Viser innlegg med etiketten ting og tang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ting og tang. Vis alle innlegg

tirsdag 2. mars 2010

30.000 besøkjande..

I kveld hadde vi høytideleg trekning av gåvekortet vi lova ved passering av 30.000 besøkjande. Mamma trakk ut kommentar nr. 7 , og den heldige vinnaren vart vår kjære Guromor.
Gratulera så mykje, vi set stor pris på at du kikkar innom familiebloggen vår.



Gåvekort på 500,- kr vil bli sendt via papirfly:).

Beste helsing frå oss
Tre kusiner

mandag 8. februar 2010

Med aure på menyen

På søndag hadde vi aure på menyen, det er ein stor favoritt her i huset. Personleg likar eg best når fisken er filetert, og fullstendig beinfri. Eg har fullstendig panikk for at ungane skal setja bein i halsen. Det er så fort gjort og utruleg ubehageleg. Dumt viss ungane får skrekken pga eit fiskebein...

Uansett, det set ikkje noko stoppar for fiskeinteressa. Den er på topp og vi planlegg allereie masse fisking til våren/sumaren. Fantastisk kjekt for både liten og stor!

I dag skein sola meg rett i ansiktet inn på kontoret, kjente at eg nesten fekk vårstemning

Det er berre få veker til dei hundrevis av påskeliljene og perleblomane blømer utanfor huset. Gledar meg allereie!!! 

HA EIN FLOTT KVELD!

Klem Gunilla 

lørdag 7. november 2009

Grauttradisjon for liten og stor

Graut har alltid vore ein stor favoritt frå eg var liten og er det framleis.

Vi har alltid ete graut på laurdagen, og det syns eg er ein fin tradisjon. På kvelden er det meir avansert, men sånn til lunsj så er det heilt strålande. Raud saft høyrer med. Mmmm.... 

God helg alle saman. 

Klem G

fredag 9. oktober 2009

Som perler på ei snor...


Her i huset har vi stadig perleprosjekt. Denne skjønna pippi jento har Aurora og tante Sigrid perla. Kjekt å ha litt innearbeid når dagane er kortare.
Ha ei FANTASTISK helg i da fina haustveret!
Klem Frøydis

søndag 5. juli 2009

Kjekke matboksar!

Då vi var på ferie i Sandnes var eg innom ein butikk som heiter T.I.N.Y. Der fekk eg tilgang til klær, sko, leiker, spel, sengkle etc. Det var ein kjempe flott butikk med god service. Endelig fekk eg kjøpt BLAFRE sine nye matboksar til ungane.

Prinsessa har fått seg ein stor matboks. Der får ho plass til både niste og evt. youghurt. I den vesle boksen kan ho ha fersk frukt, kjeks el. liknande. Kjempe kjekke no som vi er på stranda kvar einaste dag!

Prinsen har samme utgåva, med med meir "guttete" design.


Kult design!

Bambi ruler Aurora sin matboks!
Desse kan anbefalast til andre småtroll!!
Klem Frøydis

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 5 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 7 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 9 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 9 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 9 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 10 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 12 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 13 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!