Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg

torsdag 20. mars 2014

Det er godt med alt som er gjort..

Endeleg skal eg få meg skikkeleg vaskerom
Fram til no har eg vaska kle i en mørk og skummel kjeller. 
Så dette blir ein sann fornøyelse! Rommet som skal bli vaskerom ligg i hovedetasjen.
 Det skal også bli eit gjestetoalett. Så her krevast det lure løysingar,
 slik at det er enkelt å holde orden. Og sjølvsagt må det sjå fint ut;) 

Med ein gong mannen sette igong med arbeidet. 
Så  sette eg også igong. På mitt visFarger, tapeter, golv, pynt, 
belysning osv vart vurdert, forkasta og til slutt bestemt. 
Forferdeleg travelt arbeid ;) Budsjettet er begrensa, 
så det blir mykje gjenbruk og rimelege løysingar.
Muntre farger og stilmiks vart heilt rett ;) 
Arbeidet mitt var fullført
Kurv: Fermliving - Vask og krane: ikea.no - Lampe: Designbelysning.no - 
Boks: Kremmerhuset.no - Bilde: rom21.no - Fliser: historiske - Tapet: Ellos.no

Men korleis gjekk det med mannen
Tja, han har kanskje ein litt større del av jobben ;) 
Legge vatn/avløp- og eletrikerrør. Isolere. Legge varmekabler. Legge golv og få opp vegger. Planlegge taket. Skal det ha plater? Panel? Kanskje det skal ha lysspotter?
Ok, då! Eg kan forstå at denne delen tar litt lenger tid.
Det er jammen bra at tapeten er komt i hus! 
Det er godt med alt som er gjort liksom ;)
Fortsettelse følger...

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 14. august 2012

Endeleg..

...er stillaset på plass og husmåling pågår. 
Det skal bli så kvitt og fint!! Pappa og Mannen er i skrivande stund ferdig med 1 vegg. 
Berre 3 igjen! ;) Eg putler med å måle rekkverk når Hermine søv. Husmåling er
 mykje arbeid, men vi satser på at resultatet er verdt slitet :)

 Eg har bursdag seinare denne månaden. 
Og eg har vore så heldig å få det som var øverst på ønskelista mi. 
Nemleg denne fin- fine sittegruppa kjøpt på Jysk. 
Eg vart kjempeglad, tusen takk! :)

På desse bildene ser de den fantastiske utsikta vi har frå huset 
og terassen vår. Berre vegen skiller oss og fjorden
Eg er veldig glad i dette synet ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 17. mars 2011

Det Skjer Ting Ute!:)

Dei siste vekene har det skjedd mykje med fasaden på huset vårt.
 Snekkarane har isolert, skifta kledning og vindauge. Dei er ikkje heilt ferdig endå, 
men eg viser litt bilder undervegs ;)


Herleg å få alt nytt :)
Vi måtte dessverre rive inngongspartiet vårt. 
Sidan det var så rote at det visst nok var eit under det stod der framleis. 
Vi skal sjølvsagt bygge nytt med veranda opp på :)
Som de ser får vi ein stor målejobb i nær framtid. 
Huset skal fortsatt få vere kvitt.

Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar på den gule stolen min :))
Det blir stille her på bloggen til over helga. 
I tillegg til favorittutfordringa har eg
 mykje å vise fram :)

Ha ei fortsatt god veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 10. september 2010

TTT- prosjektet!

Etter intens opppussing på ca 3 mnd før vi flytta inn for snart 1 år sidan. 
Der vi reiv ned og bygde opp igjen kjøken, stove og bad. Og i tillegg måla alle rom. 
Var eg svært optimistisk då eg uttalte ;
 " Til sommaren, då skal utearealet vere ferdig,
 med veranda og treplatting her og der."
(med drøymande blikk ;)
 Eg kom snart ned på jorda etter ei 
"vær no litt realistisk
-samtale med min kjære ;)

Det viste seg at han fekk rett!
Men litt har jo skjedd. 
(ikkje på langt nær ferdig til å "stæsje"  kan du trygt  seie ;)

Slik var utgangspunktet...


..ein tilgrodd bakke uten mål og meining. 
Vi er dei første som har budd i huset på 30 år
Så både inne og ute må alt ordnast på.

Pga tett kloakk fekk vi fart på graveplanane,
 slik at septikktanken kom på plass.
Dette var i slutten av april.


Eg jubla (vi fekk fart på gravinga) og banna (vi måtte flytte ut eitpar veker) 
om eit anna når dette skjedde ;)

Så  vart det støypt over septikktanken.
Før flinke mannen begynte å mure på det som forhåpentlegvis 
blir garasjen vår (må søke om byggeløyve først;)



Sjå der ja ;)
No er garasjen påbegynt. 
Og verandaen som skal vere på toppen er nærmare enn før!


