![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjX5MMQVKVNNnhZqQ4ncXnXclQrlkK1ivo50ZBe52tswLwnVaxOljXRbpGX4Z9_uEptrC17dHNIWNlePdjkw_phN0ua1vMQbLk8me62-_V_0YVpI1-lPmSH4gdQ9y4DXn9ZGpR9XecMu-BO/s400/IMG_8762.jpg)
onsdag 27. juli 2011
Ei herleg reise til Skagen
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjX5MMQVKVNNnhZqQ4ncXnXclQrlkK1ivo50ZBe52tswLwnVaxOljXRbpGX4Z9_uEptrC17dHNIWNlePdjkw_phN0ua1vMQbLk8me62-_V_0YVpI1-lPmSH4gdQ9y4DXn9ZGpR9XecMu-BO/s400/IMG_8762.jpg)
mandag 25. april 2011
Vårsol og gode meldingar!
Vermeldinga viser sol sol sol sol...
Det er utruleg gledeleg for liten og stor. Solkremmen er allereie i bruk og ungane har lufta både leggar og armar. Ikkje rart i denne varmen?!?
søndag 13. februar 2011
Gratulera med dagen alle mødre!!!!
Minstemann (4 år neste veka) sin kommentar: "Mamma....i dag vil eg kun stå med pappa, han køyrer mykje fortare enn deg!!!!"
På sjølvaste morsdagen, rett frå hjarterota.
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEh1IiZGFTwUFkGS7cfX3uS3cqGlD8bTK4nfFwwG4BHBQOO97mvwjoaCBHepNACUw8yfYzbaqLXumA2IM0C_ILki1KrccOM11EZ8yD_OmK0UwaCH5verB9pG8SlRjFhA4PKeZru1xMlTfKx5/s320/IMG_6319.jpg)
mandag 17. januar 2011
Sandnestur og ny oppskrift!
*
Tanto ofrar seg fullstendig for dei søte små, og når vi kjem inn dørane står babysenga klar til minsten, stellematta er framma på badet, vaskeklutane ligg ved sida av, to store dobbelsenger er nyoppredd og heile huset luktar nylaga kyllinggryte.
Det synes vi er heilt FANTASTISK!
*
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhb0y_xIlXGh2PtXptXM9f-PcoyYMrp1pXTMob-3HUc-Bt58MeYgGx5kcylS814TZyc2PX6u-rOCte9vY5xuAPhoHdxXz5f064rjDEAS5mRUFVAWKBFJ1WQpHZFDu37DK6PuQyS5vDwsjyd/s320/jan+022.jpg)
Oppskrifta på KYLLINGGRYTE MED KARRI vil eg gjerne dele med dykk:
(den kan du trygt servere i klubb eller ein dag du skal kosa deg skikkelig!)
1 boks knuste tomater
torsdag 4. november 2010
MAMMA MIA!
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjmPOUGpJx0KcIjAUpPNST5qjvHZbObH1_6N3T4rW2x4v6D0LFJYTjyJ2-2c8usYxBDS1ZgL2wuajGfQuy9svQQECqYgaWz5PApjX8XgqoEfTiws9lqQhfM8Rq8KAbwh02iBZs_bikEet3O/s400/images=255B2=255D.jpg)
onsdag 11. august 2010
Det blide sørlandet
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEg-7gGTs80FjTZaBxJ8x76QNfel8GuykAgO9N8d8w1wj_CiatPIBgCuZ79QPi0KNiGpLrXa-URE0Z-0Ui2tracIvTqM_vOwhGmUI5e2Eb2kQfqJ6v68I4FYF9reu5nXPjVpfEu8S-m-NJrE/s400/Bilde+008.jpg)
Gamla kusina har vore nesten 2 veker på det blide sørlandet. Vi har kost oss kjempe masse. Her kjem nokon blider frå ferien.
Øverst er da ei stor liten jenta som gir tuttane sine te Kaptin Sabeltann!! Og snakka no om når ho var liten og brukte tutt.......
lørdag 7. august 2010
Ferietid!
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEj-4hRcFw9ALuLfvzAFjYzq0U-v5_KI2AX3PG5YLxQpxEJqNUiaVjAbGdHRiFAjsLQWZCB5y4NVIxHEs451MNUFb2EsqBWzoVeKPfVNyBfADOtCLvlDAH3icLjMQwqaD5utFr0tHD5QXNWp/s400/SMIL.jpg)
TEST
TEST
Innimellom regnbyene har vi kost oss på terassen. Vi har hatt mange fine dagar utandørs. Det har stort sett vore varmt i veret sidan juni.
