Viser innlegg med etiketten Genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Genser. Vis alle innlegg

lørdag 2. august 2014

Bloomsbury

 
 
Bloomsbury-genseren eg har strikka på i sommar er endeleg ferdig! Den er til meg, sjølv om det er eldstejenta som her har fått modelloppdraget.
 


 
 
Genseren har flott mønster som strekk seg oppetter heile ryggen og begge armane. Mønsteret kan ein kjøpe på ravelry.com. Det er på engelsk, ein liten utfordring sidan eg ikkje har nytta engelske strikkemønster tidlegare, men det gjekk mykje lettare enn eg trudde. I starten måtte eg lese mønster heile tida for å få det riktig, men etterkvart satt det i fingrane. Den er strikka ovanfrå og ned - heilt genialt for å kunne tilpasse størrelsen undervegs.

 
 
 
Mønster: Bloomsbury, kan kjøpast på ravelry.com.
Størrelse: M
Garn: Drops Big Merino, ca 535 gram (nesten 11 nøster).
Pinnestr.: 5,5 og 6 mm.

 

mandag 3. februar 2014

Ullgenser med motiv

Her har eg brukt kjolemønsteret Onion 2046 som utgangspunkt for å lage ullgenser til meg sjølv. Den er sydd i deilig ulljersey frå Janus sitt "Ull på rull"-utsalg, og pynta med ei øgle i svart, glitrande Heattransfer frå Stoff & Stil. 


Forresten så er "Ull på rull"-utsalget på Espeland i Arna så absolutt verdt eit besøk!

mandag 4. november 2013

Hermegåsa


Ei god stund no har eg følgt strikkebloggen To vrange, og finn alle dei flotte strikkeplagga svært inspirerande. Faktisk så inspirerande at det var på tide med ørlite kopiering, og denne regnbogekjolen vart blinka ut som årets sommarferiestrikk.

Kauni-garn hadde eg, både i regnbogefargar og ein grå-lilla-svart variant, og sidan det grå-lilla-svarte hespet såg ut til å vere mest grått tenkte eg at det fekk duge som grunnfarge. Vel avgårde på ferie viste det seg at innslaget av svart og lilla var mykje større enn først antatt, men full av pågangsmot sette eg i gang. Å strikke oppefrå og nedover var ein ny, men artig erfaring for meg, og det kjem eg nok til å gjere fleire gongar.

Eg såg kjapt at denne utgåva vart noko meir kvardagsleg enn To vrange sin, og tenkte difor at den kanskje gjorde seg betre som gensar i staden for kjole. Etter at bolen var ferdig såg eg at det vart litt vel mange oransje striper, difor korta eg ned ganske mykje av regnbogetråden då eg strikka armane. Å ta opp igjen bolen for å gjere det same der var imidlertid lite aktuelt....

Gensaren vart faktisk ferdigstrikka i ferien, men vart liggjande ganske lenge etterpå i påvente av knapp på skuldra. Så medan eg har somla meg til å sy fast ein - 1 - knapp har òg kjappe To vrange strikka ein genservariant av regnbogekjolen - ja, i tillegg til mykje anna flott!

søndag 20. mars 2011

Landskap

Det er faktisk ei stund sidan eg har fått bestillingar no, så dette var jo litt gøy. Bestillaren savna større utvalg av guteklede på epla.no, og ville gjerne ha eit sett i blå velour og landskapsmotiv.
Stoff: Blå velour og ribb frå Stoff & Stil, bomullsinterlock med landskapsmotiv frå Jofotex.
Mønster: Eige, str. 92, men er nok litt romsleg i størrelsen.

tirsdag 16. november 2010

Meir flammar!

...og flammar og fleece går som kjent ikkje særleg godt i lag.... Dermed føler eg for å skulde på flammeapplikasjonen for at eg klarte det kunststykket å lage smeltemerke med strykejarnet i fleecen.... Klassisk nybyrjartabbe...

Denne fleecejakken var eigentleg tenkt som ei gåve, men den spaserte dermed fint inn i klesskåpet til størsteguten. Som var godt nøgd med dét :)

Mønster frå Ottobre 4/10.
Stoff frå Stoff og Stil.



onsdag 20. oktober 2010

I fyr og flamme!


Sidan storeguten framleis vert begeistra for heimesydde plagg må eg jo nytte sjansen til å sy nokre litt tøffe plagg. Så vert det kanskje kult med heimesydd i framtida óg...?

Denne velourjakken likte han i alle fall svært så godt, og den passa perfekt sjølv om eg sydde i ein størrelse større enn han pleier bruke.
Framme er den heilt einsfarga svart, med svart, grov glidelås. Flammane på ryggen er av gul og oransje stretchvelour.

Mønster frå Ottobre 4/10.
Stoff frå Stoff og Stil.

torsdag 20. mai 2010

Ein sprettande snegl!

Sniglesprett 1

Ny gensar til minstejenta igjen!

Sniglesprett 2

Idéen til denne applikasjonen kjem frå ein god kollega;  Dette er rett og slett symbolet for den eine avdelinga i barnehagen.  Sjølvsagt er det på denne avdelinga minstejenta går.

Mønsteret eg har brukt er frå Stoff og Stil.

Turkise flodhestar frå Jofotex, lys rosa ribb og rosa velour frå Stoff og Stil.

Minstejenta er ikkje særlig glad i å stille opp framfor kamera, ho vil mykje heller ha tak i kameraet sjølve… Så her ser du ei ganske så fornærma jente som raskt pønskar ut ein passande hemn; Rote i oska i omnen!

Sniglesprett 3  Sniglesprett 4

lørdag 24. april 2010

Genser og skjørt til minstejenta




Det er visst minstejenta som stikk av med dei fleste heimesydde kleda for tida...

Desse var ikkje tenkt som eit sett i utgangspunktet, men dei passar kanskje litt saman likevel...?



Genser i raud JNY skyvelour frå Cethodesigns.no. Applikasjon av velour-restar.

Vendbart skjørt i uglestoff fra Textart, babycord frå Stoff og Stil. Raud JNY skyjersey på den sida som her ikkje er synleg.