Det blir ein kjempestor veranda. 
Her skal vi ha grillplass, stort utebord og 
Ariel skal ha leikehytta si her 
(jada, alt er planlagt i hovudet mitt ;)

 sola skin heile dagen på denne sida av huset. 
Og dette er utsikten vi får nyte!
(litt grått ver idag som de ser ;)


Frå denne verandaen skal det gå ei trapp ned til dette 
uteområdet nedanfor huset.


Ser ikkje det flott og ferdig ut? 
Her er det berre å slenge seg ned og nyte synet av hagen! ;) 
Frå spøk til alvor; Her er mykje å gjere, 
men i hovudet mitt er det ferdig planlagt. 
(godt at noko er gjort ;)

Her skal det bli treplatting heile veien. 
Og eit solidt gjerde må vi ha ned mot vegen. 
Med vindauge i, her og der, slik at vi beheld utsikten.
Treplattingen skal etter planen ha forskjellige høgder
Vi skal la det stå igjen nokre opne rom der vi kan plante blomster og tre. 
Vi skal ha fontene, og forskjellige "miljø" med kafesett, hagegynge, leiker til Ariel osv. 
Området er større enn kva det ser ut på bildet ;)

Men først av alt skal huset isolerast utvendig, ny bordkledning og vindauge
Dette har vi leigd inn eit firma til å gjere. 
Eg håper dei blir ferdig før vinteren kjem for fullt, 
men eg har dessverre mine tvil..

Så neste år!! (kanskje) 
kan eg ta ibruk "I hagen" skiltet eg fekk 
til bursdagen min ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 28. april 2010

På plass :)

I dag trilla eg, Ariel og Mamma ein tur ned til huset vårt. Vi kledde på oss med friskt mot, når vi kom ut slo regnet i bakken, det hadde vi ikkje tenkt på. Hehe! Men vi gjekk likevel. Våte og litt kalde kom vi fram, og der var det skjedd saker og ting :)



Snille gravemaskinføraren (han er snart naboen vår faktisk :) har omtrent gravd ferdig. Han sa til meg at han måtte jo vere rask så vi får flytte inn att :) Og når vi stod der kom septikk- tanken i jorda!




Der ja, snart på plass :) For ein lettelse! :) No gjenstår litt meir graving og rørarbeid, så er vi vel innflytta igjen :)

  

Eg må innrømme at når dette skjedde, og det var eit fakta at vi måtte flytte ut så såg eg svart på det. Men det har jo (endå ihvertfall ;) gått veldig bra! Arbeidet har gått raskt og vi har hatt det flott innlosjert hos Mamma og Pappa :)

  ♥

Borte bra, men hjemme er jo absolutt best ;)

Hjertefamilien min har fått ei lillesøster idag. Det var Marny Alice som foreslo at eg skulle ha laga eit hjerte av det prikkete stoffet.




Oppdrag er no utført ;)




No skal eg skjære opp desse jordbæra..



..og sette fram sukker og fløyte. Nam Nam! :)


                         ♥

Etterpå skal eg kanskje sy litt, og ta meg ei bloggerunde. Gleder meg til å suge til meg inspirasjon frå alle de kreative damene:)

Ha ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. april 2010

Framleis "evakuert" !

Fredag fekk vi som sagt trøbbel med tett kloakk, og vi bur no hos Mamma og Pappa (Litt vanskeleg å bu i eit hus der ein ikkje kan bruke vatn eller gå på do ;)



































Min kjære har bestilt graving. Og dei kjem på tysdag!:)
Og det skal gravast ned ny septikk- tank (den er bestilt og klar ;)
Frå der du ser takrenna går ned skal alt vekk og bli i plan med lavaste punktet. Bilde lyge litt. Det er meir enn kva det ser ut som..
Det positive er at dette opnar for alle andre planar vi har for uterommet. Då kan vi sette opp garasje med veranda over, og lage til med plen og gjerde framfor huset! Så det var litt hell i uhell ;)
Eg håpar og trur at vi får flytte inn att om ei vekes tid! :)




































Eg prøvar å utnytte tida så godt eg kan. Eg har jo hatt eit prosjekt føre meg, der eg skal anlegge grøne fingrar. Prosjektet mitt synast eg går bra.



































Bildene vart tekne igår då eg var innom ei tur, og som de ser står Hortensiaen min endå (skal nedom ein tur å vatne imorgon ;)



































Så då synast eg det er klart for neste prosjekt; Lære- seg- å- sy- prosjektet. Då er eg jo på rette staden. Mamma har nemleg jobba som syerske i mange år :) I kveld har vi funne fram stoff og symaskin, så får vi sjå kva eg klarer å få ut av det ;)

          


Når det gjeld nett- tilgongen min er den på tilmålt tid. Pappa har ein sånn internet- pin som eg tjuvlåner i ny og ne ;) Så det ordner seg :) Dessverre så rekk eg nok ikkje å besøke dokke alle, men eg kjem sterkare tilbake :)


Ha ein strålande søndags kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 24. april 2010

Pottetett !! :(

Det er ikkje alltid like stas å bu i eit gammalt hus. Det har vi fått erfare idag.




































