Viser innlegg med etiketten Kortbukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kortbukser. Vis alle innlegg

torsdag 18. juli 2013

Ferieboble



Fint å vere i ei ferieboble. Fint å ikkje ha på vekkerklokke. Fint å spele fotball på grasplenen eller blåse såpebobler ein sommerkveld. Fint at gutane framleis ynskjer seg klede sydd av mamma.




Kortbukser sydd av stoffet "Sixties" frå eigen nettbutikk, ein raud versjon og ein blå. 
Eige mønster. 


tirsdag 2. juli 2013

"Brrrmm...!"



Eit turkis sommarsett til ein liten sjarmør som måtte vente lenge... Kjenner eg han rett seier han "brrrmm.." når han får på t-skjorta!



Bilstoff og koksgrå ribb frå Stoff & Stil.
Turkis jersey frå JNY.
Polkastripet jersey frå Liandlo/fabelblaa.com.

onsdag 14. september 2011

Lim kan brukast til så mangt

Applikasjonen på kortbuksa er rett og slett limt på med skulelim og sydd rundt etterpå. Trass i at etiketten lova at limen lett gjekk vekk i vatn er det framleis nokre små limflekkar på syklisten... Konklusjonen får bli at skulelim ikkje er å anbefale til applikasjonar ;)






Og jepp, me har sommar framleis!




Kortbukse sydd av bomullschambray frå Stoff og Stil, med applikasjon av turkis interlock. Nesten heilt lik som denne som vart gitt som gåve.

torsdag 11. august 2011

Dinosaurar!





Dinosaurmotivet vart ein favoritt hos fleire her i huset, så det vart t-skjorte og kortbukse til minstegut og lue til nestminstejenta. Litt sommar og litt haust altså, det er jo allereie august...

Stoff: "Jurassic", kjøpt frå Tiljamiid. Mørk brun interlock frå JNY til erme og kanting.

lørdag 16. juli 2011

Av skade vert ein klok...

Kanskje eg endeleg har skjønt det; når du skal sy ei gåve og har lita tid - velg for all del noko du veit du får til! Har bomma litt der før kan ein seie....






Dermed plukka eg ut to mønster eg hadde prøvd før. Og eg vart ferdig i tide, gåvene er allereie pakka opp i eit sommarvarmt land langt borte - og godt mottekne har eg fått høyre:)



Skjørt:

Stoff: Babycord, div. bomullsstoff og blonde frå S&S.

Mønster: Insa skjørt (str. 98/104) frå boka "Sewing clothes kids love".


Kortbukse:

Stoff: Deilig, mjuk dongeri frå Textart. Applikasjon av turkis interlock frå JNY.

Mønster: Eige, ca str. 116.

torsdag 19. mai 2011

Overrasking x 2





På Voss ligg det ein liten, koseleg butikk med navn Tiljamiid, og der var eg så heldig å sleppe inn sjølv om det eigentleg var stengt den dagen. Takk for det, Therese!


Størsteguten var med, og han la straks sin elsk på stoffet med retroringar - t-skjorte og kortbukse ville han ha! Eg var mildt sagt overraska over valet, men sa sjølvsagt ja til det - eg må innrømme at eg alltid vert glad når ungane ynskjer seg heimesydde klede :)


Kortbuksa har han vore med å klippe og sy sjølve, før han kom fram til at han likte ikkje sååå godt å sy, så eg kunne få gjere den ferdig for han...


Stoff: Retroringer, kjøpt frå Tiljamiid. Orange ribb frå Stoff & Stil.

Mønster: Eige, opprinneleg fleece-/joggebuksemønster, str. ca 128. Opplegget nederst er etter Gekko sin metode.


Den andre overraskinga...? Hauststormen ute! Er det ikkje vår no...?