Viser innlegg med etiketten Bakst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bakst. Vis alle innlegg

tirsdag 4. januar 2011

Jenni og Jånni er nymata og klare til bakst...


Det er ingen tvil om at Brynegjengen (svoger med familie) er ein kreativ familie.

Til jul fekk vi masse flotte gåver, og den som imponerte meg aller mest var "Jenni og Jånni" (frå min huslige svoger) som heile familien no er på fornamn med.

Jenni og Jånni er to surdeigar som står bakerst i kjøleskapet. Jenni er fin bakst og Jånni grov bakst.

Surdeig er forøvrig den opprinnelege metoden for å få deig til å heva seg. Gjærspora eksisterar naturleg i mjøl, og du treng kun å tilsetja vatn og gi den litt tid for å setja i gong prosessen.

Gåva har utgangspunkt frå deilige oppskrifter i boka til Morten Schakenda OM BOLLER BRØD OG TILFELDIGHETER FRA BAKERIET I LOM.



I dag har Jånni og Jenni fått mat (dei treng påfyll av vatn og mjøl) , og til helga skal vi eksperimentere med nye brødoppskrifter.

Klem frå matmor Gunilla

lørdag 4. desember 2010

Kakemenn


På torsdag var da full fart på kjøkkenet på Kringleneset!! Vi baka Norlandskaker, potetkaker, kakemenn og Kvednakjeks!!!!

Full konsentrasjon!





Ei lita jente på 3 år klarte til og med å baka seg nokon små potetkaker. Kjempeflink jenta!!!

Ha ein fin laurdagskveld.
Klem V

tirsdag 23. november 2010

Tradisjonen tru!

to kusiner:)


Etter at vi flytta inn i nytt hus har familien Mathisen hatt ein fin tradisjon saman med Trudemor, nemlig pynting av pepperkakehus!


Dette er ein stor dag som heile gjengen gler seg til. Idag har meg og min betre halvdel stått på hovudet og bakt hus medan ungane var på skulen...*for fint skal det jo vera* Men makan til takras skal ein leita lenge etter....*smiler* Men kosleg var det iallefall...!

TEST

TEST

*Jippi* Med julemusikk i bakgrunnen, melis og eit lass med snop på bordet var vi klare for årets pynting! Det gjekk unna på snopet, eg trur det endte meir i magen enn på husa, men det er sjølvsagt lov, sjølv på ein tirsdagskveld. På nyttårsafta pleier vi ta huset ut på terassen og knusa det, men før det ventar det jo mange høgdepunkt.. Travle tider folkens.
Ha ein fin fin bloggkveld folkens!
Stor klem Frøydis

onsdag 27. oktober 2010

Smuldrepai med epler og vaniljekrem..

Vidunderlig enkel og vidunderlig god!
TEST
test
Henriette hjelper tante med baksten!
TEST
Denne smuldrepaien har vi laga på det jevne i heile haust. Det tar berre nokre minuttar og blanda ingridiensane, og steiketida er kort! Ein god ide til klubb, for alt kan gjerast klart på førehand, og paien kan steikast rett før den skal etast. Rykande fersk saman med vaniljeis? NAM!

Oppskrifta har eg funne hos Det søte liv.

Den ser slik ut:

Smuldredeig:
100 gram smør
100 gram sukker
100 gram kveitemjøl
100 gram havregryn

Fyll:
5 dl vanijekrem
3 epler
2 ts kanel

Framgangsmåte:
Bland kveitemjøl, sukker og havregryn. Ha i smelta smør og bland smuldredeigen raskt saman.

Smør ei paiform. Fordel vaniljekremen. Legg på eplebiter og strø over kanel. Fordel så smuldredeigen på eplene.
TEST
Steikes midt i ovnen ved 200 grader i ca 15 - 20 minutt.
TEST
TISP:
Serveres lunken saman med vaniljeis og ein deilig kopp varm te:)
NAM
Lukka til!
NAM
Klem Frøydis

onsdag 13. oktober 2010

Scones til frukost!

