Viser innlegg med etiketten bilderammer.no. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bilderammer.no. Vis alle innlegg

onsdag 16. mars 2016

Litt meir..

..frå TV stova/gjesterommet. 
Eit akkurat passe stort bord frå Ellos er komt på plass. 

Fin-fine plakater frå kunstbilder.no er på veg opp på veggen med
rammer frå bilderammer.no. Eg er litt skeptisk til 
veggfargen her. Eg funderer på å måle den 
i ein frisk blåfarge..

Fortsettelse følger snart...

Klem frå Bjørg :-)

mandag 23. november 2015

DIY: Lightbox

Lightboxer er veldig populært for tida, eg ser dei overalt i bilder av interiør. 
Det er typisk meg og kjenne på at: Sånn må eg ha! Men eg pleier også å tenke: 
Kan eg lage ein slik sjølv? Og ja, det kunne eg! :)
Sidan eg jobber blant anna med nettbutikken bilderammer.no var det
 ganske naturleg at ideen om å lage lightbox av nokre av våre fine 
rammer såg dagens lys ;)
Til lightboxen trengte eg rammer som er ganske djupe. 
Derfor valde eg 2 stk av ramma Janne Galleri. Eg laga ein tekst i word og skreiv ut på vanleg kopipapir. Dette la eg ned mot glaset i ramma og festa det med klipsa. 
Bakstykket fjerna eg. På den andre ramma, baksida på lightboxen 
sette eg inn eit svart ark. Så fyllte eg rommet med ei lyslenke med 
LED og lot ledningen henge ut. 

Til slutt festa eg rammene saman med dobbelsidig teip. Dette er for å ha 
muligheten til å skifte ut teksten seinare. Dette vart ein kjempenkel
 og ikkje minst dekorativ gjer-det-sjølv ;) Det er kosleg med
 litt ekstra lys no i mørketida!

Ha ein nydeleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. juni 2015

Å få jobbe med hobbyen sin..

Heilt sidan eg starta å blogge for over 5 år sidan har lidenskapen min
 for interiør, styling og fotografering blitt berre større og større. Ein liten draum om 
å kunne jobbe innen dette feltet kilte i magen lenge. 
Når ein bur på bygda slik eg gjer, så er ikkje utvalet av jobber det største. 
Eg hadde ein interessant jobb med gode kolleger, men det var 
dessverre ikkje draumejobben. 
Men plutseleg ein dag vart eg kontakta av Japan Photo,
 som har markedsavdeling si 20 min frå der eg bur. Dei ville gje meg ansvaret for 
nettbutikken sin bilderammer.no. Eg fekk plutseleg sjansen til å
jobbe med hobbyen min.
Eg har arbeidd hos bilderammer.no sidan hausten ifjor. 
I dette innlegget viser eg nokre av miljøbildene eg har tatt undervegs 
av dei flotte kvalitetsrammene våre.
Vil du følge meg på jobb
 så er du hjarteleg velkomen til 
NettbutikkenBloggen, Facebook og Instagram (@bilderammer) 
Her får du gode tilbud, masse fin inspirasjon og spennande konkurranser. 

Akkurat no vil eg gjerne
 sjå bildeveggen din på instagram. Tag bildet ditt med 
#bilderammerdotno og skriv at du er med) 
Du kan vinne gåvekort på kr 1000,-


Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 28. september 2014

Ny spennande jobb!

Endeleg er huset nokelunde likt seg sjølv 
etter 1 veke med uvelkomen gjest i hus; Feber
Det skal bli godt å starte på ny veke friske og raske! :)
Det er ekstra spennande på jobb for tida! 
Eg er begynt å jobbe i Japan Photo. Og ein del av jobben er 
ansvaret for nettbutikken bilderammer.no :) Nettbutikken har Norges største 
utvalg i bilderammer. Vi har mange flotte kvalitetsrammer som ingen andre har.
 I tillegg får du standard- rammer. Noko for einkvar smak med andre ord! :)
Dette er jo ein interiørrelatert jobb og eg storgleder meg 
til å blant anna ta produktbilder og 
å markedsføre i sosiale medier!
Eg er allereie igong på Facebook og på Instagram
Her vil eg vise inspirasjon til å bruke rammer i interiøret og produktbilder 
av dei flotte rammene våre, ha konkurranser og gje gode tilbud. 
Det blir stas å ha ein jobb der eg kan utfolde meg
 på det kreative planet! :)
Viss du vil følge meg
 i nyejobben hadde eg sett stor pris på det! :)

Du finn Facebooksida om du trykker her! 
På instagram finn du meg under @bilderammer. 
Nettbutikken finner du her!

Det blir også blogg, der er eg ikkje heilt igong endå. 
Men eg skal legge ut link når den er klar! ;)
Vil du følge meg i jobbsamanheng også? :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails