Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg

tirsdag 9. november 2010

Snart advent!

For snart to veker hadde meg og mamma oss ein kjekk jentetur til Stord. Då tok vi sjølvsagt turen innom butikkane på Vikjo. Vi fann ein del nips på Fem Høns og Kvist & Kvast. Eg er så lei av dei vanlige adventsstakane og fann heldigvis lilla band, sølv band, kvite kubbelys, sølvtal fra 1 til 4, stjerner laga av bark og ein sink fat som passa til resten. Av dette laga eg mitt eige adventsfat. *gler meg!*
TEST


TESThjghjg
No er det godt og vel tre veker til advent brakar laus og vi gler oss stort til jul. Den skal feirast saman med supre svigers og Stavangergjengen på Husnes. Det er alltid kosleg og VELDIG avslappande.
TEST
Eg håpar dåke klarar å halda skuldrene senka jenter...jul skal vera GØY, ikkje STRESS!
jhgfjhf
Klem F

Endeleg

Etter laaaaang produksjonstid vart endelig strikkasettet til midtimellom ferdig. Ting tar tid. Ho kunne endelig ta da med i barnehagen i dag. På tide når gredestokkem viser -3. Grrrr
Her er eg heima med sjuk mini.
Klem V

lørdag 16. oktober 2010

Så var det helg igjen!

Det er vel ikkje til å stikka under ein stol at det er travelt å vera trebarnsmamma. Kjekt, men travelt! *fnis* Dei største gullungane i familien hatt haustferie, så her har det vore full rulle og stormande jubel heile veka. Det er SUPER kjekt å finna på litt ekstra når vi har ferie, så her har vi hatt liggebesøk, vore på liggebesøk, hatt middagsbesøk, vore på middagsbesøk, vore med tante Tine og Co til "Eventyrland"(Mauranger) vore med June på fisketur, vore på nistemattur med mosto og Co..Ja vi har kost oss masse i det fine vestlandsveret.

No som vi har baby i huset igjen har eg fått låna ein del strikkakle eg sjølv laga til mine eigne tantebarn. Dei har eg tatt meg tid til å merke med mine eigne namnelappar. For å seia det slik; det er vel og lenge til eg er tom, for produksjonen har pussig nok stoppa opp om dagen:)




Les meir om namnelappane her.

Det har vore mindre tid til bloggen, men eg vonar vi kjem sterkt tilbake.

Ha ein deilig sundag!

Stor klem F

tirsdag 29. juni 2010

Saman er vi gode.




Denne jakka og huo falt eg heilt for når eg fann den på heimesida til Sandnesgarn. Er strikka i ei blanding av ull og silke. Tenkte detta måtte vera ei kjempe god vår sommar jakka te minien i huset. Gjekk på med godt mot, men når eg hadde strikka armane og opp under armane te jakka då stoppa da opp. Mamma måtte sjå på da og meine at da ikkje går å gjera sånt som mønsteret seie.... Då overtok ho og strikka den saman:-).
Saman er vi gode;-).
Jakka er blitt kjempe fin. Modellen ville no helst ha tak i kameraet mitt.....
Ha ei fin sommarveka.
Klems V


tirsdag 16. februar 2010

Med mange jern i ilden!

Endeleg har eg fått meg ein eigen plass til symaskinen. For nokre veker sidan omgjorde eg eit soverom til syrom/leikerom. Ut med gjesteseng og inn med sypult og stoff i alle variantar! I tillegg har vi sett inn eit lite bord til ungane, der har dei teiknesaker og perler framme til ei kvar tid:) På eine veggen har vi masse hyller som innheld interiørblad, legoklosser, småbiler, dukker, tekstiler, cd-spelar, spel, albumer osv. Det er kjekt å ha ungane rundt seg medan eg sitt og putlar med mine små og store prosjekt.


Sengesett og stoffposar i ulike variantar!



Sykroken min! Det er mykje lettare å setta seg ned når maskinen står klar.

Babybukse i fine duse fargar!

Det er rart kor arbeidlysta kjem kastande over ein innimellom. Når eg først får ånda over meg startar eg opp mange prosjekt på ein gang:)

Tusen takk for kjekke kommentarar på gåvekort innlegg. Vi tre kusiner gler oss til trekninga når vi passerer 30.000 besøkjande.

Ha ei kjekk veke folkens!

Klem Fr♥ydis

fredag 4. desember 2009

Eigen signatur

For eit par veker sidan bestilte eg vevde namnelappar på ei svensk nettside. Tanken er at eg vil ha ein slags signatur på det eg strikkar og gir vekk til vener og kjende. Eg har strikka sikkert 10 vogntepper av typen som er vist under. Det er gode bomullstepper til småtroll! Dette teppet er laga til Tobias for lenge sidan, men sidan eg ikkje fekk dei nye lappane før idag har eg venta med å gi det fra meg.... Kanskje vi kan få til ein overrekkelse i helga?







Likte du namnelappane kan du kikke innom her.

I kveld har meg og ungane vore hos mamsen og fått favorittkvelden som jo er risengrynsgraut.. Det er alltid ein suksess. Tusen takk!

No vonar eg alle har kontroll til jul og har ei deilig helg.

Klem Frøydis

tirsdag 1. desember 2009

Kalender og pepperkakehus!

Først og fremst vil eg takka mitt og mine for å visa oss den kreative julekalenderen du har laga til ungane dine. Eg likte den så godt at eg blei heilt "sjuk" etter å prøva meg på noko liknande. Det var absolutt heilt i mi ånd. No er posane sydd og fylt i meg all slags kjekke kalendergåver... Ungane er i ekstase.


Planen var å henge opp ein stål wire el liknande i trappeoppgangen, men sidan malaren akkurat har malt siste strøket.....så ligg no posane klar i stova i påvente av nytt oppheng... Jammen var det mykje jobb ja, men vel verdt det. Desse kan dei få med seg når dei blir "store."




Neste prosjekt var pynting av pepperkakehus. Ungane fekk fullstendig frie tøylar, og det er ikkje så vanskelig å sjå...tihi. Flinke!

Ha ei fin veke folkens!

Klem Frøydis

onsdag 18. november 2009

Prosjekt adventskelendar

Sio eg ikkje er så kreativ at eg klare finna på nye adventskalendarar kvart år har eg brodert kalendarar til dei to største, og fått i hus til minigullet...... No er da bare arbeidet att!!!
Sikkert litt nostalgi i da og sio vi hadde brodert adventskalendar når vi var små!


Her er eldste gullet sin kalendar. Da er tredje året den er i bruk. Han husker godt ka da vil sei med adventskalendar og gler seg masse te Fjøsnissen kjem med pakka kvar natt!!!



Denne er midterste gullet sin kalendar. Ferdig i år. Ho huske ikkje noko frå i fjor, men er veldig opptatt av at "denna er min og mamma har laga den!!!"






Denne skal ein gang bli mini gullet sin!!!! Må bare få energi te å byrja brodera, og armane frå frå byssing!!!
No gjennstår da eigentlig bare å laga te 48 pakka, gler meg alt te neste år nå vi treng 72!!! Føler i år at det har stoppa opp litt på ka vi skal pakka inn men får sjå om vi klarer å ha litt fokus på da no fram te 1. des! Vi gler oss, er stas å sjå dei forventningsfulle ansikta kvar morgon!
V



fredag 9. oktober 2009

Som perler på ei snor...


Her i huset har vi stadig perleprosjekt. Denne skjønna pippi jento har Aurora og tante Sigrid perla. Kjekt å ha litt innearbeid når dagane er kortare.
Ha ei FANTASTISK helg i da fina haustveret!
Klem Frøydis

søndag 27. september 2009

Puff daddy!

Er du amatør innan strikking kan eg på det sterkaste anbefala å strikka ein puff av denne typen:) Denne var strikka på 1 veke. Då koste eg meg framfor TV om kveldane. Oppskrift finn du HER.






Lukka til og ha ei god veke folkens.


Klem Frøydis




onsdag 4. mars 2009

Huer til våren!

Dette er husfaren si heimalaga hue (diverre ikkje meg...), som både far og småtassar har like. Kjempe søtt når alle tre brukar dei samstundes. Dei passar perfekt til hovudet, og blir nok heilt supre i bruk no når temperaturen blir litt høgare. HEIA NORGE!!!!! 

Molle si favoritthue for tida. Den passar perfekt til hovudet! Den vesle hekla blomen på hua gjere liksom noko heil spesielt. Knall søt! Tante "Tine" har strikka denne, eg er heilt imponert!

Gjett om denne har vore mykje i bruk??!! Som biletet visar er hua veldig godt brukt! Molle elskar å bruke denne, og ikkje minst passar den perfekt til fjorårets dressar som eg kjøpte på cubus. 

Vesle Geir plukkar ALLTID ut denne søte hua som tante "føddis" har strikka. Den har hatt eit hardt liv og har mista duskane på toppen, berre nokre få tråar igjen. Skikkeleg tøff! 

Denne er knalltøff og vesle Geir elskar den. Om nokre veker er den nok i bruk kvar dag. Foreløpig er det litt for kaldt, då det er ein kort modell som passar meir utover våren! Bilen som er sydd på er så søt... 

Ei lita samling av dei hyppigast brukte huene i huset:). 

Personleg brukar eg ei gammal peak hue eg fekk av min kjære for mange år sidan... Kanskje på tide å investere i noko nytt:). 

Ha ein fin kveld.

G

fredag 6. februar 2009

Den ......... symaskinen!!!!!!!!!



