Viser innlegg med etiketten Bomullsplagg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bomullsplagg. Vis alle innlegg
lørdag 27. februar 2016
Selebukser
Kjekt mønster - gøy å sy. Og ekstra gøy at det går an å sy dobbelsidige selebukser - så kan dei brukast på begge sider ☺️
Etiketter:
Baby,
Bomullsplagg,
Dobbelsidig,
Selebukse
mandag 26. mai 2014
Amerikasinglet
Gåve til ein liten norskamerikanar, som riktignok ikkje er så liten lengre - så lenge er det sidan eg har sett han.
Singleten som er på veg "over dammen" er i str. 134, og er sydd av deilig, mjuk økologisk bomullsjersey frå Nosh (kan kjøpast på www.fabelblaa.com). Den har eit påsydd scooter-bilete frå eit vevd stoff, og er etter mi meining akkurat passe tøff til ein 8-åring. Så håpar eg at mottakeren er einig!
Etiketter:
Bomullsplagg,
Singlet,
T-skjorter,
Økologisk
mandag 14. april 2014
Capsluer - testing, testing...
I fleire år har eg tenkt på å sy luer med brem, men ikkje tatt meg tid til å lage mønster. Endeleg - her er dei! Til stor glede for dei yngste jentene mine, som nærast har budd i luene dei siste par dagane.
No skal dei vaskast, brukast meir, og vaskast igjen - og om bremmen består testen vert det fleire slike i Epla-butikken etter påske.
Ha ei strålande påske!
Etiketter:
Bomullsplagg,
Caps,
Capsluer,
Luer
mandag 11. november 2013
Pysjamasjentene
Tøysejentene klarte å sjarmere mor til å få vere med å sy seg luer. Luene måtte sjølsagt vere på etter leggetid òg...
Ytterstoff frå fabelblaa.com
Fleece frå S&S til fôr
Eige mønster
Etiketter:
Bomullsplagg,
Fleece,
Luer
mandag 7. oktober 2013
Kosefridag
På ein snartur innom Stoff & Stil for å kjøpe blå sytråd fant nestminstejenta ein rev! Stor stas sidan favorittlåta for tida er "The Fox", så reven måtte sjølvsagt få vere med heim.
Det går fint å løyse matematikkoppgåver med nysydd revelue på!
Stoff frå eigen nettbutikk
Symerke frå Stoff & Stil
Eige luemønster
Det går fint å løyse matematikkoppgåver med nysydd revelue på!
Stoff frå eigen nettbutikk
Symerke frå Stoff & Stil
Eige luemønster
tirsdag 24. september 2013
Luepåfyll
Etter Bergen Bymarked var det nesten heilt tomt for vanlege luer i str. 1 - 2 år. Rart det der - det er så forskjellig kva som sel på marknad. Før har det stort sett vore firkantluene i str. 3 - 5 år det har gått mest av, men denne gangen var det altså desse.
Dei nysydde luene er å finne i Epla-butikken.
torsdag 25. juli 2013
Sommarskjørt
Eg sydde fleire av desse skjørta før eg var med på den lokale torgdagen tidlegare i sommar, og selde om lag halvparten av dei. Etterpå var minstejenta svært så nøgd då ho fekk velje akkurat det ho ville av dei som var att - og ville helst ha dette rosa med ugler på.
Desse skjørta er fine både når ein vil pynte seg litt, eller berre vere kvardagsfin.
Skjørtet er òg testa til klatring, og vart godkjent av minstejenta.
Dei skjørta eg har igjen ligg i Epla-butikken min og ventar på nye eigarar.
Og jada - sommarskjørta kan sjølvsagt også brukast andre årstider:)
Etiketter:
Bomullsplagg,
Epla.no,
Skjørt
torsdag 18. juli 2013
Ferieboble
Fint å vere i ei ferieboble. Fint å ikkje ha på vekkerklokke. Fint å spele fotball på grasplenen eller blåse såpebobler ein sommerkveld. Fint at gutane framleis ynskjer seg klede sydd av mamma.
Kortbukser sydd av stoffet "Sixties" frå eigen nettbutikk, ein raud versjon og ein blå.
Eige mønster.
tirsdag 2. juli 2013
"Brrrmm...!"
Eit turkis sommarsett til ein liten sjarmør som måtte vente lenge... Kjenner eg han rett seier han "brrrmm.." når han får på t-skjorta!
Bilstoff og koksgrå ribb frå Stoff & Stil.
Turkis jersey frå JNY.
Polkastripet jersey frå Liandlo/fabelblaa.com.
Etiketter:
Bomullsplagg,
Kortbukser,
T-skjorter
tirsdag 30. april 2013
Bukser og bok
Eg har dei siste dagane sydd mange fargerike velourbukser, dei fleste ligg for sal i Epla-butikken min.
Og før helga fekk eg endelig boka "Handmade" i posten! Her er det størstejenta som studerer lue-mønsteret som er mitt bidrag i boka.
Etiketter:
Bomullsplagg,
Bukser,
Handmade
torsdag 14. juni 2012
Dagens vaskeantrekk
Iført pyjamas og nysydd lue måtte berre vaskefilla svingast litt før leggetid. Forresten sovna ho med lua på òg :)
Liandlo-stoff med racerbilar frå nettbutikken min, her.
Etiketter:
Bomullsplagg,
Liandlo,
Luer,
Nettbutikk
lørdag 14. april 2012
Babylykke
Ei kjær venninne har fått ei flott lita jente, ein flott anledning til å sy litt babytøy igjen!
Valet denne gong fall på økologisk bomull - body i ugler frå Jofotex, bukse i frotté frå Lin & Papir. Mønster på body og bukse er henta frå Ottobre 1/12.
Framsida av Epla.no i dag er pryda av fleire økologiske skattar, blant anna ein fabelblå-vest:)

Ha ein flott laurdag!
onsdag 21. mars 2012
*smelt*

Å få spørsmål om eg kan sy ei ny - akkurat lik - helikopterlue til ein liten gut som hadde mista favorittlua si, det gjer det litt ekstra gøy å sy!
Det flotte stoffet er kjøpt hos Masker & Sting, og eg hadde heldigvis akkurat nok igjen til å sy denne lua....
søndag 11. desember 2011
Posebukser
Litt etter litt vert eg ferdig med plagg som skal få vere med på julemarked neste helg. Posebukser vert det nokre av. Dei fyrste er ferdige, fleire står for tur...
mandag 21. november 2011
Stille og roleg marknadshelg
Ei heller roleg Haustmesse på laurdag. Selde nokre plagg (tusen takk til dykk som handla!), kjøpte litt småtteri frå andre utstillarar.
Fordelen med å sitje att med mykje varer må jo vere at eg slepp å sy veldig mykje til neste marknadshelg, og kan sy berre dei tinga eg har mest lyst til...?
tirsdag 15. november 2011
Snart marknadsdagar...
Attende i kvardagen søkjer eg å snike meg til så mykje sytid som mogeleg, eg har nemleg meldt meg på heile 4 marknadsdagar no før jul.

Først ut er Haustmesse i regi av Nordhordland husflidslag no på laurdag...
Litt nytt har eg med sjølv om eg det meste av hausten har vore utan symaskin, her er eit lite glimt av ei nysydd bukse med lommer:

onsdag 14. september 2011
Lim kan brukast til så mangt
Applikasjonen på kortbuksa er rett og slett limt på med skulelim og sydd rundt etterpå. Trass i at etiketten lova at limen lett gjekk vekk i vatn er det framleis nokre små limflekkar på syklisten... Konklusjonen får bli at skulelim ikkje er å anbefale til applikasjonar ;)

Og jepp, me har sommar framleis!
Kortbukse sydd av bomullschambray frå Stoff og Stil, med applikasjon av turkis interlock. Nesten heilt lik som denne som vart gitt som gåve.
onsdag 31. august 2011
Fram frå gløymselen

Dette settet med body og velourbukse er det no ganske lenge sidan eg sydde, det har lagt til sals i Eplabutikken min ei tid utan å verte seld. Når minstejenta no trengte litt meir klede i str. 80 - så vips! var settet hennar:)
Nevnar i same slengen at siste moglegheit til å handle i Eplabutikken min vert på laurdag, etter det vert den dessverre midlertidig stengt ein periode.
Etiketter:
Baby,
Body,
Bomullsplagg,
Bukser
tirsdag 23. august 2011
Dagens linselus
Med ungane attende i skule og barnehage var det svært så stille i huset når minstejenta sov luren sin. Endelig kunne eg ta bilete uten å bli forstyrra. Trudde eg...

Pusen har her funne seg godt til rette på størsteguten sin nye singlet, sydd av turkise retroringar kjøpt frå Tiljamiid.
Mønsteret er eit t-skjortemønster frå Ottobre, her utan erme. Str. 134.
Etiketter:
Bomullsplagg,
Singlet,
T-skjorter
torsdag 11. august 2011
Dinosaurar!
Dinosaurmotivet vart ein favoritt hos fleire her i huset, så det vart t-skjorte og kortbukse til minstegut og lue til nestminstejenta. Litt sommar og litt haust altså, det er jo allereie august...

Etiketter:
Bomullsplagg,
Kortbukser,
Luer,
T-skjorter
Abonner på:
Innlegg (Atom)