Viser innlegg med etiketten kunstbilder.no. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kunstbilder.no. Vis alle innlegg

fredag 15. april 2016

Oppdatering frå gjesterommet ➕ kunstbilder.no


E
g lovde fleire oppdateringar frå gjesterommet. 
For dei som føl meg på @husetvedfjorden er dette 'old news' ;)  Rommet går seg til litt etterkvart. Det blir liksom ikkje heilt min stil før eg får på plass noko gammalt ;) 
Skjenken stod i barndomsheimen min, og er no flytta inn her. Skulle tru den 
elleville målaren i meg har pensjonert seg. Men den er faktisk veldig 
fin som den er. Her skal det kun skiftast knott 
-når eg får somla meg til det ;)


Den nye nettbutikken kunstbilder.no har så mykje fint! 
Desse tre posterane måtte eg rett og slett ta med heim. Bildene finn du her, her og her
Følg oss gjerne på @kunstbilder.no :)


Ha ei god helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 1. februar 2016

Kosetid!

Ute daler snøen ned, bygda har fått eit kvitt teppe. 
Inne er det fyr i ovnen. Kaffi i koppen. Ei lita ei som er sjuk og 
helst berre vil ligge på fanget. Vi sit her med teppe på. Ho ser på Drømmehagen og eg taster dette innlegget. Rundt meg ser eg alt som skulle vore gjort, 
men det får vente..I dag er det kosetid! :)


Ønsker deg ei riktig god veke!

Klem frå Bjørg :)

fredag 29. januar 2016

I ♡ my job!


F
otokunst er allereie populært å ha på veggane, 
det kjem meir og meir dette året ifølge ekspertane. Det trur eg på ;)
Å dekorere veggane i heimen med bilder du virkeleg liker, lager ei god stemning.
Det er også ein fin måte å tilføre eit meir personleg preg i interiøret.

Japan Photo, der eg jobber har nyleg lansert ein ny nettbutikk stappfull av dei finaste kunstbilder. Faktisk over 18 000 forskjellige motiv tatt av profesjonelle fotografer. 
Det er så mykje fint å velge mellom at ein blir heilt svimmel!
Det kjekkaste er at ein kan finne bilder 
som ikkje alle andre har!

Eg har fått den store gleda av å ha ansvaret for kunstbilder.no
Dette har eg stor tru på at eg kjem til å kose meg med!
Mitt første kunstbilde er av hester i ein skog. 
Mystisk, stemningsfullt og vakkert!


Bildet eg har valgt heiter 'Fog' og er tatt av Francesco Martini. Eg har fått det trykt på aluminiumsplate. Denne overflata er matt, gjer ikkje gjenskin og er behageleg å sjå på. Du finn det her! Ein kan også velge mellom galleritrykk, fotolerret og print på akryl. Om ikkje lenge kan du også få kunstbildene på plakat. Kikk gjerne innom kunstbilder.no og finn noko unikt til din vegg :)


Følg meg gjerne på @kunstbilder på instagram og på Facebook her!
Nettbutikken finn du her!

Eg håper orkanen Tor behandler oss fint i ettermiddag/kveld!

Ha en stormfull aften ;)

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails