Viser innlegg med etiketten Stovautsikt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stovautsikt. Vis alle innlegg

tirsdag 2. juni 2015

Glade fargar!

Eg blir så glad av fine fargar. 
Når eg får lyst på nokre nye fargeklattar finn eg fram sprayboksane mine. 
Denne gongen er det tre lysestakar som har fått seg 
eitpar dusjar med sprayen ;)
 Eg blir også veldig glad når sola skin. 
Slik som den gjer inn i spisestova vår her. Akkurat no lengtar eg 
voldsomt etter at sommaren skal kome. Eg tipper at eg 
ikkje er aleine om det!
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. januar 2012

"Ny" Spisestove :)

Spisestova vår har fått ein liten makeover. 
Det vil seie; eg er framleis ikkje ferdig. Men litt kan eg vise fram ;) No er det mest nye saker og ting som står for fornyinga. Graviditeten gjer det slik at eg ikkje kan hive meg rundt å måle
 og styre slik som før, dessverre. Men kreative ideer lagrer seg stadig i hovudet mitt,
 så når formen er der har eg nok å ta meg til ;)


Spisebordet er kledd opp med linduk frå Kid og linløper frå H&M Home. 
Og den største forandringa har skjedd over bordet. Lysekrona er tatt ned, og vi har fått opp 2 kvite industrielle lamper frå Ellos. Eg er kjempefornøgd, og mannen 
om muleg endå meir fornøgd (han hater nemleg lysekroner ;)


Her skimtar du Sofus i utkikksposten sin (i vindauget).


Og endeleg er korgstolen som eg har ønska meg i ei evighet komen på
 plass i Fjordhuset. Den fann vi på salg på Skeidar, og eg synast den er ein fryd for auget! 
Ja, også god å sitte i då sjølvsagt ;) Prøv å ikkje legge merke
 til den meget malplasserte 
varmepumpa (arg! ;)


Eg har sakna ein skikkeleg stol å ha i denne kroken.
 Der ein kan sitte å nyte den flotte utsikten vår ilag med ein kopp kaffi eller te.
Idag ser vi faktisk tendenser til sol og. Berre 2 veker til den er klar for å skinne på oss.
 Gleder meg! (Vi er uten sol fleire månader om vinteren..)


Til Lise (eg kom meg ikkje inn på bloggen din..) som lurte på om eg har hekla teppet som ligg over korgstolen. Og det kan eg seie at det har eg ikkje. Det har eg arva etter
 oldemora mi :) Og eg er veldig glad i det! 
Heilt nydeleg synast eg :)


Det vart visst eit langt innlegg. Men så er det jo lenge sidan sist og ;) 
Vi er endeleg friske og raske i Fjordhuset etter ei god veke med influensa.
 Og det er herleg! :) 

Til slutt vil eg takke jentene bak Kremmerhusetbloggen,
 som har vore så snille å velge meg ut til det gode selskap på bloggrollen deira. 
Tusen takk! :) Sjekk ut bloggen her!

Ha ein super dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 21. november 2010

Nye Gardiner

I TV-stova har vi ikkje hatt gardiner sidan i sommar. 
Men no når det vart "kaldt" å sjå ut, følte eg for å gjere det litt lunare med gardiner. 
Difor gjekk turen til Princess, og kvite lingardiner vart innkjøpt :)


Men desse gardinene skal vi berre nyte synet av ei vekes tid
For neste søndag skal dei nye julegardinene frå Jotex opp her. 
Eg gleder meg som ein liten unge til 
å begynne å julepynte!! :)


Hos oss er jula raud. Så vår pastellfarga heim skal få 
eit heilt anna uttrykk
i desember. 


Rundt om i Bloggland ser eg at jula er i full gong hos mange. 
Eg prøver å vente til neste helg, men då tar 
det laust her og!! ;)


Det har vore lite blogging på meg denne veka. 
Så no skal det bli kosleg å ta ei lita 
besøksrunde ;)

Ha ein fin søndag, 
håper du har hatt ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)
(som er småkvalm etter mykje søtt i min kjæres bursdagsfeiring idag!;)

onsdag 8. september 2010

Spisestova ♥

 Det har vore heilt nydeleg ver i det siste, nesten sommertemperaturer. 
Også no som eg var klar for haust og innekos!;) 
Men ein kan vel ikkje klage ;)

Når sola skin ute blir det så flott lys i Spisestova vår,
 så eg knipsa litt bilder :)


Vi er så heldige å ha diger stove. 
Den har vi møblert som spisestove og TVstove.
Golvet her var eit gammalt, lakka tregolv som var gulna. 
Golvet vart først slipt ned. Så olja vi det med kvitpigmentert olje. 
Det var mykje jobb for min kjære. Men vi er veldig fornøgd med det!


Den svarte skjenken i bakgrunnen her er eg veldig glad i. 
Den stod i huset då vi overtok det. 
Den var brun og hadde gulldetaljer og passa ikkje inn i stilen vår.  
Vi målte den med svart bengalakk,
 og spraya gulldetaljane med sølvspray. 
No er eg kjempefornøgd med den :)


Framskapet har min kjære Besten laga då han levde. 
Og det skifter pynt omtrent kvar veke ;) 
No ser det slik ut!
Interiøret ber preg av min kjæres forkjærlighet for båter
Bildene på veggen fekk han i gåve. 
Dei er kjøpt på bruktmarked i England.


Leksikonet heilt til høgre i bildet har plass til raudvins- dunken ;) 
Kjempesmart og dekorativt!


På veggen heng gipsavtrykk av dei søte hendene og føtene til Ariel.
 Tatt på 6 måneders dagen hennas :)

Spisebordet vårt er brunt og har svarte skinnstoler,
 som er godt skjult med kvit duk og stoltrekk frå IKEA ;)

Spisestova har heilt nydeleg utsikt!:) 
Ei veninne har sagt at det er nesten som å sitte i ein båt når ein et måltid her.

Berre sjå her;


Her er utsikten frå det doble vindauget. 
Som de ser er det einaste hovedvegen som skil oss frå fjorden.
Neste år får vi veranda rett utanfor. 
Eine vindauget skal skiftast ut med verandadør. 
Eg gleder meg:)


Dette er utsikten nedover. 


Og utsikten frå verandaen nedover. 
Som ikkje har fått den makeoveren eg hadde planlagt. 
Kjem vel ein sommer neste år og ;)

Eg hadde store planer om å gjere ferdig skodde- prosjektet mitt ikveld. 
Men etter å ha reist langt idag, 
(har vore på kosleg  besøk hos min kjæres familie)  
parkerte eg meg sjølv på sofaen istaden ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails