Viser innlegg med etiketten Økologisk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Økologisk. Vis alle innlegg

mandag 26. mai 2014

Amerikasinglet


Gåve til ein liten norskamerikanar, som riktignok ikkje er så liten lengre - lenge er det sidan eg har sett han. 

Singleten som er på veg "over dammen" er i str. 134, og er sydd av deilig, mjuk økologisk bomullsjersey frå Nosh (kan kjøpast på www.fabelblaa.com). Den har eit påsydd scooter-bilete frå eit vevd stoff, og er etter mi meining akkurat passe tøff til ein 8-åring. Så håpar eg at mottakeren er einig!

lørdag 14. april 2012

Babylykke



Ei kjær venninne har fått ei flott lita jente, ein flott anledning til å sy litt babytøy igjen!
Valet denne gong fall på økologisk bomull - body i ugler frå Jofotex, bukse i frotté frå Lin & Papir. Mønster på body og bukse er henta frå Ottobre 1/12.


Framsida av Epla.no i dag er pryda av fleire økologiske skattar, blant anna ein fabelblå-vest:)




Ha ein flott laurdag!

tirsdag 25. oktober 2011

Spansk oktober:)



Her er det framleis kortarma klede som er tingen, sjølv om me kjenner hausten komme krypande...

Veldig deilig å sleppe å tenke på regnklede, ullundertøy og vintersko. Enn så lenge...




Bodyar sydde av bambus/økologisk bomull, eige mønster.

søndag 28. august 2011

Nattbukse

Minstejenta trengte ein pyjamas med fot, men eg hadde ikkje så god tid til å sy det akkurat no... Her er løysinga, kjapp og enkel: Bukse med fot!



Så no skal små føtter også vere varme etter ei heil natts søvn:)





Mønster frå Ottobre 4/2011, str. 80.

Sydd av deilig mjuk interlock av bambus og økologisk bomull.

torsdag 28. april 2011

Økobomull!

I det nydelige vårvêret kjendes det heilt naturleg å sy sommarkjolar, her er første ut av fleire påbegynte kjolar i økologisk bomull. Denne ligg førebels til salgs i Eplabutikken min, og vert den ikkje seld der skal den få vere med på marknad i sommar...

Str. 4 år, sydd av syrinlilla stretchfrotté og bomull med scootertrykk, begge er 100 % økologisk bomull frå Lin & Papir.

søndag 17. oktober 2010

Lite fantasi...?

Skulle nesten tru eg hadde for få idéar til kva eg skulle sy... Det stemmer ikkje heilt, men no vart det endå nokre babyluer, denne gong i økologisk bomull.




Desse vert sannsynlegvis med i ein leveranse til "En gul knapp" i Bergen.


Men no skal eg ta fatt på noko heilt anna enn babyklede!

tirsdag 20. juli 2010

Sol- og vindlue...?

Ikkje alle dagar med sol er like varme og vindstille, det kan difor vere greit med ei lue som både skuggar for sola og dekkjer øyrene.

Denne er sydd i lilla økologisk bomullstwill (kjøpt i London) og bomullsinterlock med sjiraffar frå Cethodesigns.no
Mønster er eige, inspirert av ei gamal, utsliten Cubuslue eg likte så godt fasongen på....

søndag 6. juni 2010

Babylue



Denne lua vart sendt av garde for ei stund sidan, vonar den gjer nytta si og varmar små søte babyøyrer...


Sydd av økologisk bomull, kjøpt frå Cetho Designs AS. Str. ca 4-6 mnd.

lørdag 24. april 2010

"En gul knapp"




Eg er litt stolt over å kunne fortelje at butikken "En gul knapp" i Skostredet i Bergen har tatt inn nokre fabelblå-plagg for vidaresalg! (Her er link til nettbutikken.)




I første omgang vart luer i økologisk bomull samt vendbare bomullsskjørt sendt av garde, og så vonar eg sjølvsagt at kleda vert selde slik at eg får levere fleire klede!