Viser innlegg med etiketten Fleece. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fleece. Vis alle innlegg

mandag 11. november 2013

Pysjamasjentene




Tøysejentene klarte å sjarmere mor til å få vere med å sy seg luer. Luene måtte sjølsagt vere på etter leggetid òg... 

Ytterstoff frå fabelblaa.com
Fleece frå S&S til fôr
Eige mønster

søndag 24. februar 2013

Luegjengen:)



Vinteren har vore travel, og sjølv om eg har sydd litt innimellom er det lite som har havna i bloggen og på Epla. På tide å gjere noko med dét, så sjølv om det dei siste dagane har vore deilig vårsol ute har eg oppdatert Epla-butikken min med mange luer med deilig ull- eller fleecefôr.

Luer etter eige mønster.
Bomullsjersey frå ulike stader, bl.a. www.fabelblaa.com.
Fôra med fleece frå Stoff & Stil eller ulljersey frå Skaar tekstil.

tirsdag 14. februar 2012

Winter wonderland





Man tager det man haver:
Kamera: Mobiltelefonen
Fotograf: Eldstejenta
Modell: Meg
Location: (Den vesle flekken som kunne vore grasplen dersom ikkje nokon med gravemaskin gav etter for fristelsen til å grave litt. Men dette vert jo effektivt skjult av snøen sjølvsagt, dermed kan me kalle det) Hagen vår




Då nysnøen låg kvit og fin var det tid for ein liten photoshoot i snøen, denne gong med meg som modell og eldstejenta som fotograf.

Kjolen er sydd for vinterbruk, og har god plass til både dobbelt lag ullundertøy og velourkjole under. Ermeribbane er ekstra lange og kan trekkjast godt ned over ei kald hand.

Dette er mitt bidrag til sy-utfordringen "Winter wonderland".
Den er sydd i brun polarfleece og ribb frå S&S, samt bomullsstoff i brunt/turkis frå Panduro.


onsdag 19. januar 2011

Hest er best!

Jenta som skal få denne kjolen har lenge hatt stor interesse for hest, håpar ho likar hest på kjolen òg!


Materialer:
Fleece frå Stoff & Stil
Brunt/lysrosa bomullstoff frå Panduro
Mørk brun interlock frå JNY Design.
Brun glidelås i halsen.


Mønster:
Eige, str. 14 år.

tirsdag 16. november 2010

Meir flammar!

...og flammar og fleece går som kjent ikkje særleg godt i lag.... Dermed føler eg for å skulde på flammeapplikasjonen for at eg klarte det kunststykket å lage smeltemerke med strykejarnet i fleecen.... Klassisk nybyrjartabbe...

Denne fleecejakken var eigentleg tenkt som ei gåve, men den spaserte dermed fint inn i klesskåpet til størsteguten. Som var godt nøgd med dét :)

Mønster frå Ottobre 4/10.
Stoff frå Stoff og Stil.



onsdag 3. november 2010

Utprøving av ny luemodell!


Hyppige hauststormar viser behovet for varmare hovudplagg. Dette er luer med bomullsutside og fleece innside.
Dessverre vart begge luene litt knappe til mottakarane, kanskje eg må gjere eit nytt forsøk....

Bomullsjersey frå JNY design kjøpt frå Cetho Designs. Polarfleece og microfleece frå Stoff & Stil.
Eige mønster.

tirsdag 12. januar 2010

Brrrrrr...


I det siste har det vore uvanleg kaldt til Vestlandet å vere, minusgrader i fleire veker samanhengande! Men når eg tenkjer etter så er det nokså deilig å sleppe unna regnet som vanlegvis plaskar ned dag ut og dag inn...

Når ein plutseleg har behov for varmare klede er det veldig greit å ha litt fleece liggande, enkelt og kjapt å sy i!

Denne tunikaen er til meg sjølve, sydd av petrolblå polarfleece (Stoff & Stil) og brun strikkblonde frå same stad. Den har fastsydd omslagsopning og litt vide 3/4 erme. Mønsteret er frå AoH 02/03, noko justert.