Idag har meg og Marcus laga heimelaga scones til frukost. Dette blir også kalla hastebrød sidan dei er raske og bake og fordi dei ikkje treng heving. Brødet har kort holdbarhet og er absolutt best samme dag....






Eg deler gjerne oppskrifta med dåke:
(DAMMS STORE BAKEBOK)

SCONES
16 stk. (4 leiver)

8-9 dl kveitemjøl
1 ts salt
5 ts bakepulver
100 gr. margarin
4 dl mjølk
(rosiner om ynskjeleg)

ovnstemperatur 250 C, i 12-15 min. (takk Monica)




1. Begynn med å måle opp dei tørre ingrediensane i bakebollen. Smuldre fettet i det tørre.

2. Arbeid røra i nokre minuttar til den har blitt kornet. Tilett mjølka og kna.

3. Klem den lause deigen direkte ut på bakepapiret og form til runde leiver.

4. Bruk spore el. kniv til å dele dei i fire, utan at snitten går heilt gjennom.

Masse lukka til!

Klem Frøydis

tirsdag 5. oktober 2010

Pizzahorn..

Med dette vestlandsveret må ein finna på inneaktivitetar som tar nokre timar! Måndag var den store bakedagen her i huset. Det er jammen godt å fylla opp frysen med pizza/pølsehorn. Ungane blir så hoppande glade når den kjedelige nista blir erstatta med bakst frå ho mor...hehe.

Eg googla etter oppskrift og kom tilfeldigvis over denne på bloggen SNILLPIKE.


Pizzahorn i fleng!

<3
Vesle Lotta låg i vogna atmed meg og sprelte med tærne, gnagde på leiker, pludra og kosa seg. Heldige meg!

Frøydis

lørdag 18. september 2010

Bakedag!

Det duftar godt i heile huset, vi har nemlig fått bakedilla. Etter frukost sette vi 3 store bolledeigar. I dette vestlandsveret kan det bli lange dagar innandørs, så vi er heilt nødt til å finna på noko for å sprite opp dagen...
Ungane er KJEMPE glade i å bake, og klarar å lage kanelbollar HEILT aleine. Dei kjevlar, smører, strør, kutter og fordeler i former..
TEST


LOTTA
BOLLAR

LOTTATEST
Den ynsgte prinsessa sitt i vippestolen sin og studerer alt som skjer rundt ho medan ho gnager på fingrane og suger på tommeltotten! SÅ SØT..Om eit år eller to er det sikkert deig og mjøl over heile kjøkkenet etter ei slik bakeøkt. *fnis*
TEST
God klem fra Frøydis

torsdag 23. juli 2009

Tante Gunna's ostekake!



Denne kaka er noko av det enklaste eg har laga nokon sinne. Oppskrifta fekk eg av tante Gunna. Har du det travelt ein dag, så prøv denne. God på smak og lekker å servere.

Tante Gunna's ostekake

Botn
16 digestive kjeks
130 valnøtter (hakkes)
130 gr smør (mjukt)
Dette blandes saman.
Ta denne blandinga i ei rund form, med bakepapir i botn.

Fyll:
1/4 kremfløyte (haes i utan å vispe først)
1 Philadelphia ost
150 gr melis
Vispes saman til det stivner.

Kaka pyntes så med friske bær. Kiwi el jordbær er eit HOT tips, men eg brukte kirsebær på boks. Det blei lekkert!

LUKKA TIL!

Klem F

fredag 17. juli 2009

Kusinene gir meg inspirasjon og energi....

Vi laga ikkje mindre enn 4 skåler av denne typen!!!!!!!! Så du kan tru vi baka i timesvis.

Vi bestemte oss for å dela på arbeidsoppgåvene.
Mamma: Kjevla klar deigen
Marcus: Ta på sukker og kanel.
Mamma: Rulla saman deigen, skjære opp i bolleemner
Aurora: Ha klar former til emnene
Marcus: Ta bollane opp formene
Aurora: Ta smør oppå bollane, samt drysse med perlesukker og legge på brett!!!!!


Marcus tar emnene i muffinsformer, då held deg seg ferske mykje lengre!

Mamma har lagar jobb til Marcus!

