Eg er veldig glad i film.
Og i jula er det nokre filmer eg berre må sjå for å kome i den
rette stemninga.
Eg tenkte eg ville dele mine julefavoritter med dokke.
Og kanskje du vil tipse meg om filmer som gjer deg julestemning? :)
The Holiday er ein heilt perfekt film i mine auge.
Den handler om 2 damer som bytter hus i jula, og finn seg sjølv og kjærleiken i same
slengen ;) Eg har snart sett den omtrent 100 ganger, og eg grin framleis kvar einaste gong. Den er så fin, og har slik ei lun og kosleg stemning i seg.
Og ikkje minst er den romantisk :)
Du kan lese meir, sjå trailer og kjøpe
den her!
Santa Claus er ein film eg såg første gong som lita jente.
Vi tok den opp på VHS, og kasetten såg vi så mange ganger kvar einaste jul,
at den til slutt vart heilt utsleten. Gleda var derfor stor når eg klarte å spore den opp på DVD for eitpar år tilbake :) Dette er god gammaldags amerikansk jul på sitt
beste med kosleg julenisse på nordpolen og herleg julestemning.
Du kan lese meir om den her!
Er det nokon som husker serien om Narnia som gjekk på NRK i romjula for lenge sidan? Dette er serien der skodespelerane er kledd ut som dei snakkande dyra,
ikkje nokon spesialeffekter her ;) Den huskar hverfall eg!
Eg blir nostalgisk når eg tenker på meg
og søskena mine som drog med oss
dyna inn i stova kvar morgon
i romjula for å sjå på serien.
Gode minner! :)
No har eg funne den på DVD.
Du kan lese meir om
den her!
"Tre nøtter til Askepott" treng vel ikkje nokon introduksjon? ;)
Eg må sjå den kvar julafta, sjølv om eg kan filmen utenatt.
Berre å ha musikken og stemma til fortellaren
i bakgrunnen er julestemning for meg :)
Du kan lese meir om den og bestille
den her!
Eg håper du vil dele dine julefavoritter med meg!
Klem frå Bjørg :-)