Først av alt Godt Nyttår
til alle de fine leserar som kjem på besøk :)
2013 har vore eit travelt, men veldig fint år. Med stort hus, mann,
to fine jenter, lite søvn, interiørspalte i FM, ny jobb å sette seg inn i
og mykje anna har eg virkeleg fått kjenne på den berømte tidsklemma.
Bloggen har vore i stor fare for å bli lagt ned. Men kvar gong eg har tenkt dette
har det skjedd noko moro pga bloggen som gjorde til at eg berre måtte fortsette.
Huset ved Fjorden er eg sikker på vil fortsette i 2014 også.
Sjølv om det er på Instagram det skjer om dagen,
og blogger blir meir og meir stille.
Dessverre..
Her kjem eit lite tilbakeblikk på
bloggeåret 2013;
-Eg fekk spørsmål om eg ville skrive interiørspalte for FM (Fylkesmagasinet for Sogn og Fjordane)
Noko som har vore kjempekjekt, og eg skal fortsette med spalta i 2014 også. Yey!:)
-Huset ved Fjorden var månadens anbefalte blogg hos Rom123 (takk Nib-jenter :-)
-Eg hadde hekledilla. Eg laga mi eiga oppskrift på hekleluer og la ut oppskrifta på bloggen.
Noko som vart veldig populært hos leserar i Tyskland ;)
-Huset vart fyllt med deilige pastellar, så snart jula var kasta ut.
![](http://library.vu.edu.pk/cgi-bin/nph-proxy.cgi/000100A/https/blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjdqrnBiJ7_toYkIqHX5tfRAOwIpzesgRttkf6IFbKof8EGXy05rn4r1QY9joAzBGxksyd_5HuNTCJHrMFySCMQfgt4O5Mb88ToP6bsnj3uETqvf6Vz_Vmg-JH_132uBp1AO7NzlvOEOh4/s640/cats1.jpg)
-
- Vi starta på oppussinga av Hermine sitt rom.
Det vart eit skikkeleg jentete rom i grønt og rosa.
- Ariel fekk ei gammal barneseng som mannen sov i som liten.
- Korallfargen gjor sitt inntog i heimen.
- Eg strikka pute med pil og pussa opp barnemøbler frå
Ikea med tapet og måling.
- Eg måla eit skap Besten min har laga.
Det vart grønt og fekk plass på Ariel sitt rom.
- Potetkasser fekk nytt liv som oppbevaring med tapet, måling og hjul.
- Eg kom til finalen i Nib- utfordringa - Vårforberedelser,
og eg vann!! :)
-Vi måla litervis med måling på rekkverk ute.
- Vi kjøpte nye utemøbler og måla nokre skodder blå for å skape litt ferie-stemning.
-Broren min bygde leikehytte til jentene. Denne måla eg turkis, og starta på innreiinga.
- Eg hekla golvteppe til Hermine sitt rom. Oppskrifta til desse teppene ligg
på bloggen og er mitt mest leste innlegg :)
-Vi kosa oss ute på terassen.
- Vi feira Hermine sin 1 årsdag.
- Eg kom til Finalen i Nib si utfordring -Sommer på jorda.
Og eg vann!! :)
Del 2 kjem i neste innlegg.
Ha ein herleg første dag i nytt år!
Klem frå Bjørg :-)