Køen blir lenger og lenger, Aurora jobbar som ein helt...

Eit hav med skulebollar, kanelbollar og pølsehorn kjøler seg ned før dei havnar i frysen.... No har vi niste til strand og båtturar i sommar!!
Ikkje tvil om at ein blir inspirert av kusinene...
Klem F

tirsdag 16. juni 2009

Skulebollar.....

No er det verkeleg høgtid for å fylla frysen med godsaker til strandsesongen... Håpar det nærmar deg Lendingo og late dagar på naustet....


Denna vetla snello er lika glad i å baka som mora. Det er jo veldig kjekt:) Hennar hovudoppgåve er å smaka på deigen sjølvsagt!!



Ha ein flott dag!

søndag 4. januar 2009

Den store bakedagen!







I dag har vi berre gjort huslege ting som husvask, baking, middag og tur. Ikkje så spanande, men heilt naudsynt. I morgon er det kvardag, så sekken er pakka og vogna står klar til å ta turen til barnehagen igjen... Trur ungane treng å få ut litt energi og vi vaksne treng å bruka hjernen igjen:). Har utan tvil vore herleg å vere saman med ungane masse masse dei siste to vekene.

Vi har forøvrig baka brytebrød og grovbrød i dag, det var heilt fantastisk godt:

Brytebrød (kan laga rundtstykker om du syns det er meir praktisk):

5 dl melk
50 gram gjær
1/2 dl olje
1/2 ts salt
1 spiseskjei sukker/sirup
3 dl fint rugmjøl
8 dl kveitemjøl
2 dl solsikkefrø (kan evt ta i litt linfrø i tillegg)

Bland det våte til ca. 37 grader og ha i fersk gjær (evt. tør, men då ein temperatur på ca. 40 grader)

Bland alt det tørre i ein bolle og spe i det våte!

Deigen skal deretter hevast ca. 30 min på ein lun plass.

Etterpå baker du ut ca. 24 bollar som du set saman til eit stort brytebrød eller lagar ca. 24 rundstykker:)

La heve litt, pensle med egg, steik på 225 grader i 10 - 15 minutt midterst i ovnen.


Gunnhild´s grovbrød:

4 dl øl
5 dl skumma kultur
50 gram gjær
5 dl sirup
1 spiseskjei salt
2 spiseskjeier olje
8 dl samalt rug grov
11 dl kveitemjøl

Bland det våte opp til ca. 37 grader og bland i gjæren.

Bland alt det tørre i ein bolle og tilsett det våte etterpå.

Hevast ca. dobbelt så stor på ein lun plass. Del deigen i to og bak to brød (runde eller vanlege)

La heve litt, pensle med egg, steik dei på 175 grader i ca. 50 minutt nederst i ovnen.

LYKKE TIL!!!!

torsdag 18. desember 2008

Bake bake kake!












På tirsdag hadde vi bakeaften med store og små. Vi storkoste oss med gløgg og pepperkakebaking. Ungane var lei etter ca. 10 minutt og vi vaksne baka både pepperkake hus og pepperkakeborger samt masse kjeks. Mmmm... Deilig oppskrift. Pepperkakene smakte nett som karamell.

GOD FØRJULSTID.

Gunnhild

tirsdag 16. desember 2008

Baking med god hjelp!






I helga har vi kost oss med baking! Det blei mykje gris og søl som alltid, men vi koste oss MASSE:)Eg måtte le då eg løfta Aurora ned fra kjøkkenbenken! Det var tydeleg spor etter små barneføtter.

tirsdag 9. desember 2008

Heimebakst og snart jul!



Fridagen på tirsdag går som oftast i husvask, klesvask, kjefting, kosing,uteleik, mor og far og unge, teikning og ikkje minst baksting!
Det er ein tradisjon:).

Det nærmar seg jul og til helga er det pepperkaker, kakemenn, daimkaker, firkløver, julabrød, m.m. som står
for tur. Mmmm.... Godt med litt ekstra i frysen.

LEV VEL!

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 5 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 7 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 9 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 9 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 9 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 10 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 12 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 13 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!