Ein time etter at eg posta innlegget igår fekk eg ein skikkeleg kjedeleg beskjed frå min kjære. "Kloakken er tett, vi kan ikkje bu her!" Då hadde han staka og spylt røra i fleire timar. Stakkars flinke mannen!



































Så det vart ingen biff og raudvin, det vart pakking istaden.
Så no er vi innlosjert hos foreldra mine. Skikkeleg kjedeleg! Ikkje fordi eg ikkje set pris på at vi får bu her, men eg saknar huset vårt!!



































Heldigvis skal dei begynne å grave allereie på mandag for å få på plass septikktank og nye rør (forhåpentlegvis ;) 



































Men det kan jo ta ei stund før alt er klart, og vi kan flytte inn igjen.



































For at depresjonen ikkje skal ta meg heilt ;) Så tenke eg at, no er vi faktisk i gong med gravinga (snart hvertfall ;) Det skulle vi jo likevel, det vart berre fortgong i det. Og det lika eg :)



































Dette flotte blomsterpottestativet fekk vi av mor til min kjære. Dette er også det einaste bildet i innlegget eg ikkje har vist før. Dei har heller ingen samanheng med teksten ;) Berre det at eg, som sagt, saknar huset vårt ;)

                ♥♥♥

Eg er litt usikker på kor mykje eg får tilgang på internet i nærmaste framtid. Men eg er plutseleg tilbake :) Merker at eg får litt abstinenser allereie ;)

Ha ein flott laurdag! (Vi bloggast plutseleg ;)


Klem frå Bjørg :-)


tirsdag 6. april 2010

Utearelet

Utearealet vårt ser mildt sagt ikkje ut. Det har ikkje bekymra meg så mykje i vinter. For inne i huset ser det jo veldig bra ut, synast eg. Men no når ein får lyst å vere meir ute...ja, då plaga det meg rett og slett!
Derfor har eg vore i kjelleren på jakt etter noko å freshe opp med.



















Eg tok opp ein bambussofa som stod i huset etter forrige eigar.



































Og med puter og sengeteppe frå soverommet vårt (faktisk ;) vart det ein innbydande sitteplass.






















Perleblomster i ei kvit korg og lyshusa mine, ja då vart det litt muntrare ;)





































Trur eg skal spraye den bambus- sofaen kvit, så kan den faktisk vere fin uten å måtte "dekke" den til ;)
Kva synast du? Nokon erfaring med å spraye bambus å la den stå ute?


Dette vil eg helst fortrenge...



































Dette er nedanfor huset. Vi skal jamne ut og sette opp eit solidt gjerde mot vegen. Verandaen i øverste etasje har utgang frå soverommet vårt, noko som blir herleg no:) Verandaen du ser i hovedetasjen er den eg vil bygge ut. Den er lang og smal, men har fantastisk utsikt!:)



































Frå der takrenna kjem ned skal vi grave vekk alt slik at vi får tun, grave ned septikk- tank
og etterkvart bygge ei garasje med terasse opp på :) Om vi får alle tillatelser sjølvsagt.



































Dette er ovanfor huset. Inngangsparti med litt uteplass rundt, med veranda over.

Vi har som sagt mykje å gjere. Og no har eg ikkje nemnt at vi skal skifte bordkledning og vindauge :)
Men når ein tenke på alt vi fekk gjort inne i huset på berre 3 mnd, er alt muleg!
Gjeld å vere optimistisk! :)

I dag var det tilbake til kvardagen etter påskeferien. Eg merker ikkje så stor forskjell, sidan eg er i permisjon. Men håper de andre fekk ein god start på veka :)

Ha ein strålande god tirsdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. februar 2010

Huset vårt...

er et gammalt hus frå 1950 talet. Det har ikkje vore bebudd på ca 30 år, og gjennom oppveksten min såg eg på huset som ei "rønne". Men så plutselig var huset til salgs. Og vi såg etter hus å bu i. Vi var på visning både 2 og 3 gonger, og fann ut at huset hadde mykje potensiale. Men og MYKJE arbeid. Vi heiv oss på det. Og no har vi arbeid/hobby for resten av livet.


Vårt "lille" krypinn"

Huset har fantastisk utsikt! Berre hovedvegen som skil huset fra fjorden. Skal vise bedre bilder av dette seinare. Må berre ta noken fine først :-)

Foruten å ha mykje som måtte fiksast, følgde det med en del møbler og pynt. Der andre såg boss, såg vi potensiale. Vi har pussa opp en del møbler som har fått nytt liv, og passer perfekt i huset vårt. Dette skal eg og vise i seinare innlegg.


Endel å gjere både utvendig og rundt huset
Related Posts with Thumbnails