Viser innlegg med etiketten Vaksne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vaksne. Vis alle innlegg

lørdag 2. august 2014

Bloomsbury

 
 
Bloomsbury-genseren eg har strikka på i sommar er endeleg ferdig! Den er til meg, sjølv om det er eldstejenta som her har fått modelloppdraget.
 


 
 
Genseren har flott mønster som strekk seg oppetter heile ryggen og begge armane. Mønsteret kan ein kjøpe på ravelry.com. Det er på engelsk, ein liten utfordring sidan eg ikkje har nytta engelske strikkemønster tidlegare, men det gjekk mykje lettare enn eg trudde. I starten måtte eg lese mønster heile tida for å få det riktig, men etterkvart satt det i fingrane. Den er strikka ovanfrå og ned - heilt genialt for å kunne tilpasse størrelsen undervegs.

 
 
 
Mønster: Bloomsbury, kan kjøpast på ravelry.com.
Størrelse: M
Garn: Drops Big Merino, ca 535 gram (nesten 11 nøster).
Pinnestr.: 5,5 og 6 mm.

 

mandag 3. februar 2014

Ullgenser med motiv

Her har eg brukt kjolemønsteret Onion 2046 som utgangspunkt for å lage ullgenser til meg sjølv. Den er sydd i deilig ulljersey frå Janus sitt "Ull på rull"-utsalg, og pynta med ei øgle i svart, glitrande Heattransfer frå Stoff & Stil. 


Forresten så er "Ull på rull"-utsalget på Espeland i Arna så absolutt verdt eit besøk!

lørdag 1. februar 2014

Endeleg!


Endeleg vart julebordskjolen ferdig! Ja, julebordet er sjølvsagt også ferdig - forlengst!

Kjole til meg sjølv, sydd av viskosejersey og blondestoff frå Stoff & Stil.
Mønster: Onion 2035.


søndag 3. november 2013

Pulsvarmarar

 
 
Då vi hadde eit lengre opphald i Spania for eit par år sidan kom eg over ein flott garnbutikk med godt utvalg, og eg måtte sjølvsagt kjøpe med meg nokre nøster av - for meg - nytt og spanande garn. Garn som er kjøpt utan å ha ein plan vert gjerne liggande ei stund, og når eg gjerne berre kjøper 1 - 2 nøster av kvar type er det litt begrensa kva det kan brukast til.

Då eg kom over dette pulsvarmar-mønsteret frå SPØT fekk eg endeleg eit prosjekt til dette utruleg mjuke, lilla ullgarnet. Det er nok litt tynnare enn mønsteret er rekna for, dermed la eg opp nokre ekstra masker og strikka ein repetisjon ekstra av mønsteret. Resultatet vart bra, og det er nesten så eg gler meg til kjølegare dagar. Berre nesten, altså...



 
 

lørdag 12. oktober 2013

Barnehagekjole


Ein av fordelane med å jobbe i barnehage er at det går heilt fint å leike litt i klesvegen òg. Frå før har eg ein apekattkjole, no har eg fått meg ein bilkjole. 
 
 
Mønster: Onion 2035
Stoff: Biljersey frå ein dansk stoffbutikk, viskosejersey frå S&S

tirsdag 9. juli 2013

Hokus...pokus...kjole!


Dette trur eg må vere verdas enklaste kjole å sy!
Kjolen består av 4 delar stoff som vert sydd saman med kun ein saum.

Overdelen kan knytast rundt overkroppen på utallige måtar, så her kan ein oppnå følelsen av "ny" kjole kvar gong ein tar den på.

Kjolen var tiltenkt meg, men eldstejenta følte seg så heime i den då me tok bildene at ho kjapt kom med eit ynskje om å få adoptere den. Me får sjå kven som trekk det lengste strået etterkvart...


 


 
Denne kjolen er sydd i polyesterjersey. Det har fint fall til kjole, og raknar ikkje sjølv om kantane er rå. Det er også eit pluss at det er eit rimeleg stoff; denne kjolen har stoff frå restebordet til Stoff & Stil, og kom på kr. 29,90 totalt...

