gamledelen inn til den nye. På baksida av dusjen står stellebordet til Ariel.



































I rommet som vart ein del av badet, fekk vi plass til badekar med løveføtter (ein draum eg har hatt lenge;)



































Og baderomsinnredning frå IKEA.

Fleire detaljbilder frå badet vårt kan du sjå her! 
Badet vårt er blitt stort, funksjonelt og fint synast eg. Vi har og dør frå soverommet vårt og inn. Det er veldig herleg. Spesielt no når Ariel er lita, og vi må skifte bleie om natta :)

                  ♥

No skal vi snart lage oss pizza, skjenke opp i eit glas vin
og kose oss :)

Ha ein flott laurdagskveld :)


Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails