Viser innlegg med etiketten Skjørt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skjørt. Vis alle innlegg

onsdag 19. mars 2014

Regnbogeskjørtet ingen ville ha



På ferie i Danmark for snart 7 år sidan kom eg over det flottaste ullgarnet eg nokon gong hadde sett: Kauni i regnbogefargar. Eit 250 g stort hespe vart med heimatt (saman med eit like stort hespe i svart/grått/lilla), og eg hadde store planar for kva for noko fint dette kunne bli.

Optimistisk byrja eg på eit skjørt til meg sjølv, men tenkte etterkvart at det kanskje vart litt vel fargerikt, og justerte størrelsen til å heller passe til størstejenta. Men strikkinga var ikkje førsteprioritet, og før det vart ferdig var størstejenta blitt så stor at ho ikkje var så glad i veldig fargerike klede lengre...

Så då skjørtet var ferdig strikka vart det snart passeleg til nestminstejenta. Det vart liggjande ei god stund i påvente av å få strikk i livet, så lengje at jenta plutsleg vart ei rosa-jente, og forkasta skjørtet utan eingong å prøve det...

Då måtte eg setje mi lit til minstejenta, og ho skuffa ikkje; "Det vil eg ha på i barnehagen i morgon!" sa ho før ho dansa bortover golvet med skjørtet på. Så endeleg fekk skjørtet ein eigar!


 

torsdag 25. juli 2013

Sommarskjørt


 
 
Eg sydde fleire av desse skjørta før eg var med på den lokale torgdagen tidlegare i sommar, og selde om lag halvparten av dei. Etterpå var minstejenta svært så nøgd då ho fekk velje akkurat det ho ville av dei som var att - og ville helst ha dette rosa med ugler på.
 

 
 
Desse skjørta er fine både når ein vil pynte seg litt, eller berre vere kvardagsfin.
  Skjørtet er òg testa til klatring, og vart godkjent av minstejenta.
 
 
 
 
Dei skjørta eg har igjen ligg i Epla-butikken min og ventar på nye eigarar.
Og jada - sommarskjørta kan sjølvsagt også brukast andre årstider:)
 
 

lørdag 16. juli 2011

Av skade vert ein klok...

Kanskje eg endeleg har skjønt det; når du skal sy ei gåve og har lita tid - velg for all del noko du veit du får til! Har bomma litt der før kan ein seie....






Dermed plukka eg ut to mønster eg hadde prøvd før. Og eg vart ferdig i tide, gåvene er allereie pakka opp i eit sommarvarmt land langt borte - og godt mottekne har eg fått høyre:)



Skjørt:

Stoff: Babycord, div. bomullsstoff og blonde frå S&S.

Mønster: Insa skjørt (str. 98/104) frå boka "Sewing clothes kids love".


Kortbukse:

Stoff: Deilig, mjuk dongeri frå Textart. Applikasjon av turkis interlock frå JNY.

Mønster: Eige, ca str. 116.

tirsdag 2. november 2010

Epla-forelskelse :-)

Alltid like gøy å bli valgt ut! Fabelblå-skjørt øverst til venstre :-)

mandag 30. august 2010

Same procedure....




Ikkje så mykje å skrive om dette skjørtet, eigentleg er det heilt likt som det rosa eg sydde. Berre annan farge, så klart ;)
Stoff frå Stoff og Stil

mandag 16. august 2010

Prinsesseskjørt...?


Rosa vart det i alle fall. Veldig rosa. Eigentleg litt rart sidan eg ikkje er spesielt glad i rosa... Men eg trur nok at mottakaren er ørlite grann meir glad i rosa enn meg, så då går det kanskje greit likevel ;-)

Str. 6 år
Mønster frå boka "Sewing clothes kids love"
Stoff frå Stoff og Stil, Panduro og Polarquilt, blonde frå Stoff og Stil.

lørdag 24. april 2010

Genser og skjørt til minstejenta




Det er visst minstejenta som stikk av med dei fleste heimesydde kleda for tida...

Desse var ikkje tenkt som eit sett i utgangspunktet, men dei passar kanskje litt saman likevel...?



Genser i raud JNY skyvelour frå Cethodesigns.no. Applikasjon av velour-restar.

Vendbart skjørt i uglestoff fra Textart, babycord frå Stoff og Stil. Raud JNY skyjersey på den sida som her ikkje er synleg.

"En gul knapp"




Eg er litt stolt over å kunne fortelje at butikken "En gul knapp" i Skostredet i Bergen har tatt inn nokre fabelblå-plagg for vidaresalg! (Her er link til nettbutikken.)




I første omgang vart luer i økologisk bomull samt vendbare bomullsskjørt sendt av garde, og så vonar eg sjølvsagt at kleda vert selde slik at eg får levere fleire klede!


fredag 12. februar 2010

Vendbart skjørt

Dobbeltsidig rosa blomst-jungel 3

Sidan eg prøver å lage klede som kan brukast ofte og mykje var no tida inne for å prøve å lage eit vendbart skjørt. Det passa då ekstra bra at Ottobre hadde eit slikt mønster i nr 4/09.

Men… eg endte opp med å ikkje følgje verken mønster eller framgangsmåten heilt som den var i Ottobre. Og det kan jo straffe seg – når eg etter å ha sydd saman alle delane skulle snu rettsida ut satt eg der med noko som mest likna ei pølse… I alle fall ikkje eit skjørt. Fram med saksa og prøv på nytt…!

Resultatet vart greit til slutt. Ei side jungel og ei side blomster, brune kantar. Str. 104 (3-4 år).

(Jungeljersey frå JNY Design, rosa blomstercord og brun babycord frå Stoff og Stil)