Har du lyst til å sy ein sjølv finn du mange skildringar av framgangsmåten dersom du googlar infinity dress.

tirsdag 4. juni 2013

Apekattkjole

 
 
 
 
"Fem små apekattar hoppa opp og ned
den eine datt ned, og slo seg på kne'
Mamma ringte doktoren og doktoren sa:
-Ikkje meira hopping i senga i dag!"
 
 
 

lørdag 9. mars 2013

Ullkjole med bringebær

Med vinteren på hell var det på tide å sy litt i ull;) Til meg sjølv denne gongen.

Kjolen er sydd av svart ulljersey frå Stoff & Stil og eit stykke bringebærjersey frå min eigen nettbutikk.
Ulljerseyen fant eg på restebordet til S&S for fleire år sidan. Stoffstykket var stort, men hadde fleire små hól rundtomkring, eg var difor litt skeptisk til å bruke dette stoffet til noko i det heile. Eg sydde imidlertid ein liten gensar til eit karnevalskostyme for eit par år sidan, denne gensaren har seinare vore nytta som ullundertøy både av den gongens Timmy og av veslesystera, og sidan gensaren framleis er like heil tok eg no sjansen på å bruke resten av stoffstykket.
Bringebærjerseyen er ein tjukk og god jersey der mønsteret er strikka inn i stoffet (og no er det heile 50% rabatt på denne i nettbutikken min!). Her har eg lagt trådretninga på tvers på akkurat dette sidestykket, og det ser ut til å fungere fint.

Mønsteret er eit av Onion sine nye, 2046, og var kjapt og enkelt å sy. Kjolen har flott passform, men det kan virke som om mønsteret er ein smule stort i størrelsen. Dette mønsteret kjem eg heilt klart til å bruke fleire gongar, ein ny favoritt!

tirsdag 14. februar 2012

Winter wonderland





Man tager det man haver:
Kamera: Mobiltelefonen
Fotograf: Eldstejenta
Modell: Meg
Location: (Den vesle flekken som kunne vore grasplen dersom ikkje nokon med gravemaskin gav etter for fristelsen til å grave litt. Men dette vert jo effektivt skjult av snøen sjølvsagt, dermed kan me kalle det) Hagen vår




Då nysnøen låg kvit og fin var det tid for ein liten photoshoot i snøen, denne gong med meg som modell og eldstejenta som fotograf.

Kjolen er sydd for vinterbruk, og har god plass til både dobbelt lag ullundertøy og velourkjole under. Ermeribbane er ekstra lange og kan trekkjast godt ned over ei kald hand.

Dette er mitt bidrag til sy-utfordringen "Winter wonderland".
Den er sydd i brun polarfleece og ribb frå S&S, samt bomullsstoff i brunt/turkis frå Panduro.


onsdag 4. august 2010

Jakke med plass til mage :)

Sidan min favorittjakke for tida begynte å bli for trang over magen har eg rett og slett laga meg ein nesten-kopi, med plass for stooor mage.


Jakken er sydd i svart og turkis isoli frå Stoff & Stil, og har glidelås framme.
Den har spiss hette og trompet-erme, og utvendige turkise overlocksaumar.
Mønsteret har eg laga sjølve, men er delvis kopi av ein London-kjøpt jakke.
Den passar meg perfekt, noko som sjølvsagt var meininga, så eg trur nok det vert ei fleece-utgåve av denne også så eg heldt varmen utover hausten...

tirsdag 12. januar 2010

Brrrrrr...


I det siste har det vore uvanleg kaldt til Vestlandet å vere, minusgrader i fleire veker samanhengande! Men når eg tenkjer etter så er det nokså deilig å sleppe unna regnet som vanlegvis plaskar ned dag ut og dag inn...

Når ein plutseleg har behov for varmare klede er det veldig greit å ha litt fleece liggande, enkelt og kjapt å sy i!

Denne tunikaen er til meg sjølve, sydd av petrolblå polarfleece (Stoff & Stil) og brun strikkblonde frå same stad. Den har fastsydd omslagsopning og litt vide 3/4 erme. Mønsteret er frå AoH 02/03, noko justert.