TEST
TEST
I midten av juli samla vi Nilsen slekta på Sanden. Det var ein kjekk dag med deilig mat, kjekke leikar og konkurransar. Dette må definitivt bli ein framtidig tradisjon! Til neste år satsar vi på at alle er heime, og at familien har blitt endå større?!
fredag 23. juli 2010
SUPRE DUPRE TANTE OG ONKEL
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjbkTczo5GvuBiAJ1-HlMDC0oFqK5KeUrJd98_d15mGb5i9v9dg83NjqBdgshKyQdd_G0M_IZgwZ-QWX-91plkSKd1hklsSYuMSxg-isgt6BlMAjJj8bwytpDfWcqKNUmqgCwF2q5COZJuB/s400/Bilde+091.jpg)
Vi fekk ri. Gulleguten var så flink at han gjekk på beite og henta hesten sjølv.
søndag 4. juli 2010
Ferietid er...
felles frokost, familie, båtturar, hyttekos, grilling, god mat, hus og heim, strand, sol, regn, vener, oppussing, vin, shopping, og mykje meir.
Det er fullstendig bloggtørke for min del. Eg surfar lite på denne årstida og nyt dagar utan datamskin. Det blir ikkje teke mindre bileter av den grunn, men bileta blir nytta i årets album og blir tekne fram att når haustmørket kjem snikande. Vi er midt i ferien og nyt late dagar...
Forrige veke var vi fleire dagar på Hovden, der hadde vi herlege dagar med svigers. Denne helga har vi kost oss i heimen og mannen har hatt utdrikningslag (som høyrtes fantastisk kjekt ut). I dag har vi vore på herleg båttur midt i Hardangerfjorden. I morgon reiser vi til Bergen nokre dagar, det blir kos!
Nokre få glimt frå ferien så langt...
Tuppen og lillemor på båttur i dag med mormor og bessen i dag.
Ei søt lita bie i skjønn forening med ein kløverblom.
Verdas beste gut kosar seg på båttur på fjorden, med pappa si flotte kapteinshue...hehe...
GOD SUMAR ALLE SAMAN!
Klem Gunilla
mandag 7. juni 2010
gLaDe JuNiDaGaR!
TEST
Det er jo fortvilande for folk i full jobb med all denne streiken, men for oss andre er det jo kjempe stas! Ungane ser ut til å få ein laaang sommarferie. Då er det kjekt å ha gode venninner/kompisar i nabolaget.
TEST
Ungane sprett opp om morgonen, slår opp dørene til terassen og startar planlegginga av dagens gjeremål! Gå på stranda, sparka fotball, kosa med kanina, hoppa på trampolina, henta is i frysen, springa i spruten....Planane er MANGE!
søndag 21. mars 2010
Hytta er klar til påskekos
Hytta er no klargjort til påskekos med familien Fykse, Mathisen og Nilsen. Sengene er oppredd og hytta er strigla og klar til innovasjon. GOD PÅSKE ALLE SAMAN!
Molle og bessen kosar seg glugg...
Molle blir berre flinkare og flinkare å teikne, gøy!
tirsdag 9. mars 2010
Jentetur med gode kollegaer!
Vi satte kursen mot fjellet rett etter jobb fredag. Etter ein heller lang tur var det godt å komma fram til ei varm og god hytte. Vi diska opp med deilig kvelds før vi sette oss til rette med ei diger snopeskål, vin og spel til langt på natt!
Kort oppsumert: SOL, SNØ, DEILIG MAT, VIN, SPEL, GRILLING, BOBLEBAD, LITE SØVN, GOD STEMNING, FLOTT HYTTE, GOD TID....
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEid2OAXDIULFNT_QR8XTCgp58HoFxpty0VYF-_aCV4CGJIuCMegp3MRXCbmG5q5af_RQZ4iuAzHtYYVTQNnxGJBIajQJ4jLbMkx223mDchgbc22Z18-0ukyzsS2MXiv7-0DYPmR-c5NsipR/s400/hovden+074.jpg)
Ha ei fin veke folkens, no nærmer det seg påske og hyttetur for mange bloggarar tenkjer eg!
Klem Frøydis♥
torsdag 25. februar 2010
Vi gledar oss til Stockholm
Rett etter påske reiser vi på partur til Stockholm, det gledar vi oss VELDIG til.
