Viser innlegg med etiketten Singlet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Singlet. Vis alle innlegg

mandag 26. mai 2014

Amerikasinglet


Gåve til ein liten norskamerikanar, som riktignok ikkje er så liten lengre - lenge er det sidan eg har sett han. 

Singleten som er på veg "over dammen" er i str. 134, og er sydd av deilig, mjuk økologisk bomullsjersey frå Nosh (kan kjøpast på www.fabelblaa.com). Den har eit påsydd scooter-bilete frå eit vevd stoff, og er etter mi meining akkurat passe tøff til ein 8-åring. Så håpar eg at mottakeren er einig!

tirsdag 23. august 2011

Dagens linselus

Med ungane attende i skule og barnehage var det svært så stille i huset når minstejenta sov luren sin. Endelig kunne eg ta bilete uten å bli forstyrra. Trudde eg...



Pusen har her funne seg godt til rette på størsteguten sin nye singlet, sydd av turkise retroringar kjøpt frå Tiljamiid.

Mønsteret er eit t-skjortemønster frå Ottobre, her utan erme. Str. 134.