Eg som hadde lagt DEN slagplanen i helga. Eg er veldig glad i å sy, men sidan eg er på amatør stadiet så held eg meg til baby sengesett, puter og liknande. I går lada eg opp med å tilpasse stoff til 4 vognsett. (Kjekt å gi i sengamat!!) Ingen planar...hehe. Eg klypte klar tystykkene og strauk fine kantar i endane. I kveld satt jentene i huset seg klare til å sy saman verka, men trur du ikkje maskinen klikka då?? Grrrr. Det einaste eg fullførte var ei dyne til Amalie (dokka til minstejenta) og ein ertepose til gudlaguten.... Eg som hadde gleda meg slik til ei helg fylt meg eigne prosjekt... Då får eg heller ta strikketyet fram:) No har mannen satt på filmen FRITT VILT, så det spørs om konsentrasjonen spelar meg eit puss....Godt kusinene på fjellet ikkje har sett den??

GOD HELG TIL ALLE SOM ER INNOM!!!

Klem Frøydis

torsdag 5. februar 2009

Søte huer!


Mine søte svigerinner har fått den berømte strikkeånda over seg. Dei har storproduksjon på sokkar og huer! Eg likte desse huene ufatteleg godt! "Oppskrifta" har Anna Kathrine laga sjølv.....


Søte detaljar. Små hekla blomster, lag på lag!

lørdag 24. januar 2009

Stoff og stil !

Eg var hos ei venninne for litt sida. Ho hadde hylle opp og hylle ned med flotte stoffstykker. Eg har sjølv ein del fine stoff, og det er stort sett sengkle og puter eg har sydd på fram til no. Det er veldig kjekt....




Er det nokon der ute som har tips til kor eg kan kjøpa meir stoff til framtidige prosjekt?? Det finnes jo så fantastisk mykje fint der ute. Eg har store planar om å innrede eit soverom til syrom. Kjøpa meg ein sybenk og nye hyller til alt stoffet. Nokon som har noko liknande i heimen? Kjekt med kreative tips!!

mandag 19. januar 2009

Strikkedilla!

No kjenner eg at den gode gamle ånda er komt tilbake i meg....strikkeånda. Det siste året har eg ikkje følt at tida har strukke til i det heile. Men det er løye kor ein klarar å prioritere det ein verkeleg har lyst til!




Oppskrifta på desse babyvottane er som følger: 3 mnd. Legg opp 44 masker fordelt på fire strikkepinnar. Strikk 2 rett 2 vrongt i 6 cm. Fortsett så med glattstrikk i ca 6 cm til. Sett deretter eit merke midt mellom, dvs at du har 22 masker mellom kvart merke. Fell så ved å strikke 2 masker vrengt saman før merket, medan du strikker 2 masker rett saman etter merket. Når du har ca 6 masker igjen trekker du tråden gjennom og festar godt.. Eg brukar Lanett babygarn. Kjøpes på Baronessa.

Fiks ferdig...Tommel er heilt unødvendig for ein liten baby!!!


Hege's strikkekorg!






I går hadde eg besøk av ein kjekk kollega som hadde fått årets julegåve; nemlig er ei skreddarsydd korg til strikketyet!! Korga inneholdt ein slags tøypose med mange lommer og kjekke løysingar. I midten av dette kunstverket var sjølve strikketøyet, i sidelommene var det egne rom til blant anna knappar, strikkepinnar, nåleputer, sakser og ellers alt du treng når du har noko på gong. Posen oppi var friska opp med fargerike knappar og strikkar til innhaldet.. Dette hadde gjerne vore noko for tante Åslaug??? Bursdags/julegavetips?? Det er sikkert ikkje ein smal sak for oss nybyrjarar, men tante Åslaug hadde fiksa dette:)

fredag 19. desember 2008

Ein kunstnar er født...

Eg tykjer det er mykje artig som blir putta i hylla til mine søte små (barnehagen...).
Mange teikningar med flotte strekar og no ein del julapynt. Dei er kjempe flinke!
Denne nissen slår mykje. Den har jento laga heilt sjølv, nesten. Helsing ei stolt mamma.

GOD HELG!

Gunnhild









fredag 28. november 2008

Juleverkstad på "høgt" plan....




Eg forstår ikkje heilt kva det er med bloggen og meg:)? Eg blir så irritert. Får feilmelding når eg skal leggja inn fleire bileter, eg som har så mange fine...*sukk*. Uansett vi koste oss veldig mykje. Laga masse gøy til store og små, åt deilig lunsj (med heimelaga brød, tante Åslaug spesial, og herleg pålegg), dagen vert avslutta i akebakken. Det er ein anna historie...blide og go`e ungar...hehe...sant Vibeke.
Håpar dette blir ein kjempe fin tradisjon! Gunnhild

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 5 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 7 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 9 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 9 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 9 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 10 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 12 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 13 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!