Tre heldige jenter fekk "pakketur" frå tre kjekke karar. For ein kreativ fin gjeng!
Eg har aldri vore i Stockholm før, så det er absolutt på tide å sjå denne flotte byen.
Eg reknar med at mannen les seg opp om byen og merkar kartet før avreise. Kvar gong vi har vore på storbyferie (Praha, Lisboa, København, etc. har mannen merka kartet og funne masse flotte butikkar vi berre MÅ sjå. Eg minnast fleire turar der gnagsår og hovne bein har vore ein stor del av turen. Etter mange turar har vi naturlegvis lært oss kva sko som er brukande og ikkje.
Eit stalltips:
Ta alltid med deg to par sko (minst...) på storbyferie. Det visste du vel?
Det er tidvis krevande å ha ein mann som er så interressert i shopping som min. Dette er jo relativt uvanleg for menn, så eg anser det som eit luksusproblem. Eg set enormt pris på at mannen frivillig er med på handel, sjølvsagt.
Har du vore i Stockholm så set er stor pris på tips i forhold til kva vi bør få med oss.
Turen er frå torsdag til søndag så vi har god tid til å få med oss litt. No gjenstår det nokre veker med venting, enn så lenge skal vi kosa oss med SNØ og VINTER.
Ha ein fin kveld alle saman!
HEIA NOREG!
Klem frå Gunilla
torsdag 7. januar 2010
På hytta med svigers & Co.
I nyttårshelga var vi på hytta med svigers, ute var temperaturen minus 25 grader, så vi kosa oss mest innandørs med GOOOOD mat og drikke, lesestoff, tegnefilm, leik og balluba.
Vi var sjølvsagt ute å lufta oss litt i korte økter, men brrrr kor kaldt det var.
Geireguten kosar seg med farmor og farfar (julemiddag i bygdo)
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEisv6AMNWmjutZ9u-CYWAKvYTHAMCRHU6vr6j9lbDMqeF-_UTDaE1XnNxEYKa98xTAVJHRWisYqw826DexB1mqV0BxCPrRxWn6AxLseA6zk9eI-Nio6Ej0gHztENYhd27MC6atbxto0QYjP/s320/IMG_8310.jpg)
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjtzmdfAmJ_zpTN8m8EgiQZhHt3HcjNXZcEXQ_g2FfaQxYk5dhIiuWZLTmn16w_WFbnIMRZTePps6xjx2oNLfnEWiMcd_Hrx-cl5ZGfnDqLDJPPbxQcbKDpJKBPvC2TrfQtDAtN04MNgKpF/s320/IMG_8261.jpg)
Mannen med pels! Trur neppe han angra på investering i denne jakka...kjem godt med i vinterkulda.
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiX1TTvXfvwSHuEA-oDugQxjNXLPa74vieVd1oDJ3hxZcCjXmr7vhzdnIenKJbFjFKaygGODOGP7Y8yJTVSKM6bATdVe7ZntEYVpicxDfQ6OQ7FnzhGUzjMUZzQd_zsbg2lVYn69bDNXlsq/s320/IMG_8193.jpg)
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhaQyFDCEJSU_m9P9TwUe0n20POoqaqI9-SgBLrK8jCiovhTjEKawgBG-rnbTKwXZnEtbXeoMqAEh_3jN6lez1eH41a5ludphBvnS7lsowin_ibuoxwZh8CyF1kuxwcXFASBXqHb9-Nm7sS/s320/IMG_8189.jpg)
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiSdmoA4UP5HGCIjaOmtOat3wNnHoI8e537p3pDqb3KHGyATBEn_FX2vuW9aizzxXwznP5vnRTTo0w0x3PMeJ_VCsI0AE02cJo2fTVxJ_bRRF9V80-vKNq1BM-_gpEUeVOyIPxF3cPsDLeA/s320/IMG_8186.jpg)
Vesleguten varmar seg framfor peise ein tidleg morgon, skikkeleg søt.
HA EIT GODT NYTTÅR ALLE SAMAN.
Klem Gunilla
Min bloggliste
-
Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...for 5 år siden
-
daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...for 7 år siden
-
Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...for 8 år siden
-
Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...for 9 år siden
-
Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!for 9 år siden
-
Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...for 9 år siden
-
B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤for 9 år siden
-
En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...for 10 år siden
-
Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...for 10 år siden
-
-
-
Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...for 12 år siden
-
Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...for 12 år siden
-
Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...for 13 år siden
-
Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...for 13 år siden
-
-
Om meg
- Tre Kusiner
- Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!